Ingeleiv - Sevrin
Farbror min
heitte
Sevrin G. Ulla
og
var odelsgut i Ingeleiv-garden. Han vart kalla
Ingeleiv-Sevrin. Dette var ein vanleg måte å
bruke
namn på. Såleis var det namn som
Lars-Kåre,
Mali-Sevrin og Sjur-Johan på Ulla. Sevrin var ungkar
og
siste brukar av Ingeleiv-garden. Han var fødd i
1909 og
vart 80 år gammal. Han dreiv garden i dei same
bygningane
som han tok over, og bustadhuset var det einaste som stod att
frå
det gamle Ulla-tunet som vart bygt opp att etter brannen i
1849.
Gardsdrifta var på gamlemåten, men hesten vart
skifta ut
med traktor i 1958. Det var ein Ferguson, "Gråtass",
som
han hadde heilt til han avvikla gardsdrifta i 1976-1978.
Elles la
han om til silofor og hadde forhaustar saman med gode naboar.
Då Sevrin vart pensjonist, fekk han
tid til
å ta opp att
gamle interesser som musikk og kulturhistorie. Han tok
fram den
gamle fela som han arva frå bestefaren sin, Sevrin
Guttormson
Ulla, og spelte til husbruk og på
pensjonistfestar. I Haram
kulturhistoriske lag var han svært aktiv, og han hadde
uvanleg
gode evner til å dokumentere skriftleg den kunnskapen
han hadde
tileigna seg. Denne dokumentasjonen har eg teke vare
på, og
mykje at innhaldet i denne nettsida mi byggjer på det
som Sevrin
har nedteikna.
Nedanfor ser du foto av torvsjå,
løe,
bustadhus og
stabbur. Løa og bustadhuset vart totalskada i
orkanen 1.
nyttårsdag 1992. Torvsjå og stabbur stod att
og
bustadhuset vart bygt opp att nytt slik det står i dag.
Alle
foto:
Knut Hallvard
Ulla - 1976