ÅTTRINGSBÅTEN
SOM
KULTURMINNESYMBOL
Av Harald B. Haram
Historia fortel at omkring år
1630 skjedde det ein stor ting
innan fiskerinæringa på Nordre Sunnmøre.
Då fann fiskarbonden Tomas Longva svære fiskerikdommar
langt til havs, nærare bestemt ute på Storegga om lag 40
nautiske mil frå land. Det var ikkje skikk og bruk å fare
så langt til havs etter fisk. Og det var ikkje utan fare
å våge seg på leiting så langt ut. Fekk
dei lite eller ingenting nærare land, var det ingen ting å
gjere med det. Då var det berre å fare heim att. Men Tomas
Longva var "nokke fyr seg
sjøl" seiest det. Han gjekk alltid sine eigne vegar
både
på sjø og land. Ein individualist vil me kalle han i
dag. Derfor heiste han råseglet på
åttringsbåten sin og styrde ut og nord på leiting
etter fisk han meinte måtte finnast langt der ute ein stad.
For på sjø og land var det uår på denne
tid. Systematisk lodda han seg fram til han kom heilt ut til
Eggakanten. Der traff han dei store fiskerikdommane. Og det
er nettopp desse som har berga Haramsfolket og mange andre over leie
økonomiske båredalar gjennom hundreåra seinare. Som
ein forstår var det nettopp båten
åttringsbåten som bar Tomas så langt til havs og
dermed la grunnlaget for Harams-folket si velferd frå denne
dag.
ÅTTRINGSBÅTEN
Kva slags båt var åttringsbåten eller
åttringen som han berre vart kalla? Kort sagt var dette ein
nokså stor open båt med fem par årar, han hadde eit
einaste segl med kort rå i toppen oppheist i mastra som stod om
lag midt i båten. Når seglet ikkje var i bruk, kunne
ein med eit enkelt grep løyse vanta og leggje mastra ned.
Særleg var dette aktuelt når ein la bi og fiska for å
minke på avdrifta på grunn av vind i ryggen.
Det vart meldt at åttringen kunne ha ei lengd på opptil 22
alner målt etter båtripa. Han kunne bere opptil 800
til 1000 torsk saman med garnsetninga når siglesteinen var
utkasta. Normalt var det sju mann om bord. Namnet
åttring (dansk ottring) har vorte mistydd ein del i den seinare
tid. Somme ville ha det til at nemninga har samanheng med talet
på årar altså åtte årar dvs ein
åtte-roing. Slik er det ikkje. Som nemnt hadde
båten fem åre-par, ti kjeipar og ti årar. Ved
dei to fremste årepara, der båten var breiast, sat det ein
mann med kvar si år. Dei tre bakarste årepara, der
båten var smalare, vart handtert av ein mann ved kvart par.
For ikkje å trøyte ut rorskarane, var årane
nøye balanserte slik at ikkje kvar år vart for
uttung. Lengda måtte avpassast etter båtbreidda,
normalt ville dette seie at den ideelle lengda skulle vere dobbelt
så lang der åra var i bruk som båten var brei til
(plusslomen) dvs seks tommar i tillegg.
Frå gammal tid vart ikkje båten kalla åttring her,
men flatbrennar. Det hadde kanskje med konstruksjonen å
gjere ettersom båten var nokså flatbotna. Gamle folk
sa: ”Eg var ute på flatbrennaren.” I ein annan samanheng
kunne vedkomande seie: ”Eg var med i ein åttring.”
Kva vil det seie? Kort sagt vil det seie at nemninga ӌ
vere med i” ikkje hadde noko med sjølve båttypen å
gjere eller med talet på årar å gjere men tydelegvis
med eigedomstilhøva og det tradisjonelle luta-systemet.
Det vil seie med det økonomiske driftsgrunnlaget å
gjere. Dette vil med andre ord seie at båten skulle ha ein
heil lut. Var det to bønder om båten, hadde kvar
rett på ein halv lut. Kvar mann ombord skulle ha ein heil
lut når han heldt den vegn han skulle. Ein rorskar, i blant
ein kar inne frå fjordane utan vegn vart kalla halvluting.
Slike karar kunne ein ha både to og tre av på
båten. Båteigaren eller eigarane heldt derfor vegn
for dei og hadde rett til ein halv lut for dette. Når ein
summerte alle brøkane, skulle dette totalt svare til
åtte heile lutar. Med andre ord vart dette systemet ein
åtte-ring.
I tillegg til det vanlege båtlaget hende det rett ofte at det var
ein åttande person ombord. Som regel var dette ein unggut
på 14-15 år som var med for å lære å
hjelpe til. Han vart kalla to-garnsmann. Han hadde rett til
å ha to garn saman med dei andre sine garn. Desse garna var
alltid merka med ein farga klut på kavelen for å skilje dei
frå andre garn. Fiskane som kom inn i desse garna var
to-garnsmannen sin private eigedom. Dei vart alltid merka med eit
snitt over kjaken med kniv for å skilje dei frå annan
fisk. Dette var to-garnsmerke dei kalla. Når ein kom
til lands om kvelden, vart desse fiskane plukka ut og lagde til
sides. Dermed kunne to-garnsmannen forvalte fangsten sin som han
sjølv ville, selje, salte, tørke eller gi vekk.
Siste dagen av torskefiskja førde dei all fisk heim og kasta
fangsten i nokolunde like store dungar. Kvar mann skulle ha like
stor fiskedunge til eige bruk. Men korleis kunne dette gjerast
på rettferdigaste måte? Fiskane kunne vere ulikt
store. Jau, utloddinga av dungane skjedde på den
måten at to-garnsmannen eller ein gutunge som kom ned til
fjøra der dei hadde delt fangsten blei bedd om å rope ut
kven som skulle ha den eller den dungen når høvedsmannen
peika på dungane etter tur. Dette kalla dei for å
blinde fisk.
Fangsten elles i fisketida bar karane opp i nausta i kaser på
ryggen. Dette var ei fletta korg. Deretter tok kvinnfolka
over og spretta og flekte ein for ein i blafrande lampelys eller dei
venta til neste dag. Kårmannen stod som regel for saltinga
i fiskelad. Alt dette kunne vere eit kaldt arbeid vinters dag i
trekkfulle naust. Om våren vaska dei ut all fisken og
tørka han på mølane eller på høvelege
berg før han vart gjort klar til kjøparen i byen.
Men solbrend fisk var inga god salsvare. Heimattkomne vart det
oppgjer. Kvar fekk det han hadde rett til etter
tradisjonen. Det vanka vel litt forskott slik at kvar og ein
kunne kjøpe det han hadde lyst på til seg og sine.
Borna fekk som regel ei fiskjegåve. Dette skulle vere ei
leike eller rett og slett ein liten trebåt, kanskje med
segl. I eldre tider vart mykje torsk tørka og frakta den
lange vegen til Bergen med jekter. Også i Haram hadde
fiskarbøndene slike jekter ståande på 1700-talet.
FISKET
Sjølve garnfisket etter torsk gjekk tradisjonelt for seg ute
på Landmeen 8-10 kvartmil frå land. Dette gjekk
vanlegvis frå kyndelsmyss (2. februar) til marimess (25. mars)
då torsken kom inn for å gyte. Til denne drifta vart
åttringen (flatbrennaren) i vanleg bruk. Han egna seg godt
både til segling og roing og han var relativt lett å setje
fram. Han skulle også stellast og tjørebreiast ein
gong for året. Når fleire båtlag reiste ut om
morgonen, låg det liksom i blodet med kappror. Mang ei
ullskjorte var dugleg sveittevåt etter slike strabasar.
Både åttringen og mange mindre trebåtar var bygde i
Bjørkedalen. Der hadde dei god skog å ta av til bruk
for bord, spant og kjeipar. Lange lister av kjøprett
er tekne vare på den dag i dag. Konstruksjonen og detaljar
var nøye tilpassa dei røynsler ein hadde gjort gjennom
hundreåra etter praktisk bruk av siglas. Åttringen
var særs lettbygd. ”Han levde i sjøen”, sa
dei. Dette vil med andre ord seie at han føyde seg etter
sjøen og båra til ein viss grad. Men ein veikskap
hadde båten, seiest det, at når han var tunglasta, kunne
han knekke tvers av på midten når dei reid på store
båreryggar. Men å kollsegle med ein åttring i
ballast, var nærast utenkjeleg sjølv i storstorm heittest
det når ein hadde dugeleg og passeleg mannskap ombord.
Då sat kvar med sitt.
Kva gjorde høvedsmannen når stormen bles og fårene
vart overhengande? Jau, då gjorde han noko dramatisk.
Han heiste seglet i høgaste topp med eller utan rev i flukt for
vinden for å segle sjøen ut. Sjø som fossa
over ripa forut eller over båtsida for å bli skylt ut akter
på grunn av framfarten. Dette var sjømannskunst
på sitt beste. Hans Strøm fortel at Haram
prestegjeld var det einaste prestegjeldet i landet det åttringen
var i bruk i hans tid. Storeggfisket var gjengs berre om sommaren
i Haram. Dit siglde eller rodde dei. Sørmannsneset
var ein sikker fiskeplass og er det den dag i dag med Hildrehesten
attåt kanten på Haramsmannen, høgste fjellet
på Haramsøya, om lag 40 kvartmil av. Framkomne la
dei båten på drift og sat med muinongel og snøret
slakka ned mot botnen i djupn på 100 famner. Straumen bar
båten nord-aust mot Egga-kanten. Etter ei tid var det
å ro eller sigle seg på plass att. Slik kunne dei
halde det gåande nokre dagar. Om veret var til det, la
karane seg under storseglet og blunda nokre timar. Båten
låg då oppankra etter Krabben (ankeret). ”Det er mest
som eg kjenner båtsuene mot sida endå,” sa ein gammal mann
til meg for mange år sidan. Han hadde vore med på
utror til Storegga og overnatta i den opne båten under seglet.
Det var særleg kvitlonga og kveita som var gjevaste
fangsten. Når høvedsmannen meinte dei hadde
fått nok last, var det heimferda som venta. Med tunglasta
båt kunne dette verte ein både slitsam og seig rotur dels
mot straumen om det var svartestille. Så lenge nordavinden
stod ved lag, kunne dei trygt halde ut. Men teikna det til flover
eller sørvest, var dei snar til å heise seglet og legge
kursen mot land. Det er fortalt at flatbrennaren ”Svartebekk”
gjorde ferda innatt mot Stavneset på yste Haramsøy
frå Sørmannsneset på under fire timar.
Då siglde dei Kvitebør som dei kalla. Ja, det hende
at båtar jamvel siglde heile riggen over bord. Då
fekk dei vanskar. Den 13. august 1885 sprang det opp til ein
kraftig floing ute på Storegga. Somme båtar hadde alt mykje
fisk om bord og låg tungt i sjøen. Mange kom i
vanskar. Heile 7 båtar vart knuste av tungsjøen og
33 omkom men ingen frå Haram, bortsett frå Johan Haram som
hadde slått seg ned på Buholmstranda. Dei fleste av
desse var frå Ålesund. 29 enkjer og 113 farlauste
born sat att. To vart berga; Peter Gunderson Buholmstrand
dreiv omkring i tre døger i ein båt full av
sjø. Til sist dreiv han inn til Vigra. Den andre som berga
seg var Petter Svinøy. Han sat på båtkvelvet i
18 timar før han vart plukka opp av dampbåten
”Herø”. Historia fortel om mange andre sjøulukker,
så som i torskefiskja i 1869 då fem åttringar siglde
seg kav opp på Skåkja og Ullaholmen i storstorm og
snøkave. Visstnok 18 omkom då. 22. mars 1870
gjekk 15 menneskeliv tapt på to båtar. Dei fleste var
frå Lepsøy og Fjørtoft. Mange mange fleire
ligg att der ute, men alt i alt tok dei attlevande tapa mest som ei
gåve. Det var so laga, sa dei. Ingen ting å
gjere med det.
UTVIKLINGA
VIDARE
Men utviklinga gjekk sin gang. Åttringsbåten vart
avløyst av andre. Ingen veit med visse kor lenge han hadde
vore i bruk. Kanskje heilt attende til vikingetida? Nok om
det. I 1880-90 åra kom møringsbåten.
Dette var også ein åpen båt, men han var mindre
flatbotna og han hadde ei heilt anna seglføring. Etter
kvart tok dei til å leggje dekk i desse båtane. Sidan
kom der motor inn. Andre kosta såkalla dekksbåtar og
sett inn motorar med namn som ”Dan”, ”Statt”, ”Gideon”, ”Alfa” eller
kva dei heitte alle. Heilt knirkefritt gjekk dei ikkje desse
motorane, særleg i rulling og sjøgang. Men med dette
var ein komen over i den tekniske utviklinga. Pionerane på
det tekniske området lokalt var Nils Finnøy med
Finnøy-motoren. Mange kosta seg ”Finnøy”. Han
virka sikker. Både før og etter første
verdskrigen hadde båtbyggjarane både på
Sunnmøre og i Romsdal ei travel tid. Etter andre
verdskrigen kom stålbåtane heilsveiste og etter kvart med
alle slags fine navigasjonsgreier. Verkstadsindustrien fekk ei
travel tid og båtane vart berre større og større og
finare og finare for fangst og fiske i fjerne farvatn. Matstellet
om bord var ikkje å kjenne att. Flatbrød og nokre
ballar i laupen vart avløyst av heilt andre ting.
Vassdunken og syrekaggen kom på museum. Mange andre ting
hamna også der. No var det bankane og kredittinstitusjonane
som kom meir i sentrum for drifta. Men utviklinga gav likevel
ikkje heilt slepp på tradisjonell forankring. Den dag i dag
heitest det at det skal vere aktive fiskarar som sjølve skal
eige og drive fiskebåtane. Mannskapet vart i mange
høve prosentfiskarar. Men likevel trass alt, det
gamle lutasystemet framleis verkar merkjeleg seigliva. Grunnlaget
for all denne voksteren på sjø og land i Haram og andre
kystkommunar kan sporast attende til dei opne farkostane og til
flatbrennaren eller åttringsbåten i sær.
Så slik sett står han som eit levande symbol for det gamle
Haram og for det nye den dag i dag. Det var røynsle
frå dagleg drift som i røynda skapte
åttringen. Ein båt som fanst berre i Haram frå
eldgammal tid. Seinare fekk han sjølvsagt innpass
også i andre bygdelag. I landssamanheng var
åttringsbåten heilt unik. Dei som styrde båten
mellom fluder og fall visste nøye kvar det var trygt å
gå. I storm og mørke kjende dei grunnbrota på
lyden. I klårver hadde dei sine faste siglemed og sine
visse garnset. Dei hadde ingen kompass å støtte seg
til i gamal tid. Heller ikkje til langror ut på Storegga
nytta dei kompass men dei nytta blyloddet når det
trongdest. Råka dei ut for mørkeskodde og stille ver
som det hende rett som det var, var det ikkje lett å orientere
seg. Men også då visste høvedsmannen
råd. Han kneip ei lus frå håret sitt og la ho
på tofta og såg vel etter kva veg ho kraup. Av
røynsle visste han at lusa alltid kraup mot nord. Då
hadde han god peiling på rett lei. Til andre tider var
tungalda retningsgivande for leia fram. I vår moderne tid
er mykje av den gamle observasjonskunsten gått i
gløymeboka. Men enno finst her både trerongar og
seksringar att, gamle segl og store naust. Ikkje minst ute
på Ulla. Alt dette er og var ein vesentleg del av vår
kystkultur, ein kultur som blant somme unge i dag er i ferd med å
få sin renessanse i form av studium og oppattleving av
tradisjonar som knyter seg til det sosiale livet rundt
båtstøene og nausta, til sjøhyre, båtar og
vegn, og fisk til mat i ulike variantar. All denne kulturen har
Haramsfolket sitt grunnfjell ved sida av jorda for folk og fe.
Men utan båten, utan åttringsbåten ville folk i Haram
om her budde nokon att då ha vore eit fattighus. Det er
nemleg denne som har lagt det økonomiske grunnlaget for
eksistensen og utviklinga i våre bygder. Og utan grislaren,
leitaren og pioneren Tomas Longva si galmannsferd ut til Storegga i si
tid hadde det vorte sveltihel for mange. Ettertida er
kulturberarane stor takk skuldig for framvoksteren av sjølve
grunnlaget for den velferd som pregar livet på både
øyane og fastlandet i dag. Flatbrennarbåten vart og
i vesentleg grad ryggrada i Sunnmøre si økonomiske
historie seinare. Som han syng diktaren:
Lat
oss ikkje forfedrane gløyma.
Under alt som me verder og snu.
Dei gav oss ein arv til å
gøyma.
Han er større enn mange vil
tru.
IKKJE PÅ SUNNMØRE
Framfor har eg skrive ein del om
åttringen og det han stod for. Men det merkjelege er at det
finst ikkje att ein einaste åttring i original korkje i Haram
eller på heile Sunnmøre. Trass i det faktum at
båten var vanleg i lange tider. Det næraste ein kjem
ein original åttring er den som står vekkgøymd ved
Ålesund museum. Den er visstnok frå Borgund.
Den som står i båthallen ved Sunnmøre museum er eit
nybygg frå etterkrigstida. Ein grunn til dette tapet heng
truleg saman med nyttebegrepet. Dette vil seie at når det
vart kosta ny båt, ikkje minst rundt hundreårsskiftet, vart
den gamle lema sund og bordgangane flakte ut og lagde opp på ymse
naustveggar. Då kom dei godt samanklinka bordgangane til
nytte. Dei var godt innsmurde med tjøre og ville
såleis kunne motstå ver og vind og væte i lang
tid. Enno den dag i dag finst her naustveggar kledde med breie
åttringsbord. Eit par slike bordkledde naust finst på
yste Haram. Båtkyndige folk frå Bjørkedalen
har sett på dette og konstatert at kledningane stammar frå
minst ein åttring. Ting i sol og måne tyder på
at her har ein med ein gjengangar av sjølvaste ”Svartebekk”
å gjere. Eitt av sneborda måler 18-19 tommar i
breidd. På innsida kan ein måle seg til breidda
på spanta og avstand og storleik på naglehola. Med
andre ord har desse bordgangane klart tidens tann i over 100
år. Bjørkedølane har foreslått at
ein i denne omgang strekkjer duk opp etter veggane og tusjteiknar
åttringsreane som er att for eit nærare studium. Ein
del av dei gamle båtsidene verkar no så medtekne av elde og
fukt at dei er modne for utskifting kor som er. Men for fagfolk
er dei framleis ideelle til mal for ein rekonstruksjon av båten
under kyndig leiing. Gjerne i form av eit særskilt
båtbyggarkurs for interessert ungdom. Det offentlege gir
tilskot til så mangt. Så kvifor ikkje dette.