Sommaren
1976 var
eg på sykkel-tur til Haram midt i slåttonna. I
Arne-garden
var dei fire søskena i full gong med hesjing. Eg kjende
dei
frå før, og stansa og slo av ein prat. Eg
nytta
sjølvsagt høvet til å fotografere dei
medan dei var
i aksjon. No kan eg presentere ein unik serie med
fotografi
frå eit av dei siste åra den velrenomerte garden
var i
drift. I Arne-garden var dei 12 søsken. Berre to
av dei
var gifte; Petra og Oline som begge vart gifte på
Valderøya. Dei 10 andre budde og dreiv garden
saman
på Haram. I 1976 var dei fem søsken att:
Petra
(1896-1983), Kristi
(1900-1997), Johan (1901-1987), Hans (1904-1981) og Karl
(Kalla)
(1907-1998).
Elles på bilda er desse med:
Karl K.
Haram (Sjur-Kalla), John Georg Larsen, Harald Haram og Ola
Brox.