ULLA



   
Ullahammaren 1882

Startside
Presentasjon
Diktsamling
Stadnamn
Fiskebåtar
Ullahammar
Ulla-garden
Ulla-nausta
Vålen
Ulla fyr
Ulla skule
Kulturliv
Næringsliv
Samferdsel
Losar på Ulla
Dialekt


 









Månadens foto - arkiv 2009


Månadens foto - arkiv:   2006   2007   2008   2009   2010   2011   2012   2013   2014   2015   2016   2017
Desember 2009



Tre stramme Ulla-karar på 17. mai 1982. Ottar Ulla, Steinar Åkre og Birger Tomren.
Foto: Knut Hallvard Ulla - 1982



November 2009



Klasse 4B ved Haramsøy skule 1963-1964. Lærarinne: Marit Roth frå Ellingsøy, seinare gift med Bjørn Aakre
Bak: Peder Ulla, Per Helge Tomren, Stig Haram, Petter Tomren, Ottar Frode Austnes, Bernhard Haram, Kjell Ståle Orten.
I midten: Torstein Aksnes, Øystein Aakre, Knut Hallvard Ulla, Peder Magnus Tomren.
Framme: Oddhild Brandal, Synnøve Ulla, Kristin Verpeide, Edit Austnes, Marit Roth,
Sigrid Austnes, Janne Austnes, Lisbeth Remme.



Oktober 2009



"Flondrestillje" ved Ullahammaren ein augustkveld.  Foto: Knut Hallvard Ulla - 2009


September  2009



Her har vi foto av den gamle Negard-stova. Det var den første garden som flytta ut av klyngjetunet etter utskiftinga i 1880. Negard-stova var bygd i 1892, og huset vart rive i 2000 då nytt bustadhus i Negard vart sett opp like ved.
Foto: Knut Hallvard Ulla - 1997


August  2009



Foto frå Ullahammaren teke under andre verdskrig. Frå venstre ser vi Jubb-buda, Åkre-løa, Jubb-stova, Hellevik-stova med utedoen framanfor og heilt til høgre i framgrunnen Storebuda. Det skal tydelegvis vere dans på Storebuda. To færingar med ungdom frå Flem legg til ved vøren, og ungdom frå Ulla ventar oppe på Haugen. Foto utlånt av Lars Ulla.


Juli  2009



Ida Pape Pedersen dansar på svaberga ved Svarteskjeret i Råvika. Foto: Bendik Ulla - 2009



Juni  2009



Ottar Ullahamar frå Mette-garden. Foto: Knut Hallvard Ulla - 2007


Mai 2009



Harald P. Ulla (Diffen), Per Ulla (Sjur-Per) og Kenneth Ulla. Foto: Per G. Ulla (Kari-Per) - 1973


April 2009



Alf Ulla (1931-2009). Foto: Knut Hallvard Ulla - 2003


Mars 2009



Her er tvillingane Emilie og William på ferie på Ulla sommaren 2007. Foto teke av pappa Terje Ullahammer.
Dei bur i Aalborg i Danmark. No lengtar vi etter vår og sommar. Kanskje treff vi dykk att på Ulla då?


Februar 2009



Anna H. Ulla (1894-1980).  Foto: Jon Hildrestrand - 1958.
Her har vi eit koseleg fotografi av Anna-moste. Ho sit og ber for maten på kvisten sin i Jo-stova i Ullahammaren.
Jon Hildrestrand tok dette bildet i påska 1958 da han var gjest hos slektningen sin frå Negard på Ulla.



Januar 2009



Ungdom på Ulla i 1961.  Foto utlånt av Per Åkre

F.v: Kjell Ulla, Kjetil Ulla, Knut Hallvard Ulla (framme), Karl Ståle Ulla (bak), Per Ulla, Jostein Ulla, Per Åkre
I bakgrunnen i høgre biletkant: Fiskebåten "Fausken"


Gå til toppen