Siste
restaurering av nausta vart utført midt på
1990-talet etter orkanen i 1992. Men ver og vind tærer
på bygningane, og særleg eitt av
storbåtnausta, ihopenaustet til Sjur- og Ingeleiv-garden
har hatt stort behov for vøling. Det var lekkasje
på taket og mykje måtte skiftast ut av tro og
lekter. Det andre som var viktig å få gjort, var
istandsetjing av dørene på dette naustet og dei to
nausta ved sida av, Mette-naustet og Mali-naustet.
Det er gjeve midlar frå det offentlege
til istandsetjing, og no i slutten av oktober 2009 var arbeidet
sett i gong. Dette er svært viktig før det skjer
meir skade i vinter. Arbeidet blir leia av Martin Nystad
frå Norddal og blir utført av eit arbeidslag
frå Midsund. Men først og fremst takk til Guttorm
Ulla som er drivkrafta i både denne restaureringa og den
forrige på 1990-talet. Han seier det slik: Eg trur ikkje
folk flest er klar over kor store kulturhistoriske verdiar som
ligg i denne naustrekkja. Då kan du berre tenkje over
dette: Det naustet som blir restaurert no, vart bygt i 1650. Det
vil seie for 360 år sidan. Vi må berre bøye
oss i støvet med respekt for geniale byggjemåtar,
solide konstruksjonar og kvalitet på material som vart
brukt. Det skulle berre mangle om vår ressurssterke
generasjon ikkje skulle greie å ta vare på ein slik
skatt. Men det blir ikkje av seg sjølv......
Alle foto: Knut Hallvard Ulla - oktober 2009