ULLA



 Ullahammaren 1882

Startside
Presentasjon
Diktsamling
Stadnamn
Fiskebåtar
Ullahammar
Ulla-garden
Ulla-nausta
Vålen
Ulla fyr
Ulla skule
Kulturliv
Næringsliv
Samferdsel
Losar på Ulla
Dialekt


 









Tarebrenning


Tarefjøra

 

I fjøra på Ulla kom det årvisst i land mykje tare etter uversbolkar om hausten og vinteren.  Taren la seg ofte som store stål i Tangvika utanfor Naustneset og frå nausta og innover mot Laugarberget.  Gardbrukarane på Ulla laga store kompostdungar av tare, mold og husdyrgjødsel.  Det vart mykje køyring med hest og vogn etter vegen like ved Skulehuset.




Tarefjøra vart bytt (delt) kvar haust.  Etter 14. oktober hadde ingen lov til å køyre tare før ny byting var kome i orden.  Ny byting vil seie ny plassering av dei einskilde tarestykkja, slik at til dømes dei som hadde sitt tarestykkje lengst sør eitt år, han kom neste år lengst nord.  Sjølve bytinga gjekk føre seg etter ein gammal metode, det gjekk lenger attende i tida enn nokon av gamlekarane kunne minnast.   På Ulla var i alt seks tareskifte som skulde bytast slik at kvart bruk fekk sin lut i tareskifta.  Det var to tareskifte aust for elva, to skifte frå elva til båtstøene, eitt tareskifte i båtstøene og eitt skifte i Tangvika.



Tarestykka for dei 8 gardane slik dei var plasserte i denne rekkjefølgja med tilhøyrande bumerke:







For dei seks tareskifta var det faste merke.  Dei åtte gardsbruka hadde ikkje same jordvidde.  Til sjølve delinga hadde dei ei stong for kvart bruk med tilmåta lengde i samsvar med bruket si jordvidde.  Så slo dei nabbar i marka slik at dei kunne sikte inn bytelinja mellom kvart tarestykkje.  På nabbane var det innskore bumerke.  Gamlekarane var påpasselege med tarebytinga, og den vart greit gjennomført.  Plasseringa av tarestykkja skifte for kvart år, til dømes ein som hadde søre båtstø eitt år, kom neste år lengst nord, men rekkjefølgja var som vist ovanfor.





Kvart tarestykkje var målt ut med ei stong.  Lengda på stonga var i høve til skylda garden hadde.  Gamal skyld på Ulla, g.nr 10 i Haram var 14 våg.  Eldre skyld:  Mellag.  Oversikt over gardane på Ulla ut frå storleik:





Om våren vart taren lagt i store dungar på berga til tørking.  Når taren var tørr, vart den brent.  Oska vart samla opp i sekkar og selt til medisinske føremål.  Dette var ei viktig næring attåt gardsdrifta og fiskeriet for Ulla-karane.  Gustav Vebjørn Johanson Ulla var handelsmann i Ullahammaren, og han var agent for eit firma som heitte Vest-Norges Chemiske Fabrikk på Ogna på Jæren i Rogaland.  Han selde tareoska for Ulla-bøndene.  Det blir sagt at tareoska vart nytta til produksjon av jod.  Før tareoska vart levert frå Ulla, vart den lagra i Storebuda (brenneriet) i Ullahammaren.  Der stod det til tider haugevis med sekker fulle av tareoske i svalgangane.

 

Elles var taren ei god tilsetjing til jorda, og nytta til gjødsel.  Blanda med jord til kompost vart den gode Ulla-jorda endå meir næringsrik. 

 

Siste tarebytinga på Ulla var i 1939.




Gå til toppen