ULLA
Johan Bernt Ulla
(1917 - 1961) Her er fotografi av
far min teke om lag 1960, slik eg hugsar han.
Han viste tidleg kunstnarlege evner. Han var
musikalsk og spelte litt på trekkspel. Men først
og fremst var han flink til å dikte og rime.
Ofte tok han det på ståande fot. Ein del har eg
funne i skuffer og skap, og noko har eg spora opp hos
folk som eg kjenner. Det gjeld songar og dikt,
prologar og rim som eg vil presentere på denne sida.
Mest kjent er vel
Haramsøy-songen. Språkleg styrke og gode rim
kjenneteiknar mykje av det eg har samla saman.
|