ULLA
Varene
til butikken kom med dampbåten frå Ålesund. Den
ankra opp ute på leira, og så tok dei flyttbåten og
rodde varene ut til Ulla-nausta. På Negardsvøren
var det rigga til med skinner som dei kunne trille ei
vogn på. Så vart varene mellombels lagra i
ihopenaustet til Ingeleiv og Sjur og trilla i handvogna
inn i Hammaren i ei eller fleire vender. På biletet til
høgre ser du handvogna (to-hjulsvogna) som GV
nytta. Den står like heil i Kari-løa i
Ullahammaren den dag i dag. Sirup vart selt i laus
vekt hos han GV. Store fat med sirup vart frakta i
land på Storebuda i Ullahammaren, heisa opp med
vindehjulet og trilla på to plankar som dei la oppover
vegen. Det var eit tungt arbeid, men så var det
ikkje kvar dag det vart levert sirupsfat til butikken
hans GV heller då. |
|
![]() |
Foto: Knut Hallvard Ulla - 2006 |
![]() |
|
Her
er fotografi av skiltet som hang over kjellardøra i
Kari-stova den tida det var telefonsentral der.
Det var frå slutten av 1930-åra og til om lag
1950. Då var Kari-stova ein sentral bygning med
butikk og telefon. Vi må hugse på at det
ikkje var så mange som hadde eigen telefon på Ulla denne
tida, berre nokre få husstander. Når det var
telefon til nokon, var det ungane som måtte springe av
stad og få tak i den det var telefon til. Gustav
Vebjørn Ulla, GV, hadde mang ein vanskeleg situasjon å
løyse i samband med at han hadde ansvaret for telefon på
Ulla under andre verdskrigen. Tidlegare var
telefonsentralen på Ulla i Gamlestova. Der var Helga
Ullahammer, Krogs-Helga, telefondame. Ho budde i
den austre delen av Gamlestova. Sjå meir
opplysningar om Gamlestova på eiga side. |
![]() |
![]() |
Johan Rasmusson Ulla
(1848-1928) Foto utlånt av Per Ulla |
Gustav Vebjørn Ulla
(1881-1959) Foto utlånt av Per Ulla |
![]() |
![]() |
Per og Frida Ulla Foto utlånt av Per Ulla |
Per G. Ulla Foto utlånt av Per Ulla |
![]() |
Frå venstre: Frida Heggenhougen, Emma
Ulla og Marie Ulla Foto: Per Ulla |
Gift i 1873 med
Dei tre borna som budde i Kari-stova i
Ullahammaren:
1. |
Gustav Vebjørn Johanson Ulla (1881-1959) som tok over "Udsikten". |
2. |
Laura Johansdt. Ullahammer f. Ulla (1892-1983) gift i 1919 med Sevrin Kristianson Ullahammer (1880-1934) frå Job-stova i Ullahammaren. |
3. |
Klara Johansdt. Ratvik f. Ulla (1895-1952) gift med Hans Ratvik (1883-1966) frå Borgund. Busett i Ratvika i Ålesund. |
1. |
Per Gustavson
Ulla (1919-2006) ugift, tannlege busett i
Ratvika i Ålesund. Per tok over huset som
feriebustad. |
2. |
Frida Heggenhougen f. Ulla (1923) gift med Ottar Heggenhougen (1922-2014). Ottar var arkitekt, og dei er busette i Trondheim. Dei har tre barn: Marit (1952), Brit (1955) og Per (1957). |