ULLA



 Ullahammaren 1882

Startside
Presentasjon
Diktsamling
Stadnamn
Fiskebåtar
Ullahammar
Ulla-garden
Ulla-nausta
Vålen
Ulla fyr
Ulla skule
Kulturliv
Næringsliv
Samferdsel
Losar på Ulla
Dialekt


 









Tomren



Foto:  Knut Hallvard Ulla - 2017


BYGNINGA




FOTOGRAFI





Helene og Andreas Tomren

Fotoalbum av Tomren-familien i Ullahammaren. Lenke



SLEKTSBOK

Andreas Andersson Tomren  (1867-1942)

Gift i 1892 med Helene Ingeborg Johansdt. f. Hellevik  (1871-1955) frå Ivergarden i Hellevika på Lepsøya.

Andreas var frå Tomrefjord, son til Anders Sivertson Tomren (1830-1914) og Marit Alfsdt. f. Selnes (1828-1888). Andreas flytta til Samfjorden og blei dreng alt som 13-åring. Han vart konfirmert i Vatne kyrkje. Deretter reiste han til Fjørtoft for å få seg arbeid. Til Ulla kom han i 1890 for å bli mannskap på fiskebåten til Petter Hellevik "Haabet". Petter var onkel til Helene som var i arbeid på sjøbudene på Ullahammaren. Helene og Andreas fann kvarandre og vart gifte i Haram kyrkje på Austnes i 1892. Dei flytta heim til Helene sine foreldre i Hellevika og budde der nokre år til Tomren-huset i Ullahammaren vart til sals.

Barn:

1.
Ingvald Sigvard Andreasson Tomren  (1893-1979) budde innom Vålen på Ulla
2.
Magnus Johan Andreasson Tomren (1895-1918) budde på Ulla og Austnes
3.
Petter Helmer Andreasson Tomren  (1897-1968) budde innom Håneset på Haramsøy
4.
Anna Andreasdt. Bjørdal f. Tomren (1900-1982) budde i Geiranger
5.
Julius Andreasson Tomren (1902-1984) budde på Austnes
6.
Vilhelm Andreasson Tomren (1905-1967) budde innom Håneset på Haramsøy
7.
Signe Andreasdt. Aak f. Tomren (1907-1980) budde på Åndalsnes
8.
Johan Andreasson Tomren (1911-1980) budde på Austnes
9.
Olaus Andreasson Tomren (1914-1999) budde på Austnes og seinare på Valderøy
10.
Halldis Andreasdt. Tomren (1921-1921) budde på Ulla

1. Ingvald Sigvard Andreasson Tomren  (1893-1979)

Gift i 1916 med Kristina Pettersdt. f. Fjørtoft (1893-1970) frå Søren-garden på Haram.

Ingvald og Kristina bygde i 1925 det vesle raude huset som ligg for seg sjølv innanfor Vålen på Ulla. Ingvald var fiskar, først på båt saman med Petter Hellevik og faren, seinare på eigen båt.

Barn:

1.
Hjørdis Blindheim f. Tomren  (1916-2005) gift med Olav Hilmar Blindheim frå Vigra. Dei budde på Djupvik, Blindheim på Vigra.
2.
Margit Molnes f. Tomren (1918-2010) gift første gong i 1941 med Harald Nordgård (1918-1945) frå Fosna. Dei budde på Vigra og hadde eitt barn: Kåre Arne (1942). Margit gift andre gong i 1954 med Sverre Molnes (1916-1974). Dei har to barn: Sæbjørn (1956) og Terje Ingvald (1958). Margit og Sverre budde i Timann-garden på Roald, Vigra.
3.
Anders Tomren  (1927-1980) gift med Astrid f. Larsen (1928-1997) frå Austnes. Dei budde på Austnes. Anders var fiskar. Dei har fire barn: Ivar Kåre (1955), Lars Runar (1957), Åse (1961) og Jon Andre (1965).
4.
Petter I. Tomren (1929)  gift med Reidun (1927) frå Lurøy i Nordland. Dei bygde seg hus på Austnes. Petter var fiskar. Dei har fire barn: Oddny (1957), Kjell Inge (1958), Heidi og Sølvi.


2. Magnus Johan Andreasson Tomren  (1895-1918)

Gift med Nikoline f. Strømmegjære (1892-1977) frå Staumgjerde i Sykkylven.

Magnus og Nikoline budde først på Ulla, seinare på Nordstranda på Haramsøy. Magnus var fiskar. Magnus døydde under ein blindtarmoperasjon. Sonen Magnus vart fødd etter at faren døydde. Nikoline flytta då saman med sonen til Sykkylven.

Barn:

1.
Magnus Magnusson Tomren  (1918-1999)



3. Petter Helmer Andreasson Tomren  (1897-1968)

Gift i 1923 med Helga Hansdt. f. Ulla (1900-1963) frå Negard på Ulla.

Petter og Helga budde først i Ullahammaren, i Hellevik-stova. I 1939 flytta dei til Lynghol innanfor Håneset, i huset til Vilhelm og Borghild Tomren. Det var nære band mellom dei to familiane, Petter og Vilhelm var brødre, Helga og Borghild var søstre. I 1949 bygde Petter og Helga nytt hus nokre hundre meter innanfor Lynghol. Petter var fiskar heile livet. Først på "Arild" saman med svogeren Hans H. Ulla. Under 2. verdskrig investerte han i første "Ullaholm". Den vart skifta ut med kviteskuta "Ullaholm" i 1950.

Barn:
 
1.
Arne Tomren  (1923-2007) gift med Solveig f. Farstad (1926-2015) frå Lepsøya. Dei tok over huset på Nordstranda, men flytta seinare til Brattvåg. Arne var fiskar. Barn: Anne Kari (1950-2015), Petter Harald (1952), Nils Ståle (1954) og Audun Svein (1957).
2.
Hans Peder Tomren (1926-2002) gift med Asbjørg f. Heggdal (1927-2006) frå Lepsøya. Som nygifte budde dei hos Knut Longvanes på Nordstranda. Dei bygde seg hus like ved og budde saman med Ella og Bernhard Heggdal, foreldra til Asbjørg. Hans var fiskar på "Ullaholm".  Barn: Per Helge (1952), Helene Berit (1953), Birger (1955-1955),  Birger (1957), Aksel Kåre (1960), Guttorm (1970) og Tor Andre (1971).
3.
Magnus Nils Tomren  (1928) ugift. Han budde først i heimen på Nordstranda, men bygde seg hus i byggjefeltet på Austnes. Magnus var skipper på kviteskuta "Ullaholm".
4.
Asbjørn Tomren (1930)  gift med Oddrun Ruth f. Røssevold (1935). Dei bur på Valderøy. Asbjørn var fiskar, og arbeidde seinare på flyplassen på Vigra. Dei har fem barn: Rune Bertil (1957), Hallgeir Petter (1958), Bjørn (1961), Turid Merethe (1966) og Brita Helen (1970).
5.
Herdis Haram f. Tomren (1932-2013) gift med Jonny Roger Haram (1925-1998). Dei tok over huset til Jonny sine foreldre like innanfor Håneset. Dei dreiv småbruk og Jonny var fiskar på "Brasken". Dei hadde sju barn: Annbjørg Oddny (1956-2014), Hilde Palma (1960), Kristin Helen (1961), Roger (1963), Olin (1965), Ole Petter (1966) og Jan Henning (1969).
6.
Anne Kari Tomren (1939-1946). Ho døydde 7 år gammal.
7.
Bjørg Palma Haram f. Tomren (1942) gift med Oddmund Haram (1934) frå Åmund-garden på Haram. Dei bygde seg hus på heimgarden til Oddmund. Oddmund var fiskar. Dei har eitt barn: Kjell Inge (1964).



4. Anna Bjørdal f. Tomren  (1900-1982)

Gift i 1918 med Nils Bjørdal (1892-1992) frå Geiranger.

Etter at dei gifte seg på Haramsøya og budde ei tid på Ullahammaren, flytta dei til Flydal i Geiranger. Dei fekk 10 barn.

Barn:

1.
Magnus (1919-).
2.
Gunnar (1921-).
3.
Anders (1923-).
4.
Klara (1925-).
5.
Helga (1927-).
6.
Halvor (1928-).
7.
Elfrid (1931-).
8.
Simen
9.
Harald (1933)
10.
Turid



5. Julius Tomren  (1902-1984)

Gift i 1947 med Petra Tomren f. Austnes (1917-1999) frå Ola-Peder-garden på Austnes.

Petra og Julius bygde seg hus på heimgarden til Petra, Ola-Peder-garden. Julius var stuert både på første og andre "Ullaholm".

Barn:

1.
Per Arne Tomren (1949-2012) gift med Synnøve Laila f. Flem (1956) frå Flemsøya. Dei tok over heimgarden til Per Arne på Austnes. Per var snikkar. Dei har tre barn: Lise (1978), Julianne Pia (1981) og Sonja Pernille (1987)
2.
Harald Tomren (1951) gift i 1974 med Britt Petrine f. Nogva (1955) frå Austnes. Dei bygde seg nytt hus på heimgarden til Harald. Harald er bygningsmann. Dei har to barn: Jørn Inge (1976) og Beth Helen (1980).
3.
Oddbjørn Tomren (1953) gift med Evi Ann Tomren. Dei har eitt barn: Linda



6. Vilhelm Tomren  (1905-1967)

Gift i 1935 med Borghild Tomren f. Ulla (1902-1992) frå Negard på Ulla. Borghild var søster til Helga som var gift med Petter Helmer Tomren, bror til Vilhelm.

Borghild og Vilhelm budde første tida på Ulla, men i 1939 fekk dei kjøpe småbruket Lynghol innanfor Håneset av Hans A. Haram frå Anfinngarden på Haram. Vilhelm var fiskar på mellom anna "Ullaholm" og "Fiskenes" som han var medeigar i.

Barn:

1.
Andreas Tomren (1935) gift med Else Margrethe f. Nyland (1936) frå Gamlem. Dei bygde seg hus på Uggedal, Grytastranda. Andreas var fiskar, mellom anna som medeigar i "Fiskenes".  Dei har eitt barn: Ellinor (1965)
2.
Anna Sandanger f. Tomren (1938) gift i 1960 med Olav Sandanger (1932-2012). Dei bygde seg nytt hus på Austnes, men flytta seinare til Skedsmo. Dei har to barn: Vidar (1963) og Sevi Iren (1968).
3.
Hilda Vågnes f. Tomren (1941) gift i 1967 med Nils Vågnes (1933-2006) frå Langevåg. Dei budde først på Haramsøy, men flytta seinare til Grytebust på Ellingsøya. Dei har eitt barn: Britt Jeaneth (1973)
4.
Helga Fone f. Tomren (1943) gift i 1971 med Jakob Fone (1938) frå Gjerstad. Dei budde først i Oslo, men flytta til Kristiansand. Dei har to barn: Wenche (1972) og Ole Petter (1975)
5.
Peder Magnus Tomren (1952) gift i 1979 første gong med Solfrid Klovland (1951). Dei har to barn: Silje Beate (1983) og David (1987). Gift andre gong i 2016 med Kjellaug Nedrebø (1954) frå Elnesvågen. Peder er prest.


7. Signe Aak f. Tomren  (1907-1980)

Gift med Karl Aak (1902-1984) frå Åndalsnes. Dei har ikkje barn.


8. Johan Tomren  (1911-1980)

Gift i 1946 med Jorunn Tomren f. Aakre (1916) frå Eirik-garden på Austnes.

Jorunn og Johan bygde seg hus på heimgarden til Jorunn på Austnes. Johan var fiskar på mellom anna "Ullaholm".

Barn:

1.
Guri Djupvik f. Tomren (1948) gift med Asbjørn Djupvik (1951) frå Fosnavåg. Dei bur i Fosnavåg.  Dei har tre barn: Tore Johann (1972), Frank (1974) og Asgeir (1981)
2.
Arvid Helge Tomren (1951) gift i 1973 med Svanaug f. Flem (1954) frå Flemsøya. Dei tok over garden på Flem der Svanaug vaks opp. Dei har tre barn: Aina Karete (1975), Nina Janett (1981) og Sunniva Iren (1963).


9. Olaus Tomren  (1914-1999)

Gift i 1954 med Bjørg Tomren f. Fylling (1929) frå Valderøya.

Bjørg og Olaus bygde seg hus på Austnes som nabo til Johan Tomren og Hans Tomren. Dei selde huset og flytta til Valderøy. Olaus var fiskar. Dei har to adoptivbarn.

Barn:

1.
Bjørn Ola Tomren (1963)
2.
Linda Helen Tomren (1966)


10. Halldis Margit Tomren  (1921-1921)

Halldis døydde knapt årsgammal av lungebrand.




Gå til toppen