U L L A
F Y R
Den sterkast utbygginga av fyr
i Noreg skjedde i siste halvdel av 1800-talet,
og det var nett i denne tida at det vart lagt fram planar
om bygging av
fyr på
Ulla. Ein av grunnane til at det kom fart i planane om
bygging av eit
fyr på
Ulla, var ei stor ulukke som skjedde i innløpet av
Ullasundet
den 2. mars 1869.
18 mann omkom denne dagen. Ulla fyr på
Kvernholmen
vart opna og sett i drift 25.
januar 1874. Det var ein såkalla familiestasjon der
fyrvaktaren
og familien
hans budde fast. Den 24. oktober 1944 vart Ulla fyr bomba
og totalt
øydelagt.
Det var provisorisk fyrlykt på Kvernholmen fram til
1949 då
det vart bygt nytt
fyr, denne gongen i betong. Storleik, styrke og utstyr var
elles som
Ulla
fyr før det
vart bomba. Det vart bygt nytt våningshus med to
husvære
med plass til både
fyrvaktaren og assistenten hans. I 1965 vart det bygt
gangbru frå
Haramsøy over
til Ulla fyr på Kvernholmen. Ulla fyr vart
automatisert i
1975. Siste fyrmeisteren slutta i 1994, og etter
den
tid
har det ikkje vore fastbuande på Kvernholmen.
Ulla fyr vart freda i 2000 saman med 83 andre fyr i
Noreg. Ulla fyr er eit
populært
turmål. Det er
høveleg
gangavstand frå Ulla. På
fyret
kan du sjå ut over Norskehavet og
langt nordover og sørover. Dette
er
ei
spesiell naturoppleving anten det er sol og fint ver eller
storm og
storbåra
bryt over berga.