ULLA



 Ullahammaren 1882

Startside
Presentasjon
Diktsamling
Stadnamn
Fiskebåtar
Ullahammar
Ulla-garden
Ulla-nausta
Vålen
Ulla fyr
Ulla skule
Kulturliv
Næringsliv
Samferdsel
Losar på Ulla
Dialekt

 









Fyrvaktarar

Malme
Rønnestad
Torgersen
Godø
Strømmen
Folkestad
Hammer-Olsen
Rønning
Kvaløy
Krøvel
Austnes
Kjerstad

Petter A. Godø
fyrvaktar frå 21. august 1918 til 1. oktober 1932

Petter Andreas Peterson Godø var ekte sunnmøring, fødd på Godøya i 1862. Faren heitte Peter Paulson Godø og var frå Giskegjærde. Mora heitte Ingeborg Johanne Rasmusdt. Godø frå Valderhaug.  Petter hadde lang erfaring som styrmann og fyrvaktar då han kom til Ulla fyr sommaren 1918.  Han kom då frå teneste ved Åsvær fyr utanfor Dønna i Nordland fylke.


PETTER  GODØ  PÅ  ÅSVÆR  FYR



Her ser vi Åsvær fyr slik det ser ut i dag.  Til høgre det karakteristiske støypejarnstårnet på ein kraftig sokkel av mura stein med andre bygningar rundt.  Til venstre ser vi ruinane av det gamle fyret etter ein kraftig storm i desember 1917.  Då var Petter Godø fyrvaktar på Åsvær.  Han budde der saman med kone, dotter og assistenten som heitte Ansgar Fredriksen.  Under den dramatiske stormnatta i 1917 skylde sjøen inn i bustadhuset og tok med seg dattera til Godø.  På veg ned gjennom trappa fekk Ansgar Fredriksen tak i anklane hennar, og han greidde å dra henne opp att og trygt inn i huset.  Denne redningsdåden skapte eit livslangt band mellom Ansgar og familien Godø, og Ansgar var tru mot Godø til han døydde i Ålesund.
Foto: Riksantikvaren




PÅ  ULLA  FYR,  KVERNHOLMEN

    Nedanfor ser vi eit sjeldan foto teke i stova på Kvernholmen om lag 1920.  Frå venstre:  Fru Ingeborg H. Godø, Petter A. Godø, Ansgar Fredriksen og dottera til Godø.  Sistnemnde flytta seinare til Bergen og fekk seg arbeid hos ein fotograf.  Fru Ingeborg Godø var frå Vestnes og hadde pikenamnet Remmem. Ho var fødd i 1861 og døydde i 1922 på Kvernholmen av astma-anfall. Ho vart gravlagt på Vestnes.
    Petter Godø var medlem av eit Godtemplar-losje lag i Ålesund. Han skipa eit lag for redningssaka på Ulla, og heldt somme år basar til inntekt for Redningsselskapet NSSR.
Då Petter Godø var ferdig med si teneste som fyrvaktar på Ulla fyr i 1932, flytta han saman med Ansgar Fredriksen til Ålesund. Godø fekk plass på Sjømann Kvile, og Ansgar følgde trufast sin "herre" til siste slutt, og hjelpte han og stelte for han til han døydde i Ålesund.



Foto utlånt av Per Ulla



VENSKAP


Petter Godø var kjend for å vere veldig humørsjuk.  Iblant kunne han vere ein retteleg grinebitar.  Men i alle samanhengar stod Ansgar Fredriksen ved hans side.  Ansgar var ikkje assistent i den forstand at han var i rang etter Godø, men han var meir som ein tenar, nokon meinte at han var som ein slave.  Men Ansgar var tru mot "herren" sin.  Ansgar Fredriksen hadde ein hund som heitte Mimer.  Mimer følgde Ansgar i eitt og alt.  Nedanfor ser vi eit foto der Ansgar ligg med Mimer framfor seg .  Bak til venstre ser vi Karl Svendsen og Olav Verpeide eller "Laffen" som han vart kalla.  Dei fire jentene er frå venstre:  Ingebjørg Verpeide, Kristi Verpeide (Kitta), Karen Svendsen og Emma Verpeide.  Foto om lag 1930.



Foto utlånt av Per Ulla

Petter Godø hadde eit nært forhold til Jubb-slekta.  Han var mykje saman med Filop Jubsen Ullahammer, eller Jubb-Filop som han vart kalla.  Nedanfor ser vi eit fotografi der Petter Godø, til venstre, og Jubb-Filop, til høgre, sit i døropninga på naustet på Kvernholmen og bøter garn.  I midten bak sit Ansgar Fredriksen saman med ei lita jente som truleg er Tordis Ullahammer, dottera til Sevrin Ullahammer.



Foto utlånt av Per Ulla


Nedanfor ser vi eit spesielt og merkeleg fotografi.  Framme til venstre Filop Jubsen Ullahammer (Jubb-Filop), til høgre Petter A. Godø, bak midt mellom dei:  Ansgar Fredriksen.  Bak til venstre to damer fint kledde i kjole, kåpe og hatt.  Det ser ut som dei klatrar ned ei skråning mellom store steinar.



Foto utlånt av Per Ulla


Petter Godø hadde også mykje omgang med Sevrin K. Ullahammer, eller Jubb-Sevrin som han vart kalla, som var los på Ulla.  Jubb-Filop var onkel til Jubb-Sevrin.  Sevrin bygde seg hus på Håneset om lag 1922, og det hende ofte at Petter tok færingen og reiste til Håneset på vitjing i Hånes-kyrkja.  Då sette Petter seg i bakskuten og Ansgar tok årane.  Nedanfor ser vi eit foto frå støa på Kvernholmen der dei gjer seg klar til ein rotur.  Petter Godø med hatt til venstre, Ansgar Fredriksen med Mimer om bord i båten saman med ei ukjend dame og tre ungar.



Foto utlånt av Per Ulla


GODØ  SIN  HOBBY


På ein utpost som eit fyr kan det bli mange ledige stunder der det ikkje er noko å ta seg til, mellom anna på grunn av dårleg ver.  Då vart det til å sitje inne og finne på noko.  Mange fyrvaktarar var nevenyttige folk som hadde hobbyar som treskjering, kunstmåling eller som Petter Godø:  Modellbåtbyggjar.  Nedanfor ser vi fotografi av ein modellbåt som Godø laga på Kvernholmen.  Til å vere modellbåt er den relativt stor, ca 1,40 meter lang.  Båten er nok blitt ribba for mast og segl, men Per Åkre har teke vare på det som er att.  Det var bestefar vår, Karl K. Åkre som fekk modellbåten i gåve frå Petter Godø fordi han hadde hjelpt Godø så mykje med laksefisket.  Før i tida hang båten oppe på loftet i Åkre-huset i Ullahammaren.  Den vart seinare sett  ned i løa, og det var vel der den vart litt ramponert.  Likevel er det eit klenodium som vitnar om korleis det var å bu og leve på Ulla fyr den tida.






Foto:  Knut Hallvard Ulla - 2005


Gå til toppen