ULLA



 Ullahammaren 1882

Startside
Presentasjon
Diktsamling
Stadnamn
Fiskebåtar
Ullahammar
Ulla-garden
Ulla-nausta
Vålen
Ulla fyr
Ulla skule
Kulturliv
Næringsliv
Samferdsel
Losar på Ulla
Dialekt


 









Stadnamna på Ulla


Stadnamn med uttale Foto
Forklaring
Andersåkeren
(h'anders-h'åker'n)

Gamal åker vest for Ullatunet.  Ingen kjenner staden.
Arhaugen
(h'ar'au'n)
Foto
Haug sørvest for fyret på Kvernholmen.  Tyder ørnehaugen.  Før fyret vart bygd i 1873, var der ei stong med signalkule på.
Baren
(bar'n)
Foto
Ytste berget på Ullaholmen.
Bjørnebben
(bjørn'ebbinnj)
Foto

Stein med stong på, like utanfor Naustneset.
Bjørnsonprofilen
(bjørnsånprofil'n)
Foto
Karakteristisk fjellformasjon i Ullahornet.  Når du står om lag 15 meter nede i gjølet aust for Ullahornet, ser du profilen av Bjørnstjerne Bjørnson med Ullahammaren rett under.  Luftig.
Blåbærheldet
(blåbær'elda)
Foto
Noko bratt fjellside ovanfor Helsteinen aust for Vålen.  Gangbar heilt opp på fjellet.  Kari-garden br.nr. 8.
Bonden
(bon'n)
Foto
Stein i sjøen, aust for Negardsstøa.  Lenge var der ei stong på steinen.  Bonden var nytta til å feste utfar for trerongen som ein rodde til Ullaholmen for å mjølke med.
Brennevinssteinane
(brennjevinstein'anje)
Foto
Foto
Store steinar i Lia i bytelinja mellom Haram og Ulla.  Gutane frå Haram og Ulla møttest der i juletida og spanderte brennevin på kvarandre.
Brisingberget
(brisingberje)
Foto
Vestlege bergknaus på Ullahammaren.  Brukte å brenne jonsokbål der før i tida.  Seinare vart bålbrenninga flytta til Vålhaugen.  Negard br.nr. 5.
Demma
(demmå)
Foto
Tidlegare ope vatn søraust for Vålhaugen.  Leikeplass på isen om vinteren.  No tilgrodd. Mail-garden br.nr. 4.
Durdabakken
(durdabakkjinnj)
Foto
Grasgrodd bakke ved Stabben i Lia.  Stor som eit stovegolv. Nokre karar i Ullahammaren hausta gras der til vinterfor.  Kvinnfolka dyrka kålrabi der.
Dysjahaugen
(dysja'au'n)
Foto
Gamal åker.  Tørr sandgrunn nordvest for skulehuset på Ulla.  I dagleg tale:  Dysa.  Gamlekarane sa alltid "dysja'au'n".  Dys - namnet tyder på gamal gravplass. Negard br.nr. 5.
Fausken
(fauskjinnj)
Foto
Skjer utanfor Ullaholmen.
Feragåshola
(færigås'ølå)
Foto
Like ned for hamrane under Ullahornet.  Stølshaugane nedanfor. Jo-garden br.nr. 6.
Fiskeberga
(feskeberja)
Foto
Foto
Berg vestanfor Tangvika.  Der vart det tørka fisk i gamle dagar. Mette-garden br.no. 1.
Fjellvegen
(fjellvei'n)
Foto
Frå bygdevegen på skrå i fjellsida til dyrkingsfeltet på fjellet og vidare innover fjellet til Haramsskaret, og til bygdevegen på Haram.  Ferdig i 1982.
Fjøsremma
(fjøsrimma)
Foto
Tørr steinrem ovanfor Mjeltestøa.  Registrert gravhaug om lag 8 meter i tverrmål. Lars-garden br.nr.  7.
Fonna
(fønnja)
Foto
På austsida av Blåbærheldet.  Der går snøfonn somme år. Lars-garden br.nr. 7.
Frøysteinen
(frøstein'n)
Foto
Mannshøg stein aust for Ullatunet.  Aust og vest for steinen er det tørre sandvollar. Ingeleiv-garden br.nr. 10.
Gamle-hagaren
(gamle-'agar'n)
Foto
Gamal steingard ytst i Håvika.  Oppmura for å hindre dyra å fare lenger inn gjennom stranda. Sjur-garden br.nr. 9.
Garden
(gar'n)
Foto
Namn brukt om Ulla-tunet.  Det heiter:  Heime i garden ('eimi gar'n).
Gardskrea
(gardskrejå)
Foto
Skred-jord.    Gamal slåttemark mellom Vålnipa og Ullahornet. Sjur-garden br.nr. 9.
Geitapina
(jeitapinå)
Foto
I Hamrane i Vålnipa.  Vanskeleg for geita å kome levande derifrå. Sjur-garden br.nr. 9.
Gjerdebakken
(jærebakkjinnj)
Foto
Noko bratt bakke i heile Gjerde-området. Jo-garden br.nr. 6 og Sjur-garden br.nr. 9.
Gjerdet
(jære)
Foto
Området austanfor Ullahammaren innover til Vålhaugen.
Gneddene
(gneddne)
Foto
Bergknausane på nordre side av Ullahammaren. Fiskarane nyttar Gneddene som méd på sjøen.  Utkiksplass for losane.
Godvatnet
(go'vatne)
Foto
Vasskjelde i Ullastranda ovanfor Langneset.  Denne vasskjelda har aldri vore tørrlagt. Negard br.nr. 5.
Grisevågen
(grisevåjinnj)
Foto
Område på nordvest sida av Naustneset. Grisar vart tekne i båt her og førde til Ullaholmen i gamle dagar. Ingeleiv-garden br.nr. 10.
Grjøtet
(grjøte)
Foto
Storgrytt stein i fjøra utanfor Råvika. Negard br.nr. 5, Jo-garden br.nr. 6 og Sjur-garden br.nr. 9.
Grova
(grova)
Foto
Tidlagare opa grøft der vatnet rann ut aust for Laugarberget.  No attsett frå vegen til sjøs. Jo-garden br.nr. 6, Sjur-garden br.nr. 9 og Ingeleiv-garden br.nr. 10.
Hagardsura
('agars'hura)
Foto
I Ullastranda ovanfor Langneset og Gamle-Hagarden.  Stor ur under bratte hamrar. Jo-garden br.nr. 6 og Ingeleiv-garden br.nr. 10.
Hallsteingjølet
('allsteinjyle)
Foto
Andre gjølet aust for Hagardsura.  Der har vore teke kleberstein. Jo-garden br.nr. 6,
Halvesået
('alvesåe)

Namn på ein gammal åker frå før jordskifte-tida.  Ingen veit staden no.
Hammaren
('ammer'n)
Foto
Forkorting av Ullahammaren.  Det heiter:  Inni Hammaren (innji 'ammer'n).
Haugen
('au'n)
Foto
Høgaste platået i Ullahammaren.  På reguleringskartet merka som friområde.
Hegreomnen
('egre'hømna)
Foto
Bratte hamrar nedst i Ullahornet. Negard br.nr. 5.
Hegreryggen
('egreryjinnj)
Foto
Bratte hamrar aust for Vålskredgjølet. Mali-garden br.nr. 4.
Helsteinen
('elstein'n)
Foto
Stor stein aust for Vålhaugen.  Etter gamal segn var det to mann som fraus i hel der. Kari-garden br.nr. 8.
Hestevollen
('estevøllj'n)
Foto
Anna namn på Nonshaugen.  Hestar frå Haram beita der i gamle dagar.
Hildrestigen
('ildresti'n)
Foto
Ovanfor Lihaugen.  Utkiksplass for losar i gamle dagar. Kari-garden br.nr. 8.
Hornbakken
('ønnjbakkjinnj)
Foto
Noko bratt fjellskråning på nordvest sida av Ullahornet.  Ved Hornbakken er det restar etter gamle fjøsmurar.
Horngjølet
('ønnj'jyle)
Foto
Bratt gjøl på austsida av Ullahornet. Sjur-garden br.nr. 9.
Hornhammaren
('ønnj'ammarn)
Foto
Høg knaus mellom Kvalvika og Grjøtet.  Vakthytta på toppen.
Hornvegen, inste
('ønnjvei'n)
Foto
Gammal rås for kjentfolk frå Ullahornet til Gardskreå.  Tilgrodd med kratt.
Hornvegen, ytste
('ønnjvei'n)
Foto
Gangsti frå Ferigåshola på vestsida av Ullahornet.  På skrå opp til Storsletta.
Håvika
('åvikja)
Foto
Vika utanfor Håneset.  Ein gammal steingard syner utmarksbyte mellom Ulla og Haram.. Ulla eig fjellsida vest for bytelinja.
Håneset
('ånese)
Foto
Stort, høgt nes aust for Håvika.  Hå tyder høgt.
Julebuda
(julebuda)
Foto
Foto
Stor mosegrodd gul stein i fjøra ved Ulla.  Er også kalla Gulebuda. Mette-garden br.nr. 1.
Katagjølet
(kattajyle)
Foto
Gjøl eller hellar på nordsida av Torvhaugane.  Torvhaugane bortsprengde i 1968 til molofylling. Mali-garden br.nr. 4.
Katagjølsanden
(kattajylsan'n)
Foto
Fjøresand nedanfor Katagjølet. Også kalla Sandvika. Fin lun vik med lita sandstrand. 
Mali-garden br.nr. 4.

Kjeila
(kjeilå)

Foto
Lita vik i nordvest-delen av Ullaholmen.  Bra tilflot for færingar, også i låg sjø. Mette-garden br.nr. 1
Kjøvesundet
(kjøvesynde)
Foto
Smalt sund nedanfor Lihaugen. Kari-garden br.nr. 8.
Kjøvesundskjeret
(kjøvesyndsjere)
Foto
Ved Kjøvesundet.  Før i tida samlast flokkar av skarv på skjeret der.
Klivet
(klive)
Foto
I Lia, sør for Lihaugen. Ved Nova.
Klungrebakken
(klungrebakkjinnj)
Foto
Bakke, rem med hard grunn.  Nedanfor neste kvernhuset. Mette-garden br.nr. 1.
Klæberget
(klæberje)
Foto
Berg ved skulehuset på Ulla.  Var det klævask i elva i gamle dagar, så var tørkeplassen på Klæberget.
Kobben
(købbinnj)
Foto
Foto
Stein i fjellsida ovanfor Hildrestigen.  Liknar ein kobb på eit skjer.  Utkiksplass for losar i gamal tid. Kari-garden br.nr. 8.
Krogsholmane
(kroks'ølmanje)
Foto
Holmar aust for Ullahammaren.  Den største holmen er bytt mellom der 8 gardane på Ulla.
Kroken
(krokjinnj)
Foto
Området mellom høgste Nausthaugen og nausta.  Gamal åkerjord, om lag fire dekar. Ingeleiv-garden br.nr. 10.
Kvalvika
(kvalvikja)
Foto
Vik på sørsida av Hornhammaren. Kari-garden br.nr. 8.
Kvalvikreset
(kvalvikrise)
Foto
Reset mellom Kvalvika og Grjøtet. Negard br.nr. 5 og Jo-garden br.nr. 6.
Kverna
(kvennja)
Foto
Eit skjer like utanfor Kvernholmen.  Skjeret kan likne på ein kvernstein med auge.  Derav namnet Kvernholmen.
Kvernholmen
(kjennj'ølminnj)
Foto
Holme med Ulla fyr.
Kvernholmsundet
(kvennj'ølmsynde)
Foto
Sund med bru over til Kvernholmen.  Brua var ferdig i 1965.
Kvernhusteigane
(kvennj'usteiganje)
Foto
Små teigar nordvest for kvernhusa for eventuelt feste av løypestreng frå fjellet.
Kvernhusvegen
(kvennj'usvei'n)
Foto
Veggrunn frå bygdevegen til kvernhusa.
Kvilarhella
(kviler'elljå)
Foto
Kvileplass på kyrkjevegen til fjellet, ved bergknausen like aust for elva. Mette-garden br.nr. 1
Kyrkjevegen
(kjerkjevei'n)
Foto
Gangrås den tida kyrkja var på Haram.  Rås frå øvste kvernhusa på skrå i fjellsida.
Laksen
(laks'n)
Foto
Ein kvit flekk oppe i bergsida, sør for Lihaugen.  Liknar ein laks som stuper. Kari-garden br.nr. 8
Langeneset
(långenese)
Foto
Svaberg som skjer i nordaustleg retning mellom Grjøtet og Kvernholmsundet. Mali-garden br.nr. 4
Langeneset
(långenese)
Foto
I Ullastranda, nedanfor Hagarden. Negard br.nr. 5
Laugarberget
(lauarberje)
Foto
Badeplass nordvest for Ullahammaren.  Å lauge seg tyder å bade. Ingeleiv-garden br.nr. 10
Lausøyra
(laus'høyrå)
Foto
Omflødd grusøyr søraust for Ullaholmen.  Moloen til Flem går over Lausøyra.
Legebakken
(legebakkji'nnj)
Foto
Bratt bakke på bygdevegen utanfor Hagardsura. Ingeleiv-garden br.nr. 10
Legene
(leginje)
Foto
Tørrlendt plass ved urane utanfor Legebakken.  Kvileplass for kyr og hestar. Lars-garden br.nr. 7
Leitet
(leite)
Foto
Ovanfor Brisingberget.  Bygdevegen går over Leitet. Negard br.nr. 5
Lihaugen
(li'au'n)
Foto
Gangråsa til Lia går over Lihaugen.  Vest for Hornhammaren. Kari-garden br.nr. 8
Litleøyra
(lisjehøyra)
Foto
Låglendt øyr nordaust på Ullaholmen. Sjur-garden br.nr. 9
Løegfyret
(løkfyr'n)
Foto
Gamalt fyrhus bygd i 1882.  Nedbrent i 1980.  Ved hovudvegen i Gjerdet.
Løyndefallet
(løyndefallje)
Foto
Foto
Fall like utanfor Kvernholmen.
Maliflæa
(maliflæå)
Foto
Lita flat flud sør for båtstøene ved Ullanausta.
Mjelteneset
(mjeltenese)
Foto
Nes på sørvest sida av Ullaholmen.  Bra tilflot med færing, også ved fjøre sjø. Jo-garden br.nr. 6 og Ingeleiv-garden br.nr. 10
Mjeltestøa
(mjeltestøa)
Foto
Stø og landgangs-vør ved Mjelteneset den tida ein førde kyr over til Ullaholmen. Lars-garden br.nr. 7
Motgangen
(motgånji'nnj)
Foto
Flud som er komen inn i moloen som går til Naustskjeret.
Morteberget
(morteberje)
Foto
Morteberget var fremst framme i småbåthamna.  Bortsprengt og rydda i mars 1983.
Mækjevika
(mækjevikja)
Foto
Lasteplass for opne båtar som førde brenntorv frå Ullaholmen. Mette-garden br.nr. 1 og Kari-garden br.nr. 8
Måshaugen
(måse'au'n)
Foto
Grasgrodde haugar på vestre del av Ullaholmen. Mali-garden br.nr. 4
Nausthaugen
(naust'au'n)
Foto
Høgste haugen på Naustneset. Ingeleiv-garden br.nr. 10
Naustneset
(naustnese)
Foto
Berglendt terreng.  Nausta og støene er plasserte på austsida av Naustneset. Ingeleiv-garden br.nr. 10
Naustskjeret
(naustsjere)
Foto
Skjer midt i Ullasundet.  Tidlegare fyrlykt.  No endepunkt for moloen og feste for bru-kar.
Nonshaugen
(nons'au'n)
Foto
Såvidt synleg frå det gamle tunet på Ulla.  Frå tunet her ser ein sola rett over Nonshaugen når klokka er 15.  Frå gammalt var middagsmåltidet klokka 15.
Nova
(nøva)
Foto
Bratt fjellskråning frå Lihaugen til fjellbruna. Nov tyder hjørnet på eit hus der veggstokkane er  samanfelte i eit lafta tømmerhus.  Kari-garden br.nr. 8
Nygjerde
(nyjære)
Foto
Nokre smale slåtteteigar utanfor Vålhaugen.  No beitemark.
Påskestova
(påskestøvå)
Foto
Foto
Liten hellar på utsida av Hornhammaren  Gammal skikk at gutane skulle leie tenestejentene til Påskestova på julaftan.  Manndomsprøve.
Remma
(rimma)
Foto
Strekninga frå Leitet og utvoer ovanfor tunet til husa på Negard. Jo-garden br.nr. 6, Lars-garden br.nr. 7, Sjur-garden br.nr. 9  og Ingeleiv-garden br.nr. 10
Renna
(rennjå)
Foto
Renna vart oppgraven i 1882 gjennom Lausøyra for å lage kortare veg til fiskeplassane på nordsida av Ullaholmen.  Attrausa av moloen frå Flem i 1968.
Ronga
(rångja)
Foto
Steinut grunne like aust for Ullaholmen.  God fiskeplass for hummar.
Rotnøyra
(røtt'n'høyra)
Foto
Øyr på nordsida av Ullaholmen.  Ved springflo nærpå overflødd. Negard br.nr. 5
Rysteinen
(rystei'n)
Foto
Stor stein i fjøra nedfor Ullatunet. Tørr i fjøre sjø, om lag to meter høg. Ingeleiv-garden br.nr. 10
Råvika
(råvikja)
Foto
Stor vik med sandstrand innanfor Hornhammaren.
Råviksbakken
(råviksbakkjinnj)
Foto
Bratt bakke ovanfor Råvika. Mali-garden br.nr.4 og Lars-garden br.nr. 7
Sjurøyra
(sjur'høyra)
Foto
Inst på Ullaholmen, bra beite, høyrer til Sjur-garden. Sjur-garden br.nr. 9
Skata
(skatå)
Foto
Foto
Stein sørvest for Bjørnebben.
Skjølda
(sjølda)
Foto
Bratt fjellside ovanfor Råvika.  Noko er hamrar, noko er gammal fjellslått. Mali-garden br.nr.4 og Lars-garden br.nr. 7
Skutvika
(skutevikja)
Foto
Vik på nordvest-sida av Ullaholmen.  Lasteplass for opne båtar som førde torv til Ulla.
Skåkja
(skåkja)
Foto
Foto
Skjer nord for Kvernholmen.
Smihola
(smi'ølå)
Foto
Myskja-Lars, Lars Olson Ulla, (1771-1849) som var gift i Ingeleiv-garden, hadde ei lita smie ved fjøra nedanfor Frøysteinen.
Smogura
(smøg'hura)
Foto
I Lia sør for Stabben.  Namnet lite i bruk no. Står i protokollen for jordskiftet.
Småberga
(småberja)
Foto
Berglendt område utanfor Ullahammaren.  Tidlegare nytta som slåttemark, no beitemark. Ingeleiv-garden br.nr. 10
Småskjera
(småsjera)
Foto
To små skjer nordvest for Ullaholmen.
Stabben
(stabbi'nnj)
Foto
Høg og bratt bergstabbe ved fjellfoten i Lia.
Stabben
(stabbi'nnj)
Foto
Bergknaus ved fjellfoten av Ullahornet, medtvegs mellom Feragåshola og Hegreomnen. Ingeleiv-garden br.nr. 10
Stabbegjølet
(stabbejyle)
Foto
I Lia like sør for Stabben.  Ein kanal for fløvatn har avlaup ved Stabbegjølet.
Store-Korssteinen
(store-kørsstei'n)
Foto
Ligg i fjellrøra vest for Ullahornet. Sjur-garden br.nr. 9
Storsletta
(storslettå)
Foto
Gammal fjellslette midt i Ullahornet.  Graset vart lagt i garn og velta utfor hamrane.
Storsteinen
(storestei'n)
Foto
Bergknaus nordaust for Torvhaugane, ved sjøen, om lag 5 meter høg og 7 meter i tverrmål. Mali-garden br.nr. 4
Storura
(stor'hura)
Foto
Ur på utsida av Ullahornet.
Storøyra
(stor'høyra)
Foto
Steinut område på nordsida av Ullaholmen.
Stølen
(støl'n)
Foto
Høgste remma på Ullaholmen.  Tørr grusrem der kyrne ofte låg. Negard br.nr. 5, Jo-garden br.nr. 6 og Ingeleiv-garden br.nr. 10
Stølshaugane
(støls'auanje)
Foto
Området ovanfor Sjur-stova og Jo-stova.  Truleg nytta som støl ein gong i tida. Jo-garden br.nr. 6 og Ingeleiv-garden br.nr. 10
Svarteskjeret
(svartesjere)
Foto
Stort høgt skjer på nordaust-sida av Ullaholmen.
Svarteskjeret
(svartesjere)
Foto
Foto
Stort svart skjer inst i Råvika. Mali-garden br.nr. 4
Sveinungen
(sveinonjinnj)
Foto
Elvekrok der Ulla-elva gjer ein tverr sving i nordaustleg retning. Mette-garden br.nr. 1 og Kari-garden br.nr. 8
Tangvika
(tångvikja)
Foto
Vik aust for Fiskeberga.  Kvar av gardbrukarane hadde tarestykkje der.
Tangvikvegen
(tångvikvei'n)
Foto
Køyreveg frå bygdevegen til Tangvika.
Teistura
(teist'hura)
Foto
I området ved Storøyra på nordsida av Ullaholmen.  Teisten fann reirplass der.
Tevlingane
(tevlinganje)
Foto
Området ligg ovanfor tunet i Mettegarden.  Gamle kornåkrar.  Området nytta til kappestrid i skuronna.  Tevle tyder å konkurrere. Mette-garden br.nr. 1
Tomren
(tomren)
Foto
Tun like innanfor Helsteinen.  Uthuset her var gammal saltebud ved Vålhaugen. Tomren br.nr. 32
Torvhaugane
(tørv'auanje)
Foto
Ligg på nordsida av bygdevegen som går til Råvika.  Mykje berg bortsprengt her til molo i 1968, Ullasund-brua. Mali-garden br.nr. 4
Ulla
(h'ullja)
Foto
Bygd på nordsida av Haramsøya, ut mot havet.  Gammal busetnad, fiskevær, handelsstad, losstasjon og gardsbruk.
Ulladalen
(h'ulljadal'n)
Foto
Namnet er brukt om lægda oppe på fjellet der Ullaelva renn.
Ullaelva
(h'ulljah’elva)
Foto
Frå fjellet ned fjellsida, forbi kvenhusa og forbi Ullatunet og skulehuset.  Så langt ein veit har ingen tørkebolk eller sprengkulde stogga denne vasskjelda her.
Ulla fyr
(h'ullja fyr)
Foto
Staten kjøpte Kvernholmen og bygde fyr der i 1874.  Nybygd fyr i 1950.  Automatisert i 1975.
Ullahammar
(h'ullja'ammer'n)
Foto
Gammal handelsstad  I dagleg tale berre kalla Hammaren ('ammer'n).  Det heiter inni Hammaren  (innji 'ammern).  Fiskevær.  Fastbuande folk frå 1770-åra.
Ullahornet
(h'ullja'ønnje)
Foto
Foto
Høgste fjelltoppen ovanfor tunet på Ulla.  Høgde om lag 320 meter.
Vågen
(våjinnj)
Foto
Grunn våg på nordsida av Ullaholmen.
Vålhaugen
(vål'au'n)
Foto
Haug nedanfor Vålnipa, nedanfor vegen. Mette-garden br.nr. 1
Vålnipa
(vålnipå)
Foto
Foto
Bratte hamrar i fjellet ovanfor Vålhaugen.  Hekkeplass for måsar. Sjur-garden br.nr. 9
Vålskredgjølet
(vålskrejyle)
Foto
Bratt, trangt gjøl på austsida av Vålnipa.  Somme år går det snøfonn der. Mette-garden br.nr. 1
Ytregardsbakken
('hytregarsbakkjinnj)
Foto
Noko bratt bakke søraust for Torvhaugane. Mette-garden br.nr. 1 og Mali-garden br.nr. 4
Ångletaska
('hångletaskå)
Foto
Foto
Flud med stong på nordvest for brufeste på Naustskjeret.
Årøyane
('hårøyanje)
Foto
Markteig vest for Dysjahaugen.  Gamle åkrar. Mette-garden br.nr. 1

Gå til toppen