Det var
søndagsskule på Ulla Skulehus fast annankvar
søndag
for ungane på Ulla. Dette var ein lang tradisjon
frå den
tida Petrine B. Ulla i Ingeleiv dreiv på. Gamle
Krogs-Ole (far
til Mette-Ole, Ole Ullahamar) og Andreas Tomren fast
leiar av
søndagsskulen ei periode. Seinare kom Sevrin G. Ulla
inn og tok
over denne rolla. Det var gjort slik at det var
søndagsskule
annankvar søndag, og møte i avhaldslaget
annankvar
søndag, så det var fullt program kvar
søndag
på skulehuset den tida.