ULLA



 Ullahammaren 1882

Startside
Presentasjon
Diktsamling
Stadnamn
Fiskebåtar
Ullahammar
Ulla-garden
Ulla-nausta
Vålen
Ulla fyr
Ulla skule
Kulturliv
Næringsliv
Samferdsel
Losar på Ulla
Dialekt



 









M-49-H  "SKARVAAG"



Foto:  Knut Hallvard Ulla - 1976

Byggjeår
Byggjeplass
Lengde
Motor
1952
Tomrefjord
64,8 fot
Heimdal  100 hk

”Skarvaag” var nybygg for brørne Karl (1908-1990), Harald (1910-1995) og Jørgen Åkre (1916-1996) frå Ullahammaren.  Båten avløyste ”Odin” som hadde vore i familien frå 1914.  ”Skarvaag” låg i utfar på Nordstranda der Åkre-karane hadde bygt seg hus tidleg på 1950-talet.

I samband med at det vart lagt om til trålfiske, vart det sett inn ny Caterpillar-motor på 300 HK i 1965.  Båten vart seld til Kåre Arne Hjelle i Brattvåg i 1977.  Kondemnert i 1985.

Mannskap:
Karl, Harald og Jørgen Åkre, Edvin Verpeide, Oddmund Sæterøy.  Olav Verpeide.

Fiskeri:
Først med garn etter sild og torsk om vinteren.  Seinare snurrevad.  "Skarvaag" var også nokre turar til Lofoten saman med "Ullaholm" på 1950-talen.  Etter 1965 vart det heilårsfiske med trål.


SKIFTE AV MOTOR





M-5-V  "HELAND" av Vigra.

Denne båten er freda og teken vare på ved Sunnmøre Museum. Den ligg til kai i Borgundgavlen i Ålesund. Då "Skarvaag" skifta motor i 1965, blei den gamle Heimdal-motoren sett inn i "Heland". Den er framleis drivkrafta for "Heland" (2012).




FOTOALBUM

Sjå fotoserie frå seitråling på Storegga hausten 1975 på denne lenka.


FLEIRE FOTOGRAFI







Gå til toppen