Rasmus Godøy var frå Godøya som namnet
          fortel. Han fekk kjøpt seg eit jordstykkje på nordsida av
          Haramsøya. Tomta strekte seg frå fjell til fjøre. Han dyrka
          opp jorda, bygde løe og bustadhus. Langs begge sider av det
          oppdyrka jordstykkjet ser vi prov på arbeidet som Rasmus la
          ned. Der ser vi steingardar fint oppmura av stein som han
          bygde opp. Ved sjøen bygde han ei stor sjøbud som vart kalla
          Godøy-buda. Sjå nedanfor. Det er vanskeleg å forstå korleis
          han fekk tid og krefter til å byggje opp alt dette og drive
          det samtidig som han hadde yrket sitt som lærar.
              Rasmus var gift med Anna f. Eidsvik
          (1874-1964). Dei hadde tre døtre: Klara, Åsta og Ragnhild.
          Ragnhild var gift med Ingvar Eidskrem.
              Rasmus var lærar på Ulla skule frå 1904 til
          1916. Han tok over etter Ole Hovseth. Samtidig, og litt
          lengre, var han også lærar på Åkre skule, frå 1904 til 1925.
          Anten Rasmus skulle til Åkre eller til Ulla for å undervise,
          var det lang skuleveg. Til Åkre var det å gå over fjellet, og
          til Ulla kunne han gå eller sykle, alt avhengig av ver og
          føre. I tillegg til vanleg undervisning hadde Rasmus også
          ansvaret for sløyd-undervisning for gutane. Det var på same
          måten som sy-skulen for jentene. Det var sett av nokre veker i
          slengen. Når gutane hadde sløyd, var jentene fri og motsett.
          Det var ikkje så avanserte ting som vart laga i sløyd-skulen.
          Det var smått med utstyr og materialar. Det var ei kjend sak
          at gutane stort sett fekk i oppgåve å smie piper i sløydtimane
          med Godøy.
              Rasmus Godøy var ein framifrå talar og
          førelesar. Han vart alltid brukt på festar i ungdomslaget og
          på basar på skulehuset. I kvar ein protokoll frå UL Samhald i
          denne tida står det at Rasmus Godøy hadde bidratt med gode
          innlegg på festane. Det er også kjent at han stilte opp i
          gravferder og forretta. Han var ein dyktig og allsidig person
          som hadde mykje å seie for lokalsamfunnet.
          
          
          
          
          Foto: Leiv Rørvik. Foto teke i hagen til Godøy i
              1940-åra med huset i bakgrunnen. Foto utlånt av Helga
              Ulla.
            Frå venstre: Helga
              Ulla, Johan Bernt Ulla, Rasmus Godøy, Anna Godøy og Lovise
              Rørvik.
          
          
          
          GODØY-HUSET
              
            
          
           Godøy-huset med løa til
              venstre. På bildet frå venstre 1925:
            
            Godøy-huset med løa til
              venstre. På bildet frå venstre 1925:
              Rasmus Godøy, Ragnhild, Åsta, Senta, Klara og Anna
              Heilt til høgre ser vi murane av Jo-Karl-huset som var
              under bygging
              
               
            
                Ragnhild var mor til
              Ivar Eidskrem, Åsta var søster til Ragnhild, Senta var ei
              tysk jente som kom vekk under 1. verdskrig. Ho var med i
              familien om sommaren. Les brevet til Rasmus Godøy frå
              Senta. 
Lenke. 
              Klara var søster til Ragnhild. Det var ho som tok over
              Godøy-eigedommen. Klara var ikkje gift. Til høgre ser vi
              Anna som var gift med Rasmus. 
              
              
              KRISTIAN
                  LØNSET - EIN KUNSTNAR MED STEIN
              
              
              
              
              FOTOALBUM
                  - LØNSET-MUR I GODØY-HUSET
              
              
              
              
              
            GODØY-BUDA
          
          
              Vi veit ikkje så mykje handfast om sjøbuda
          til Rasmus Godøy, men eg har fått ein del informasjon frå
          barnebarnet til Rasmus, Ivar Eidskrem som bu på Eidsvoll. Ivar
          har teke over barndomsheimen på Nordstranda etter foreldra
          Ingvar og Ragnhild Eidskrem. Ingvar var frå Eidskrem i
          Julsundet ved Molde, og Ragnhild var dotter til Anna og Rasmus
          Godøy. Ingvar arbeidde i Haram Sparebank og Ragnhild arbeidde
          på Haram Trygdekontor.
              Sjøbuda vart truleg bygd i tida 1920-22 med
          eit tilbygg noko seinare. Rasmus kjøpte, salta og røykte sild.
          Mellom anna eksporterte han sild til Vest-India. Rasmus
          fortalde at silda vart kokt saman med mjøl til ein næringrik
          velling som arbeidarane på sukkerplantasjane åt. Det var
          truleg drift ved sjøbuda til fram til andre verdskrig. Etter
          den tida vart den utleigd til lager for fiskebåtar fra Longva
          og Haramsøy, mellom anna Skarvaag og Ullaholm. Eg hugsar godt
          dei store bingane med blåser som vart brukt i sildefisket.
          Rasmus døydde i 1960, og då sa Klara Godøy opp leigeavtalane
          med fiskebåtane. Buda stod tom til forfall fram til
          Nordwestbåt kjøpte den i 1985.
            
          
 Godøy-buda midt i
              bildet.  Huset til Helga og Johan Bernt Ulla stikk
              fram til venstre.
            
            Godøy-buda midt i
              bildet.  Huset til Helga og Johan Bernt Ulla stikk
              fram til venstre. 
              Nede til høgre i bildet ser vi "naustet" til Johan Flem.
            Det var ein avkappa
              notbåt som var snudd opp ned og lagt oppå
              steinmurar.  
            Midt i bildet vart det
              bygt industribygg der "Nordvestbåt" heldt til først,
              seinare "H-vinduet".
            
            
             Restane av Godøy-buda slik
              dei står i dag. Foto: Knut Hallvard Ulla - 2007
            
            Restane av Godøy-buda slik
              dei står i dag. Foto: Knut Hallvard Ulla - 2007