ULLA
Det gamle
Ulla-tunet var eit typisk klyngjetun. Til saman 40 bygningar
var
samla på eit område på 80 x 90 meter. Husa
i
Ulla-tunet låg så tett at det
mange stader var mindre enn ein meter mellom veggane. Tunet
låg
nær sjøen, og berre få meter
frå Ulla-elva
som gav vatn til matlaging og vasking av hus og klede.
Tidlegare var
det også
fisk i elva. Frå Ulla-tunet var det kort veg å
gå til
nausta som ligg nokre
hundre meter frå husklyngja. På
denne
måten
hadde
gardbrukarane
på Ulla ein
praktisk og etter
måten lettvint kvardag med kort avstand til markane,
elva, nausta
og
saltebuene, kvernhusa som låg ved fjellfoten og
sjøen med
fiskeriet som ei
viktig attåtnæring.
I
april
1849 skjedde det
katastofale at det vart
brann i Ulla-tunet. Alle husa brann ned til grunnen med
unnatak av eit
par
bygningar. Med mykje energi og glød gjekk
Ulla-bøndene i
gong med å setje opp
att bygningane på same tuftene. Det var vanskeleg
å
få tak i material, og nokre
hus vart kjøpte andre stader. Dei vart frakta
sjøvegen
til Ulla og sette opp
att der.