I og med at gardane på Ulla låg heilt ut
mot havet, var det naturleg at ein utnytta dei ressursane
som havet kunne gje. Derfor hadde gardbrukarane fisket som
sin andre leveveg. Nausta er plasserte på austsida av
Naustneset i ly for storbåra med støer mot aust. Nausta er
plasserte i ei rekkje. To gonger har stormen øydelagt
naustrekkja, i 1972 og 1992. Begge gongene har nausta blitt
sette i stand att. Det er i dag til saman 9 naust som står
att. Dei eldste nausta er truleg frå om lag 1650. I tillegg
til at kvar gard hadde sitt eige naust, hadde dei også ei
saltebu der fisken var stelt og lagra. I dag er det berre ei
saltebu att. Eitt av dei opphavlege nausta er borte.
Dei store nausta var 19 x 6,5 meter og gav plass til to
åttringar, medan dei små nausta hadde plass til to
færingar. Når Ulla-karane kom inn Ulla-sundet med
båten full av fisk, var det om å gjere å få fisken til lands
og opp i saltebuene. Der blei fisken verka og stelt,
salta og lagt i la. Dette var kvinnfolkarbeid.
Når tida var inne, blei fisken frakta ut på Fiskeberga
(klippene) utanfor Naustneset. Der vart fisken lagt til
tørk. Klippfisk som var tørka i sol og vind på
naturleg måte, var eit kvalitetsprodukt.