Den 31. mars 2015 i påskeveka hadde vi
dugnad med skifting av vannstokkar og nedre del av
bordkledninga på austveggen, vestveggen og attmed
inngangsdøra. Med stor innsats vart vi ferdig med alt, det
står att å grunne og måle. Dette må vi ta att når det blir
varmare i veret og tørrare i lufta. Dessutan må vi støype
trappa og ordne dørstokk. Dette er berre midlertidig ordna no.