ULLA



 Ullahammaren 1882

Startside
Presentasjon
Diktsamling
Stadnamn
Fiskebåtar
Ullahammar
Ulla-garden
Ulla-nausta
Vålen
Ulla fyr
Ulla skule
Kulturliv
Næringsliv
Samferdsel
Losar på Ulla
Dialekt




 









M-45-H  "KVIK"



Foto utlånt av Egil Verpeide
Bak på hekken står Alf Verpeide, framme står Edvin Verpeide

Byggjeår
Byggjeplass
Lengde
Motor
1914
Romsdal
23,6 fot
Hjelset 4/5 hk

Eigar av ”Kvik” var Elias Hansson Flem (1871- ) eller Remme-Eljas som han vart kalla.  Elias kjøpte ”Kvik” på Hjertøya utanfor Molde i Romsdal.  Han kjøpte både hund og båt der.  Hunden heitte ”Babben”.  Så vart det slik at båten også vart kalla ”Babben”.  ”Babben” hadde ein Hjelset-motor på 4/5 HK, og var kjend for å gjere svært dårleg fart.  Dette var eit stort problem når ein skulle setje og dra garn og line. 

Edvard Ellingson Verpeide (1877-1964) kosta seg i 1919 ny motorkuttar som også heitte ”Kvik”.  Den var registrert M-48-H, var bygd ved Br. Tomren Båtbyggeri i Tomrefjord i Romsdal, var 42 fot lang med ein 30 HK Dan maskin.  Edvard selde båten i 1925 til Nils L. Austnes.

Så vart Edvard Verpeide kompanjong med Elias H. Flem på ”Babben”.  I 1937 tok Edvard over ”Babben” åleine.  Båten vart ombygd i 1939 til 25,5 fot.  Det vart sett inn ein Heimdal motor på 11/14 KH.  Pålagt ny spikerhud og installert ny Heimdal 14 HK att i 1947.  Edvard hadde båten til 1947 då den vart seld til Lars Måløy på Lepsøy og registrert M-14-H.  Båten vart seld vidare til Jetmund Voldnes og Ola Årdal i Herøy i 1953 og registrert M-102-HØ.

Mannskap:
Elias H. Flem, Edvard Verpeide, Edvin Verpeide, Alf  Verpeide.

Fiskeri:
Med ”Babben” dreiv Elias Flem og Edvard Verpeide kystfiske med garn og line i tillegg til hummarfiske.


FLEIRE FOTOGRAFI






Gå til toppen