ULLA
Musikkversjon
ved
Bendik
Ulla
-
2012. Songen kan du spele
av
her |
Eg helsar deg storhav, min gamle
kjenning, kvar einaste flu, kvar båe, kvar brenning. Eg kjenner dykk att frå so mang ein dag, dei same skumande båredrag. Eg helsar deg stormdag, du drivande myrke, med fart i ditt flog og uvikande styrke. Eg fylgjer kvar båre på vyrdlause veg, utan å vika eit einaste steg. Riv opp det som rotnar i lognande bukter. Drag omsynslaust burt alt som skjemmer og luktar. Å, treng deg inst inn i barmen min, og vekk det som dormar og søv i mitt sinn. Eg likar deg storhav slik som eg ser deg. Fram på di voggande båra du ber meg. Vegen din alltid open eg fann. Alltid du rette meg venleg di hand. Om stundom du sveik, vert du evig det same, skaper kring heile mitt livsrom ei rame. Og ein gong til sist når eg ligg i mi grav, då kved meg eit kvad du storfelde hav. Johan Bernt Ulla Dette er fotografi av
far min.
Han har laga teksten til "Til havet". |