ULLA



 Ullahammaren 1882

Startside
Presentasjon
Diktsamling
Stadnamn
Fiskebåtar
Ullahammar
Ulla-garden
Ulla-nausta
Vålen
Ulla fyr
Ulla skule
Kulturliv
Næringsliv
Samferdsel
Losar på Ulla
Dialekt


 









Johan Bernt Ulla

Lenke til oversikt over lærarane på Ulla skule



Johan Bernt Ulla (1917-1961)
Foto: Johan Nerbøvik.  Foto utlånt av Helga Ulla


    Her er eit fotografi av far min frå gymnas-tida i Volda. Då han var ferdig der, ville han begynne på veterinærhøgskulen i Oslo. På grunn av andre verdskrig vart det ein del avbrot med studia, og han var tidvis heime på Ulla. Våren 1940 var han lærarvikar på Ulla skule. Det kan også nemnast at han før jul i 1944 tok initiativ til kveldsopplæring for interesserte ungdommar på Ulla. Då underviste han i engelsk, tysk og matematikk. Det var mange som nytta høvet til å tileigne seg kunnskap på den måten, motiverte ungdommar. I eit brev datert 14. november 1944 skriv han at desse hadde meldt seg på førebels: Maligård (Olav Ulla), Struni (Petter P. Ulla), Diffen (Harald P. Ulla), Kåre Ulla, Hallvard Ulla, Pittersen (Harald P. Ulla), Rolv Verpeide, Einar Verpeide, Knut Åkre, Anders Tomren og Petter I. Tomren. Seinare vart det fleire med: Klara K. Ulla og Inger Ulla. Det var ikkje særleg populært at ungjentene gjekk ned på skulehuset for å lære språk og matematikk i julestria. Både Lars-Sevrine (mor til Klara) og Sjur-Petrine (mor til Inger) tykte at jentene heller skulle halde seg heime og hjelpe til med julebaksten og førebuing til jula heime på garden enn å drive på med noko så unyttig som opplæring på skulehuset.
    Ei lita artig historie frå undervisninga då dei skulle lære ein engelsk song: "Twinkle, twinkle little star". Då Pittersen skulle oversetje dette, sa han: "Kvitre, kvitre lisje stare".  Då heldt far på å le seg i hel.
    Det vart forresten ikkje noka lang karriere som lærar for far. Han vart ferdig med utdanninga som dyrlege i 1947 og fekk praksis på heimlege trakter.


Gå til toppen