ULLA



 Ullahammaren 1882

Startside
Presentasjon
Diktsamling
Stadnamn
Fiskebåtar
Ullahammar
Ulla-garden
Ulla-nausta
Vålen
Ulla fyr
Ulla skule
Kulturliv
Næringsliv
Samferdsel
Losar på Ulla
Dialekt


 









Songen om Ulla

Songen kan du spele av her

Langt imot vest utmot Norskehavet
der tungalda brøler og vaskar og bryt.
Der auga vert blinda av sjørokskavet
når storstormen yler og tyt -
der ligg du min heim millom knaus og koll,
millom hamrar, svadberg og stup.
Der kviler du trygt millom åker og voll
og attanfor reiser seg "Hornet" upp
som eit vernande, godsleg troll.

Ofte når stormen seg reiser i velde,
og tårnhøge bylgjor han jagar mot land.
Dyn ifrå bårebrot svarar frå fjellet,
og husa dei svagar og skjelv innpå strand.-
Då kan me oss ynskja ei ørlita stund
ein heimstad so logn og so stor.
Men band i vår djupaste hjartegrunn
dei bind oss til heimleg jord.

Ver med op på fjellet når heimen vår smiler
i solskin og fjorden er speglblank og still!
Sjå storhavet du, kor lognt det kviler,
det er som det aldri seg reisa vil.-
Og sjå, ein måneljos vinterkveld
når smågræla leikar so linnt
og fjorden og havet er sylv og eld.
Å, då kan du sjå her er fint!
Då vil me 'kje byta vår heim ut med hav,
for me elskar vår heimstad, vår mor.
Me takkar deg Gud for den heim du oss gav,-
den venaste staden på jord!

Tekst: Johan Bernt Ulla. Melodi: Bendik Ulla


Johan Bernt Ulla
Dette er far min, Johan Bernt Ulla (1917-1961) då han var om lag 20 år.  Han voks opp i Mette-garden på Ulla.  Han tok eksamen artium ved gymnaset i Volda i 1937.  Så reiste han til Oslo og utdanna seg til dyrlege, ferdig i 1947.  Han var svært flink til å dikte og rime.  Han har laga Haramsøy-songen.  I 1997 kom eg tilfeldigvis over versa som han kalla "Songen om Ulla".  Det er god skildring av Ulla, og ei kjærleikserklæring til heimstaden.
Bendik Ulla
Dette er bilde av nest eldste sonen min, Bendik Ulla (1982).  Han er svært musikalsk, flink til å synge, spele på gitar, fele og orgel.  I 2002 laga han melodien til "Songen om Ulla", og så spelte han den inn på CD.  Han song inn seks ulike stemmer og spelte attåt med det gamle Vestre-orgelet som mor hadde heime på Haramsøya.  Bodskapet i "Songen om Ulla" er med på å styrke indentiteten til Ulla og røtene til heimplassen.



Gå til toppen