ULLA



 Ullahammaren 1882

Startside
Presentasjon
Diktsamling
Stadnamn
Fiskebåtar
Ullahammar
Ulla-garden
Ulla-nausta
Vålen
Ulla fyr
Ulla skule
Kulturliv
Næringsliv
Samferdsel
Losar på Ulla
Dialekt


 









Ole Hovseth

Lenke til oversikt over lærarane på Ulla skule




Ole Hovseth
Foto: J. Sponland


    Ole Hovseth var lærar på Ulla skule frå 1901 til 1904. Ole hadde ein bror som heitte Bendik Hovseth som kom til Ulla før Ole kom dit. Bendik var murar og tømrar, og budde i Mette-garden. Kan hende var det slik at Ole kom til Ulla fordi broren var der frå før. Ole og Bendik Hovseth var frå Vatne.
    Det var slik den tida at læraren hadde ei utvida rolle i bygda. Han var viktig i det sosiale livet utanom sjølve skulearbeidet. Ole var svært aktiv på den måten. Det var han som tok initiativ til å starte ungdomslag på Ulla. Laget fekk namnet UL Sambandet. I den første protokollen frå ungdomslaget står det slik:
    "Aar 1901 - 27de januar samlast ullaungdomarne paa skulehuset for aa samtala um skipingi av eit ungdomslag for krinsen. Etter litt somroda um dette vart dei samde um aa velja ei nemnd, som skulde arbeida ut loger forlaget. Valgt vart:
      
       1.   Johan A. Ulla
       2.   Sevrin Ullahamar
       3.   Ole Hovseth
       4.   Petrine Ullahamar
       5.   Johanne Remmen."

    På møtet den 7. februar 1901 vart Ole Hovseth valt til den første formannen i UL Sambandet. På medlemsmøte 16. februar 1901 var det 31 medlemmar som melde seg inn i ungdomslaget. Ole Hovseth var ein dyktig organisator og inspirator i ungdomsarbeidet. På festar var han eit naturleg midtpunkt som festleiar og festtalar.


Gå til toppen