ULLA



 Ullahammaren 1882

Startside
Presentasjon
Diktsamling
Stadnamn
Fiskebåtar
Ullahammar
Ulla-garden
Ulla-nausta
Vålen
Ulla fyr
Ulla skule
Kulturliv
Næringsliv
Samferdsel
Losar på Ulla
Dialekt


 









Laura Vinsrygg

Lenke til oversikt over lærarane på Ulla skule



Laura Vinsrygg
Foto utlånt av Lars Hallvard Ulla




Laura Vinsrygg var lærar på Ulla Skule frå 1942 til 1945. Ho var ei myndig og flink lærarinne. Ho var ikkje gift, men ho hadde hunden Sampo som ho var svært glad i. Ho budde på loftet i Jo-garden i den enden som vender mot nord-aust, sjå bilde av Jo-stova til venstre. Laura var tidlegare lærarinne i Finnmark, og kom flyttande derifrå til Ulla. Det er fortalt at ho alltid gjekk så godt kledd, det var kanskje fordi ho var van med kjølig klima nordfrå. Ho var altså lærarinne under krigen, og i desse åra hadde fyrvaktar Andreas Strømmen flytta frå Kvernholmen og leigde seg rom i andre enden av Jo-stova. Han hadde to fuglehundar, Lurv og Tass. Det var ofte eit bikkjeslagsmål mellom dei tre hundane i Jo-stova.

    Jostein Ullahammer fortel om Laura Vinsrygg: 

"I 1942 fekk vi ny lærar. Det var Laura Vinsrygg frå Nordfjord. Ho avløyste Anna Rørvik frå Vigra. Laura Vinsrygg kom frå ein post i Finnmark. Ho hadde med seg samehunden Sampo. Han låg musestill i ei krå i timane og var ein populær leikekamerat i friminutta. Vinsrygg må få karakter som ein god lærar. Ho får ingen trekk for sin utradisjonelle måte å kle seg på dei dagane ho kom til skulen i ei spesiell skinnjakke og tresko. I klasserommet var det ro og orden. Hende det at det oppstod uro som tangerte tålegrensa, vart det trampa så hardt med eine treskoen, at vanleg ro var gjenoppretta nesten før vibrasjonen i golvet hadde lagt seg."


Fotografiet nedanfor viser Laura heime på Vinsrygg etter at ho vart pensjonist. Vinsrygg ligg rett utanfor Stryn sentrum.



 


Gå til toppen