ULLA



 Ullahammaren 1882

Startside
Presentasjon
Diktsamling
Stadnamn
Fiskebåtar
Ullahammar
Ulla-garden
Ulla-nausta
Vålen
Ulla fyr
Ulla skule
Kulturliv
Næringsliv
Samferdsel
Losar på Ulla
Dialekt


 









Ingeleiv-garden



Bumerke
Ingeleiv-garden



Bruksnr. 10


Foto:  Knut Hallvard Ulla - 1976



BYGNINGAR


Ingeleiv-garden har namnet sitt etter Ingeleiv Pedersdt. Ulla f. Synnaland (1673-1762).  I det gamle klyngjetunet låg Ingeleiv-garden lengst mot sør-aust.  I gamle dagar var det seks bygningar i Ingeleiv-garden:  Stove, løe, stabbur, torvsjå, grisehus og mjølkehus.  I dag er det berre stabburet som står att saman med torvsjåen.  Stabburet vart bygd i 1881.  Den gamle Ingeleiv-stova kom frå Tresfjorden i Vestnes kommune.  Huset var teke ned der inne, frakta med båt eller flåte til Ulla og sett saman att på Ulla etter brannen i april 1849.  Den gamle Ingeleiv-stova stod heilt til orkanen nyårshelga 1992.  Då vart huset så skada at det ikkje nytta å restaurere det.  Det vart rive og nybygg vart sett opp att som feriehus i same stilen som gamlestova.  Då stove-huset vart rive, fann dei ein oppmura potetkjellar under kjøkenet.  Dette viser kor praktisk dei innretta seg for å ta vare på maten i gamle dagar.  Ingeleiv-garden vart altså ikkje flytta ut frå Ulla-tunet, og den stod som vitne om det levande gardsbruket på gamlemåten heilt til midt på 1970-talet.  Løa som vart bygd i 1894, bles over ende i orkanen i 1992.

Ingeleiv-naustet ligg ute på enden av Naust-neset og vender mot sør i motsetnad til dei andre nausta som vender mot aust.  I tillegg har Ingeleiv-garden ihopenaust med Sjur-garden frå gamalt av.  Saltebuda til Ingeleiv-garden låg ved sida av Ingeleiv-naustet.


AGNUS DEI



Her ser du fotografi av bringesølvet Agnus Dei som har gått i arv frå mor til dotter frå 1726. No er det Mari Agathe Hatlestad i Valldalen som er eigar av bringesølvet. Les meir om "Agnsdeiet" på denne lenka.

Foto: Knut Hallvard Ulla - 2009



FOTOALBUM

Sjå denne lenka med fotoserie av Sevrin G. Ulla, eller Ingeleiv-Sevrin som han vart kalla.
Alle foto:  Knut Hallvard Ulla - 1976.


FOTOGRAFI



Sevrin Guttormson Ulla  (1857-1935) og Petrine Berntsdt. Ulla f. Haram  (1861-1948)
Foto utlånt av Marit Aakre Mjøs




Sevrin  Gustavson  Ulla (1909-1989)
Foto:  Knut Hallvard Ulla



Bernt Sevrinson Ulla (1885-1909)
Foto utlånt av Per Ulla





Sevrin G. Ulla på traktor etter handletur på Austnes
Foto: Knut Hallvard Ulla - 1976



SLEKTSTRE

Slektstre for Gustav Sevrinson Ulla  (1882-1958) Slektstre for Johanne Andreasdt. Ulla  (1880-1910)



SLEKTSBOK

Guttorm Jonson Ulla  (1675-1733)

Gift med Ingeleiv Pedersdt. f. Synnaland  (1673-1762) frå Synnaland.

Barn:
1.
Peder Guttormson Ulla  (1707-1790) som tok over Ingeleiv-garden.
2.
Brite Guttormsdt. Flem f. Ulla  (1714-  )  gift i 1752 med Anders Halvorson Flem.
3.
Ole Guttormson Ulla  (1723-1778) var ugift.  Han omkom på sjøen.

Peder Guttormson Ulla  (1707-1790)

Gift med Synnøve Pedersdt. Ulla (1705-1775) frå Sjur-garden på Ulla.

Barn:
1.
Ingeleiv Pedersdt. Ulla  (1735-1758) gift i 1757 med Aagne Erikson Ulla (1733-1780) i Lars-garden på Ulla.
2.
Brit Pedersdt. Remme f. Ulla (1739-  ) gift med Styrker Rasmusson Remme.
3.
Guttorm Pederson Ulla  (1742-1810) som tok over Ingeleiv-garden.
4.
Knut Guttormson Ulla  (1747-  )  ugift, døydde ung

Guttorm Pederson Ulla  (1742-1810)

Gift første gong i 1770 med Johanne Jespersdt. Ulla  (1749-1773) frå Mali-garden på Ulla.
  
Barn:
1.
Brite Guttormsdt. Ulla  (1771-1838) som tok over Ingeleiv-garden.
 
Gift andre gong i 1774 med Brite Kristofferdt. f. Flem  (1750-1805)  frå Flem.
 
Barn:
1.
Synnøve Guttormsdt. Ulla  (1776-1783)
2.
Marta Guttormsdt. Ulla  (1780-døydde ung)
3.
Pernille Guttormsdt. Ulla  (1781-1786)

Brite Guttormsdt. Ulla  (1771-1838)

Gift i 1793 med Lars Olson Ulla f. Mydske  (1771-1849)  frå Myskja.
Myskja-Lars var frå Gjøs-garden på Myskja.  I tillegg til at han dreiv garden, var han smed.  Smia var i Smi-hola nedanfor Frøy-steinen rett aust for Laugarberget der Grova rann ut i sjøen.

Barn:
1.
Synnøve Larsdt. Ulla  (1794-1851)  som tok over Ingeleiv-garden.
2.
Johannes Larsson Ulla  (1799-1800) som døydde ½ år gammal.
3.
Johanne Larsdt. Kjerstadstøl f. Ulla  (1803-1847)  gift første gong med  Nils Henrikson Kjerstadstøl  (1801-1833) i Henrik-garden, Kjerstad på Lepsøy.  Gift andre gong med Peder Andersson f. Blindheim  (1804-1860) frå Pe-garden, Blindheim på Vigra.  Peder var far til Knut Pederson Aakre.
4.
Berte Larsdt. Ulla  (1807-1807) som døydde to månader gammal.

Synnøve Larsdt. Ulla  (1794-1851)

Gift i 1820 med Ingebrigt Ivarson Fjørtoft  (1790-1843)  frå Fjørtoft.


Barn:
1.
Guttorm Ingebrigtson Ulla  (1821-1900)  som tok over Ingeleiv-garden.
2.
Lars Ingebrigtson Farstad f. Ulla  (1823-1862)  gift i 1857 med enkje Helene Rasmusdt. Farstad f. Aakre  (1811-  )  i Mikkel-garden på Farstad, Lepsøy.
3.
Bernt Ingebrigtson Aakre f. Ulla  (1827-  )  gift i 1852 med Ingeleiv Larsdt. Aakre f. Haram  (1830-  ) frå Sætsli-garden på Haram.  Dei tok over og dreiv Sjur-garden på Åkre.  Dei var besteforeldra til Nils Andreasson Aakre (1890-1982) «Sjur-Nils».
4.
Bertine Ingebrigtsdt. Ulla  (1833-1837) som døydde 4 ½ år gammal.

Guttorm Ingebrigtson Ulla  (1821-1900)

Gift i 1846 med Marie Monsdt. Ulla  (1815-1902)  frå Jo-garden på Ulla.

Barn:
1.
Ingeborg Guttormsdt. Ulla  (1846-1923)  gift i 1873 med Karl Johan Hansson Ulla  (1849-1927) i Lars-garden på Ulla.
2.
Martha Guttormsdt. Ulla  (1848-1848) som døydde 14 dagar gammal.
3.
Marie Guttormsdt. Longva f. Ulla  (1850-1923)  gift i 1875  med Karl Gunderson Longva  (1852-1926)  i Gunna-garden på Longva.
4.
Laurentse Guttormsdt. Roald f. Ulla  (1852-1918)  gift første gong i 1873 med Gunder Nilsson Roald  (1842-1886).  Busett på Haug-garden på Roald, Vigra.  Dei hadde 8 barn.  Gift andre gong i 1887 med Sevrin Ågneson Roald  (1860-1937) frå Einape-garden på Roald.  Laurentse og Sevrin hadde 4 barn.  Busett på Haug-garden, Roald på Vigra.
5.
Filipine Guttormsdt. Ulla  (1854-1897)  gift i 1873 med Johan Rasmusson Ulla (1848-1928) i Kari-garden på Ulla.
6.
Sevrin Guttormson Ulla  (1857-1935) som tok over Ingeleiv-garden.
7.
Gurine Guttormsdt. Hoff f. Ulla  (1861-1926)  gift i 1892 med Petter Karlson Hoff  (1854-  ).  Petter var kontormann i Ålesund.

Sevrin Guttormson Ulla  (1857-1935)

Gift i 1881 med Petrine Berntsdt. f. Haram  (1861-1948) frå Petter-garden på Haram.

Barn:
1.
Gustav Sevrinson Ulla  (1882-1958) som tok over Ingeleiv-garden.
2.
Marie Sevrinsdt. Aakre f. Ulla  (1884-1926)  gift med Hans Petterson Aakre  (1883-1944) i Eirik-garden på Åkre.
3.
Bernt Sevrinson Ulla  (1885-1909).  Bernt var fiskar saman med broren Gustav.  I militære vart Bernt smitta av tuberkulose, og han døydde av denne sjukdomen.

Gustav Sevrinson Ulla  (1882-1958)

Gift første gong i 1908 med Johanne Andreasdt. Ulla  (1880-1910) frå Mette-garden på Ulla.
Johanne var søster til Johan Andreasson Ulla i Mette-garden som først var gift med Oline Halvorsdt. Ulla f. Gjøsund.

Barn:
1.
Sevrin Gustavson Ulla  (1909-1989) som tok over Ingeleiv-garden.

Gift andre gong i 1913 med enkje Oline Halvarsdt. f. Gjøsund  (1876-1955).
Oline var frå Eirik-garden på Gjøsund på Vigra.  Ho var gift første gong med Johan Andreasson Ulla i Mette-garden på Ulla.  Johan var bror til Johanne Andreasdt. Ulla som var første kona til Gustav Sevrinson Ulla.

Barn:
1.
Johanne Petrine Åkre f. Ulla  (1916-1994) gift i 1942 med Jørgen Karlson Åkre (1916-1996) frå Ullahammaren. Dei har fire barn:  Herbjørg (1943), Grete (1946), Jarle (1948) og Steinar (1959).  Jørgen var fiskar på  "Odin" og "Skarvaag".  Dei budde først i Hytta i Ullahammaren og flytta inn i nytt hus på Nordstranda på Haramsøy i 1952.
2.
Johan Bernt Ulla  (1917-1961)  gift i 1948 med Helga Klara Ulla f. Åkre (1918-2010) frå Ullahammaren.  Dei har tre barn:  Guttorm (1951), Knut Hallvard (1952) og Ottar Helge (1955).  Johan Bernt var dyrlege.  Dei budde i Stornes-huset på Austnes, og flytta inn i nytt hus på Nordstranda på Haramsøy i 1956.

Sevrin Gustavson Ulla  (1909-1989).
Sevrin var ugift.  Han var siste brukaren av Ingeleiv-garden.  Gardsdrifta vart avvikla i 1976-1978.  Sevrin var svært interessert i kultur- og slektshistorie.  Han var aktivt med i Haram kulturhistoriske lag.


Gå til toppen