ULLA



 Ullahammaren 1882

Startside
Presentasjon
Diktsamling
Stadnamn
Fiskebåtar
Ullahammar
Ulla-garden
Ulla-nausta
Vålen
Ulla fyr
Ulla skule
Kulturliv
Næringsliv
Samferdsel
Losar på Ulla
Dialekt


 









Jubb-stova




Jubb-stova. Utsnitt frå modellen av Ullahammaren laga av Per Ulla.


JUBB-STOVA


Jubb-stova midt på bildet.  Hellevik-stova til høgre og Jubb-buda til venstre nede ved sjøen.
Foto 1938 utlånt av Per Ulla

    Job Pederson Brunvold Ullahammer bygde seg først hus i Ullahammaren i 1856, det huset som vi i dag kallar Elias-stova. I 1878 gjekk Job konkurs, og han måtte flytte frå Elias-stova. Han fekk då bygsle tomt på Lars-garden sin eigedom i Ullahammaren, der butikken står i dag, ved sida av Åkre-stova. Job fekk kjøpt eit tømmerhus i Romsdalen, og Job og sonen Kristian rodde inn dit, tok ned huset og frakta det til Ullahammaren og sette det opp der. Jubb-stova var eit hus fullt av folk og fullt av liv i si glansperiode. Huset var ikkje så stort, men det var innhaldsrikt. Oppe på loftet var det tre rom, eller salar, som det vart kalla på den tida. Filop hadde midti-salen med det same du kom opp trappa. Sevrin hadde den likaste salen, mot sør, men det var før han vart gift. Der hadde han orgel og skrivebord. Det var eit stasværelse aldeles med grønmåla panelveggar. Sevrin kunne notane og spelte orgel. Orgelet til Sevrin var eitt av dei første som Vestre Orgelfabrikk laga. I den nordre salen var også måla panelveggar, eit nokså stort rom. Trine låg nede i stova om natta i lag med dottera Svanhild, foreldra Kristian og Sevrine og bestemora Petrine. I kjøkenet var det ei stor grue med ei stor svart jerngryte, og så var der eit lite spiskammers i første etasje. Om kvelden hvis dei hadde vore ute og pøta småsei, let dei opp den døra som vende mot nord. Der var ei lita tretrapp med tre trinn. Då stod Filop der på ei flat helle og gjorde opp småseien. og ho Trine stod i døropninga og venta på å få ha fisken opp i gryta som hang over elden i grua som låg  2-3 meter innanfor døra. Dette var eit fint syn i kveldsskyminga. Trappa opp til loftet var smal og bratt, ho gjekk nesten loddrett opp. Opp og ned gjekk Filop med linetrøga sine når han dreiv med line om haustane. Han sat oppe på salen sin og engde liner, og bar dei ned att når han var ferdig. Jubb-folket var kjekke å vere saman med. Dei var flinke til å fortelje historier og spørje gåter og liknande. Ungane i Hammaren likte seg godt der om kveldane. Det var ei svært musikalsk familie. I tillegg til at Sevrin spelte på orgel, hadde Filop klarinett som han spelte på saman med kameratar frå Ulla.


JUBB-BUDA



F,v: Ola-løa, Åkre-stova, Jubb-stova, Ola-naustet framom, Hellevik-stova i himmelsjå bak, og Jubb-buda heilt til høgre
Foto 1907 utlånt av Per Ulla

    Jubb-buda vart sett opp av Sjur-Petter og Jubb-Kristian på Sjur-garden sin grunn.  Buda hadde to enkle skyvedører på framsida, og to dører på baksida. I tillegg var det ei dør på endeveggen mot sør, men denne var ikkje i bruk. Der var ikkje vindehus, og skyvedørene var akkurat så breie at dei fekk inn ein færing. Jubb-buda var ca 10 meter lang og 5 meter brei. Petter og Kristian samarbeidde og hadde felles interesser. Dei hadde båtar og dreiv fiske begge to i tillegg til at dei var losar på same tid. Jubb-buda vart som ein stasjon for losverksemda på Ulla, men dei dreiv losverksemda kvar for seg.   
    Seinare vart det sett opp ein delevegg midt i buda. Den ytste enden vart brukt av Krogs-Ole og Kristine (foreldra til Ole Ullahammer eller Mette-Ole som han vart kalla) og den inste av Jubb-karane. Kristine var frå Sjur-garden og søster til Sjur-Petter,, og Ole og Kristine hadde bruk for plass. Vilkåret for slik bruk var at Krogs-Ole skulle halde buda i stand. Då hadde altså Sjur-Petter trekt seg ut av buda. Ole og Kristine hadde veden sin der, og seinare hadde dei buda full med høy. Dei hadde ku i samarbeid med Petter Hellevik, og seinare i Åkre-fjøsen.


FOTOGRAFI

Fyldig fotoalbum frå Jubb-stova og Jubb-familien. Lenke


JOB  OG  FAMILIEN  HANS

Job Pederson Brunvold Ullahammer  (1809-1883)

Resolution 1835 originaldokument               Resolution 1835 tekstdokument                       
Bygselseddel 1878 originaldokument           Bygselseddel 1878 tekstdokument

Kristian Jobson Ullahammer  (1851-1917)


Filop Elias Jobson Ullahammer  (1856-1941)

Filop var bakar i Ålesund, og var forlova med ei jente der. Men på grunn av misbruk av alkohol, vart trulovinga heva og han reiste til Ulla og vart losgut der saman med Långe-Hans i Sjur-garden.

Petrine Marie Jobsdt. Lausund f. Ullahammer (1861- )



Petrine Marie, eller Marie som ho vart kalla, vart gift i 1895 med Petter Olaus Andersson Lausund (1867- ) frå Nygård på Lausund, Lepsøy. Dei fekk tre barn: Job, Anna og Petra. På same måte som far sin, Job, vart Marie lærarinne i småskulen på øyane og fastlandet i Haram. Til venstre ser vi eit typisk klassebilde frå småskulen på Myklebust i 1890-åra. Her sit Marie midt i barneflokken.
Marie dreiv småskule på Austnes nokre veker i året i 1890-1891. Samstundes var ho lærar ved Åkre krins, i klokkarstova på Åkre i 1890-1991. Det var før den nye skulen på Åkre var ferdig i 1893. Ho var også lærar i småskulen i Kjerstad og Farstad skulekrinsar på Lepsøya i 1888-1895

Olufine Gurine Jobsdt. Ullahammer (1865- )

Sevrin Kristianson Ullahammer  (1880-1934)

    Sevrin, eller Jubb-Sevrin som han vart kalla, var eldste sonen til Kristian og Severine. Han var tvilling. Tvillingbroren heitte Kristian, han døydde berre tre år gammal. Sevrin budde i Jubb-stova. Han gifte seg i 1920 med Laura Johansdt. Ulla frå Kari-garden. Dei kjøpte seg tomt på Håneset og bygde hus der, Fredly. Huset blir berre kalla Hånes-kyrkja fordi det er så spesielt. Du kan lese meir om Jubb-Sevrin og familien hans under Hånes-kyrkja. Jubb-Sevrin hadde losnummer 50 som var måla på eit stort skilt som dei viste fram når dei kom ut til båten som søkte los. Kreft i tjukktarmen.  Telefon nr 3. og den første som fekk radio på Ulla men den var om bord i Svalen. 1923



Petrine Anna Kristiansdt. Andersen f. Ullahammer  (1877-1934)

    Petrine, eller Trine som ho vart kalla, var dotter til Kristian og Severine. Ho budde i Jubb-stova då ho var ung, men då Sevrin og Laura gifta seg i 1920, var der ikkje plass til Trine lenger. Ho fekk seg arbeid som postdame etter Johan  Kristofferson Ullahammer, eller Myre, som han vart kalla. Trine budde då saman dottera Svanhild i Gamlestova der postkontoret var i den vestre enden mot Ullagarden. Svanhild (1907-1986) var fødd utanom ekteskap, og barnefaren heitte Haldor Olson Olsnes (1884-) frå Brudvik i Hordaland. Men Haldor svikta Trine og reiste frå henne då Trine vart med barn.
    Trine gifte seg med Samuel Andersen (1866- ) frå Hordaland i 1923. Samuel var gift med søskenbarnet til Sevrin og Trine frå Gjøsundsæter på Valderøya. Kona til Samuel døydde ung, og i gravferda hennar møtte Samuel Trine. Dette møtet førte til at dei gifta seg, men dei fekk ikkje barn saman.  Etter at dei gifta seg, flytta Samuel, Trine og Svanhild til Ålesund. Der budde dei i eit hus som Sevrin åtte. Det var i Keiser Wilhelms gate 62. Men Samuel reiste tilbake til Amerika to gonger. Han var der i periodar på 2-3 år i slengen. Han var mellom anna pedell på ein stor skule der borte. Då han kom tilbake frå Amerika, kjøpte han hus i Fjellgata i Ålesund.
    Svanhild gifte seg med Leiv Aasebø (1910-1965). Dei budde i Ålesund, men dei bygde seg sommarhus på Ullahammaren i 1957. Sommarhuset heiter "Høgda". Svanhild og Leiv fekk ein son, Staale Leiv Aasebø (1943). Han bur i Ålesund og er gift med Vesla Aasebø. Dei har ein son som heiter Leiv Tore Aasebø. Staale har teke over "Høgda".



Trine Ullahammer
Svanhild og Trine Ullahammer




Kristi "Kitta"Ulla, Anna-moste og Svanhild
Staale Leiv Aasebø


SLEKTSBOK

Job Pederson Brunvold Ullahammer  (1809-1883)
Job var frå Brunvoll på Harøya. Han ætta frå den kjende slekta etter Store-Rasmus.

Gift i 1847 med Petrine Pedersdt.Ullahammer f. Lausund (1826-1912)
Petrine var frå Samund-garden på Lausund, Lepsøy

Barn:
1. Kristian Jobson Ullahammer  (1851-1917) som tok over Jubb-stova.
2.
Filop Martinus Jobson Ullahammer  (1853-1855) som døydde berre eitt og eit halvt år gammal.
3.
Filop Elias Jobson Ullahammer  (1856-1941). Han var bakar i Torvik i Romsdal og i Ålesund. Han budde i Jubb-stova dei siste åra sine, og døydde under krigen i Hånes-kyrkja.
4.
Johan Peter Jobson Ullahammer  (1858-1866) som døydde knapt 12 år gammal.
5.
Petrine Marie Jobsdt. Lausund f. Ullahammer (1861- ) vart gift i 1895 med Petter
6.
Olufine Jakobine Jobsdt. Ullahammer (1863-1863) døydde vel eitt år gammal.
7.
Olufine Gurine Jobsdt. Ullahammer (1865- ) var først tenestetaus i Gamle Svendsen i Ullahammaren. Seinare vart ho gift med Nils Berntson Kjerstad (1851- ) frå Bernt-garden, Kjerstad på Lepsøy. Dei budde i Ålesund til Nils døydde. Deretter flytta Olufine tilbake til Ulla. Olufine og Nils hadde ikkje barn.
8.
Johan Kristian Jobson Ullahammer  (1868-1869) som døydde vel eitt år gammal.

Kristian Jobson Ullahammer  (1851-1917)
Kristian tok over Job-stova. Han var ein vidkjend los ved Ulla losstasjon.

Gift i 1875 med Severine Pedersdt. Ullahammer f. Gjøsundsæter (1841-1910)
Severine var frå Gjøsundsæter på Valderøya.

Barn:
1. Sevrin Kristianson Ullahammer  (1880-1934) som tok over Jubb-stova. Han var tvilling. Han bygde seinare Hånes-kyrkja.
2.
Kristian Johan Kristianson Ullahammer  (1880-1883) som døydde berre tre år gammal. Han var tvilling.
3.
Petrine Josefine Kristiansdt. Ullahammer  (1875-1876) som døydde eitt år gammal.
4.
Petrine Anna Kristiansdt. Andersen f. Ullahammer  (1877-1934).



Gå til toppen