Dugnad
på
skulehuset.
Utvendig måling
Knut hadde kjøpt inn 20 l
med
Extrem Drygolin( Ullakvit), målarkostar og elles naudsynt
utstyr.
Fredag den 24. Juli hadde vi vaskedugnad. Knut, Åsmund og
Grethe
og Peder gjorde jobben. Åsmund og Grethe smurde inn det vi
hadde
skrapa med Visir måndag den 27. Juli. Den 29 juli 2009
hadde vi
målardugnad på Ulla Skulehus. Hildegunn og Peder
starta kl
1030, og rett etter kom Åsmund og vi sette i gong med liv
og
lyst. Det vart antyda at dette var ein hemmeleg dugnad, men kven
har
lyst å mase når folk har ferie. Åsmund ymta
frampå at det har no vi også, men at dette kunne
reknast
som ferie. Kor som er, alle skal vite at dei er hjerteleg
velkomne til å ta eit tak når det måtte passe,
for
her er mykje å gjere. Tilbake til målardugnaden;
etter
kvart kom Pål og hjelpte til og til slutt Grethe. Klara
kom med
kaffi og varme wienerbrød og målinga gjekk som ein
leik.
Vi var ferdige kl 1600 og Ulla Skulehus ligg der kvitmåla
og fint.