ULLA



 Ullahammaren 1882

Startside
Presentasjon
Diktsamling
Stadnamn
Fiskebåtar
Ullahammar
Ulla-garden
Ulla-nausta
Vålen
Ulla fyr
Ulla skule
Kulturliv
Næringsliv
Samferdsel
Losar på Ulla
Dialekt



 









Kort historie


U L L A H A M M A R E N

Frå slutten av 1700-talet og utover til 1880-90 var Ullahammaren ein kjend handelsstad og samlingsplass for fiskarane frå øyane og fjordane på Sunnmøre og i Romsdal. Det var naturleg at eit lite sentrum voks fram her, først og fremst fordi det var så kort veg ut til fiskefelta. Men også hamnetilhøva var etter måten bra, sjølv om det var for grunt til å leggje til med større båtar ved dei store sjøbuene langs strandkanten. I si glansperiode var det stor aktivitet i Ullahammaren. Der var mykje handel med fisk, tranbrenneri, butikkar, brennevinsutsal, skomakar, bakeri, smie og losstasjon. 
Losane hadde sitt virke på Ulla frå om lag 1770 til 1939 då den siste losen slutta. Losane vakta vel på om det låg skip i havet og venta på los. Det var ofte konkurranse med Vigra-losane og Flems-losane om å få losoppdrag. Derfor hadde losane på Ulla sine faste utkiksplassar der dei speida etter skip. Losane hadde mange strie tørnar med å lose skutene trygt fram, ofte i dårleg ver, over lange strekningar både sørover leia og nordover heilt til Trondheim.  Den gamle los-sjøbua som var ein del av handelsstaden sitt midtpunkt, er no restaurert og har fått to rorbuhusvære med høg standard. Den gamle delen av sjøbua ligg mellom dei to husværa. Den gamle delen med vindehuset og gamle godt bevarte reiskapar blir nytta som fellesareal med historisk atmosfære. Denne sjøbua har no fått namnet Ulla Havsportssenter og er ei perle for dei som ynskjer å søkje ro og fred i kombinasjon med havfiske, sportsdykking, fri dykking, fiske, hummar / krabbe fangst, turgåing i fjell og fjøre eller sykkelturar på Haramsøy og Flemsøy.


U L L A - G A R D E N

Det gamle Ulla-tunet var eit typisk klyngjetun. Til saman 40 bygningar var samla på eit område på 80 x 90 meter. Husa i Ulla-tunet låg så tett at det mange stader var mindre enn ein meter mellom veggane. Tunet låg nær sjøen, og berre få meter frå Ulla-elva som gav vatn til matlaging og vasking av hus og klede. Tidlegare var det også fisk i elva. Frå Ulla-tunet var det kort veg å gå til nausta som ligg nokre hundre meter frå husklyngja.  På denne måten hadde gardbrukarane på Ulla ein praktisk og etter måten lettvint kvardag med kort avstand til markane, elva, nausta og saltebuene, kvernhusa som låg ved fjellfoten og sjøen med fiskeriet som ei viktig attåtnæring.  I april 1849 skjedde det katastofale at det vart brann i Ulla-tunet. Alle husa brann ned til grunnen med unnatak av eit par bygningar. Med mykje energi og glød gjekk Ulla-bøndene i gong med å setje opp att bygningane på same tuftene. Det var vanskeleg å få tak i material, og nokre hus vart kjøpte andre stader. Dei vart frakta sjøvegen til Ulla og sette opp att der. Utskiftinga av jorda på Ulla skjedde frå om lag 1880.  Fire av dei åtte gardane vart flytta ut frå klyngjetunet fra 1892 til 1898, ein gard i 1926, ein i 1957 medan dei to siste gardane vart verande på dei opphavlege tuftene.  I dag er drifta av dei fleste gardane på Ulla nedlagt.


U L L A - N A U S T A

I og med at gardane på Ulla låg heilt ut mot havet, var det naturleg at ein utnytta dei ressursane som havet kunne gje. Derfor hadde gardbrukarane fisket som sin andre leveveg. Nausta er plasserte på austsida av Naustneset i ly for storbåra med støer mot aust. Nausta er plasserte i ei rekkje. To gonger har stormen øydelagt naustrekkja, i 1972 og 1992. Begge gongene har nausta blitt sette i stand att. Det er i dag til saman 9 naust som står att. Dei eldste nausta er truleg frå om lag 1650. I tillegg til at kvar gard hadde sitt eige naust, hadde dei også ei saltebu der fisken var stelt og lagra. I dag er det berre ei saltebu att. Eitt av dei opphavlege nausta er borte.  Dei store nausta var 19 x 6,5 meter og gav plass til to åttringar, medan dei små nausta hadde plass til to færingar.  Når Ulla-karane kom inn Ulla-sundet med båten full av fisk, var det om å gjere å få fisken til lands og opp i saltebuene.  Der blei fisken verka og stelt, salta og lagt i la.  Dette var kvinnfolkarbeid.  Når tida var inne, blei fisken frakta ut på Fiskeberga (klippene) utanfor Naustneset. Der vart fisken lagt til tørk.  Klippfisk som var tørka i sol og vind på naturleg måte, var eit kvalitetsprodukt.


U L L A  F Y R

Den sterkast utbygginga av fyr i Noreg skjedde i siste halvdel av 1800-talet, og det var nett i denne tida at det vart lagt fram planar om bygging av fyr på Ulla. Ein av grunnane til at det kom fart i planane om bygging av eit fyr på Ulla, var ei stor ulukke som skjedde i innløpet av Ullasundet den 2. mars 1869. 18 mann omkom denne dagen. 
Ulla fyr på Kvernholmen vart opna og sett i drift 25. januar 1874. Det var ein såkalla familiestasjon der fyrvaktaren og familien hans budde fast. Den 24. oktober 1944 vart Ulla fyr bomba og totalt øydelagt. Det var provisorisk fyrlykt på Kvernholmen fram til 1949 då det vart bygt nytt fyr, denne gongen i betong slik at det skulle vere sterkt nok til å tåle alle slags vertilhøve. Storleik, styrke og utstyr var elles som Ulla fyr før det vart bomba. Det vart bygt nytt våningshus med to husvære med plass til både fyrvaktaren og assistenten hans. I 1965 vart det bygt gangbru frå Haramsøy over til Ulla fyr på Kvernholmen. Ulla fyr vart automatisert i 1978.  Siste fyrmeisteren slutta i 1994, og etter den tid har det ikkje vore fastbuande på Kvernholmen.  Ulla fyr vart freda i 2000 saman med 83 andre fyr i Noreg.   Ulla fyr er eit populært turmål.  Det er høveleg gangavstand frå Ulla.  På fyret kan du sjå ut over Norskehavet og langt nordover og sørover.  Dette er ei spesiell naturoppleving anten det er sol og fint ver eller storm og storbåra bryt over berga.


Gå til toppen