ULLA



Ullahammaren 1882

Startside
Presentasjon
Diktsamling
Stadnamn
Fiskebåtar
Ullahammar
Ulla-garden
Ulla-nausta
Vålen
Ulla fyr
Ulla skule
Kulturliv
Næringsliv
Samferdsel
Losar på Ulla
Dialekt


 









Agnus Dei


AGNSDEI  FRÅ  1726

Agnus Dei, det vil seie Guds Lam, eller Agnsdei som det vart kalla på folkemunne. Bringesølv frå 1726 som har gått i arv frå mor til dotter frå 1726. Eigar i dag er Mari Agathe Hatlestad som bur på Valldal gard i Valldal.



Innskrift på denne sida:
Dominus mihi adjutor 1726.
(Herren vere min hjelpar)
Valspråk frå Fredrik 4. si kongetid
Innskrift på denne sida:
Av Guds naade Danmarks,
Norges, Vendenes og Gotenes konge

Foto: Knut Hallvard Ulla - 2009


FOTOGRAFI

    Det er grunn til å tru at den første eigaren av ”Agnsdeiet” var Brite Hognesdt. Ulla,  fødd Uksnøy (1703-1784) gift andre gong i 1743 med Tore Jonson Ulla (1718-1778) i Karigarden på Ulla. Mari Agathe Hatlestad (1966) frå Nygard, Lyshol i Sykkylven, er den niande eigar av ”Agnsdeiet”, gift med  Viktor Valdal (1966)  frå Valdal Gard i Valldal. Dei har bygt nytt hus der og har ei dotter, Ane Maria (2008).



Mari Agathe Hatlestad (1966), Ane Maria Valdal (2008) og Petrine Hatlestad f. Aakre (1922-2018)
Tre siste generasjonar som er arvingar av Agnsdeiet. Foto: Knut Hallvard Ulla - 2009




Petrine Berntsdt. Ulla f. Haram (1861-1948)
Mor til Marie S. Aakre
Marie Sevrinsdt. Aakre f. Ulla (1884-1926)
Mor til Petrine Hatlestad


ARVEFØLGJE  FRÅ  1726  TIL  2009

EIGAR
GIFT MED
BUSTAD
Brit Hognesdt. Ulla. f. Uksnøy
f. 1703,  d. 1784
Gift andre gong i 1743 med
Tore Jonson Ulla f. Haram
f. 1718,  d. 1778
Larsgarden vart delt, og dei vart første brukarane i  Karigarden på Ulla, Haramsøy
Kari Torsdt. Ulla
 f. 02.09.1745,  d. 01.02.1801
Gift andre gong i 1775 med
Hans Olson Ulla f. Almaas frå Stordal  
f. 1743,  d. 1780 (kom bort på  sjøen)
Karigarden på Ulla, Haramsøy
Olave Hansdt. Longva. f. Ulla
f. 1776,  d. 11.01.1849
Ole Ingebrigtson Longva
f. 19.11.1782,  d. 19.05.1858  
Bakkegarden på Longva, Flemsøy
Siri Olsdt. Haram f. Longva
f. 26.03.1807,  d. 01.04.1880   
Gunder Olson Haram
f. 24.05. 1801,  d.01.09.1866
Maristagarden på Haram,  Haramsøy
Gjertrud Gundersdt. Haram
 f. 04.10.1829,  d. 26.09.1905  
Bernt Petterson Haram
f. 20.08.1820,  d. 02.05.1892
Petterframgard på Haram, Haramsøy
Petrine B. Ulla f. Haram
f. 02.07.1861,  d. 15.08.1948  
Sevrin Guttormson Ulla
f. 17.09.1857,  d. 08.03.1935
Ingeleivgarden på Ulla, Haramsøy
Marie S. Aakre f. Ulla
f. 19.03.1884,  d. 30.08.1926
Hans Petterson Aakre
f. 11.01.1883,  d. 07.04.1944   
Eirikgarden på Åkre, Haramsøy
Petrine Hatlestad f. Aakre
f. 02.10.1922 d. 13.03.2018
Johan Hatlestad  frå Bergsdalen, Hordaland
f. 21.08.1922,  d.21.06. 2000
Nygard på Lyshol, Sykkylven
Mari Agathe Hatlestad
f. 30.07.1966
Viktor Valdal
f. 03.08.1966
Valdal Gard, Valldal
 

Gå til toppen