BYGNING
Ovanfor ser vi Nye Svendsen frå sør, og nedanfor
frå nord.
Etter kvart som
Svendsen-familien vart større, vart det dårleg med plass i
Gamle Svendsen. Laurits Svendsen bestemte seg derfor for å
byggje nytt hus sør for Gamle Svendsen. Laurits og Thomasine
hadde då alt to barn: Karl og Karen. Laurits Svendsen bygde
Nye Svendsen i 1918. Tømmeret kjøpte han i Skodje-bygda. Det
var Jubb-Sevrin (Sevrin K. Ullahammer) som førde tømmeret til
Ulla med båten sin,
"Svalen".
Laurits lagra tømmeret på oppsida av Elias-buda under eit
provisorisk tak. Slik låg det til våren 1918 då han starta
bygginga. Fotografiet ovanfor er frå 1937, vi ser Nye Svendsen
i framkant til venstre mellom Gamle Svendsen og Hytta.
Opphavleg var altså Nye Svendsen identisk med Kari-stova litt
lenger nede i Ullahammaren og også Åkre-stova. Både Nye
Svendsen og Åkre-stova vart påbygde og ombygde. Åkre-stova i
1920-åra, og Nye Svendsen etter andre verdskrigen. Av
fotografiet ser vi elles at glasføringa vart endra ved
ombygginga. På bildet er det parallelle vindauge oppe i
hovudetasjen med vindauga i kjellaren. Ombygginga viser ein
spesiell, og kanskje noko merkeleg arkitektur. Men alltid ved
slike bygningsmessige endringar var grunnen at ein ville ha
meir plass. Det hadde seg slik at Karl Svendsen var blitt
trulova med ei dame som heitte Fanny frå Kristiansund. Ho var
aktiv i Frelsesarmeen. Planen var at ho skulle flytte til Ulla
saman med Karl. Han sette derfor i gong med utbygging av Nye
Svendsen for å få betre plass til familien. Men så gjekk
dessverre forholdet til Fanny over styr, og det vart ikkje
noko par av dei. Etter at gamlefolket døydde vart det god
plass til søskena Karl og Karen Svendsen som begge var ugifte.
SLEKTSTRE
Slektstre
for Karl Svendsen (1910-1993)
SLEKTSBOK
Laurits Knutson Svendsen (1878-1957)
Laurits var fiskar, først
som mannskap på båtar frå Ulla. Men då broren Filip Svendsen
kom heim etter mange år som styrmann til sjøs, fekk dei to
brørne bygd seg ein båt i lag. Båten heitte "Neptun" og var
32-33 fot lang med ein 4 HK Hjelset motor i. Det var ein
retteleg fin båt som vart bygd etter ein modell som Filip
hadde laga. Båten låg i utfar inne på Vålen.
Gift med Thomasine Svendsen f.
Krogsæter (1879-1963) frå Vatne.
Barn:
1.
|
Karl Svendsen
(1910-1993) Ugift. Fiskar, skomakar og frisør.
|
2.
|
Karen Svendsen
(1915-1996) Ugift.
|
Etter at Karl og Karen døydde,
tok søstrene Astrid Aarseth og Elfrid Kleive over Nye
Svendsen. Bestemor deira heitte Anna Vestvik f. Svendsen. Ho
var søster til Laurits Svendsen. I 2008 tok Elfrid Kleive over
Nye Svensen åleine.
FOTOGRAFI
 |
 |
Knut Johan Svendsen, far
til Laurits
|
Laurits Svendsen
|
|
|
 |
 |
Thomasine og Laurits
Svendsen
|
Karen Svendsen
|

 |
 |
Karl Svendsen og Knut Åkre
|
Karl Svendsen
|
|
|
 |
 |
Thea Ullahammer og Thomasine
Svendsen
|
Karl Svendsen
|

Edvin Verpeide,
Bjørn Nogva, Karl Svendsen og Oddmund Verpeide
 |
 |
Karl Svendsen
|
Ole Ullahamar og Karl Svendsen
|

Karl Svendsen
dreg i vindetauet i Elias-buda.

Svanhild
Aasebø, Karen Svendsen og Karl Svendsen

Bakar Gullaksen
frå Austnes sel brød på Ullahammeren i 1975.
F.v. Olga Åkre, Svanhild
Aasebø, Kitta Ulla, Karl Svendsen, bakar Gullaksen, ukjend.

Søndag
formiddag ved Ulla-nausta 1976.
F.v. Ole Ullahamar, Alf Ulla,
Karl Svendsen, Knut Åkre og Per Ulla

Gunnar Ulla,
Alf Ulla, Knut Åkre og Karl Svendsen.
Gå til
toppen