ULLA



 Ullahammaren 1882

Startside
Presentasjon
Diktsamling
Stadnamn
Fiskebåtar
Ullahammar
Ulla-garden
Ulla-nausta
Vålen
Ulla fyr
Ulla skule
Kulturliv
Næringsliv
Samferdsel
Losar på Ulla
Dialekt


 









Ingebrigt-stova



Det er truleg Kristine Verpeide som står i døra saman med ei av jentene sine og tre større gutar framom nova
Foto utlånt av Bjarne Verpeide 


BYGNINGA


Fotografiet ovanfor viser Ingebrigt-stova til høgre og Ola-stova til venstre.  På framsida ser vi Ola-stova frå trappa og bortover.  Ola-stova vart truleg bygt attåt Ingebrigt-stova som heilt sikkert var det eldste huset i Ullahammaren, kanskje også på Ulla.  Sevrin G. Ulla hadde ei teori om at det i rett gammal tid var på innsida av Ullahammaren at aktiviteten og busetnaden starta med bustadhus, stabbur, løer og naust.  Dette var i så fall før dei store sjøbudene kom opp på nordsida av Ullahammaren.

Ingen veit kva tid Ingebrigt-stova vart bygt, men den har sjølvsagt namnet sitt etter Ingebrigt Ingebrigtson Ullahammer (1841-1884) som var første ektemannen til Kristianna Ullahammer.  Ingebrigt var fødd på Svinøy i Borgund.  Han kom til Ulla som tenestegut i Mette-garden.  Han vart seinare fiskar.  1884 var eit tragisk år for Kristianna og Ingebrigt.  Kristianna var med barn sommaren 1884 då Ingebrigt døydde brått den 10. juni.  Ny tragedie ramma Kristianna den 15. august då dottera Ingeborg døydde.  Kristine vart så fødd den 2. oktober same året. 

I alle år var det eit problem å kome seg fram nedom Hammaren.  Ingebrigt-stova stod plassert nesten heilt opp i Haugen.  Då Olav Verpeide ville byggje seg nytt hus, vart Ingebrigt-stova riven medan Ola-stova stod att slik ho står den dag i dag.  Vegen vart lagt mellom Ola-stova og det nye huset til Olav Verpeide.  Det var i 1969.  Olav døydde brått like etter at det nye huset var ferdig.  Broren Edvin Verpeide tok så over huset som Laffen hadde bygt.

Rominndeling av Ingebrigt-stova:



Skissa har eg laga etter opplysningar frå Per G. Ulla og Lovise Verpeide.  Som vi ser av fotografiet og teikninga, var Ola-stova samanbygd med Ingebrigt-stova.  Det var truleg Hammars-Ola, bror til Kristianna, som fekk høve til å byggje på eit husvære for seg og familien sin.  I første etasje i Ingebrigt-stova var det inngang frå nord ved Haugen.  Vi kjem inn i ein smal gang med ei dør til venstre inn til kammerset.  Her budde Kristianna.  Frå gangen går ei dør til høgre inn til kjøkkenet.  Der er eit vindauge oppover.  Frå kjøkkenet går det ei bratt trapp opp til kvisten på loftet.  Trappa står på ei plattform og derifrå er det ei luke inn til ei gong.  Dette er eit spesielt rom som vart brukt til å lagre forskjellig utstyr, reiskap og verkty.  Det var truleg også tilgang til gongja frå utsida av huset.  Under trappa var det ovn med tilgang til skorsteinen som var mest synleg inne på stova.  Stova var opphaldsrom for heile familien og soverom for Edvard og Kristine.  Trappa går opp frå kjøkkenet til kvisten mot nord.  Der er eit vindauge med utsyn mot Haugen.  På kvisten var det soveplass til alle jentene, til saman fem på det meste.  Frå kvisten går det ei dør ut til ein smal, mørk gang.  Der er eit lite kott til venstre og ei dør inn til loftet som er soverommet til gutane, til saman sju på det meste.  På loftet er det fire låge smale vindauge nedover.  Ein av gutane, Oddmund, budde for det meste i Ola-stova saman med Karoline (Kalla) Barstad. Vi kan berre prøve å tenkje oss korleis det var å bu og leve i eit så lite husvære for ein familie på 15.


FOTOGRAFI



Kristianna Ullahammer (1850-1944)
Foto utlånt av Per Ulla
Ole Hansson Ullahammer f. Rogne (1861-1915)
Foto utlånt av Per Ulla



Petter Ingebrigtson Ullahammer (1879-  )
Foto utlånt av Ole Ullahammer

Edvard Verpeide (1877-1964)
Foto utlånt av Ole Ullahammer


Anna Bjørnevik f. Rogne (1895-1975)
Foto utlånt av Per Ulla

Edvard Verpeide og Kari Ulla (1942-1976)
Foto utlånt av Lars Ulla





Til venstre ser vi M-45-H "Kvik" eller
"Babben" som båten til Edvard Verpeide
vart kalla. Du kan lese meir om "Babben"
på denne lenka.


Edvard Ellingson Verpeide (1877-1964) og
Kristine Ingebrigtsdt. f. Ullahammer (1884-1951)

Foto utlånt av Lovise Verpeide

Ingebjørg Jelle f. Verpeide (1916-2006) og
Petter Hjalmar Jelle (1908-1999)

Foto utlånt av Lars Ulla


Edvin Verpeide (1918-1997) med barnebarnet Bjørn Nogva (1973) på armen,
Karl Svendsen (1910-1993) og  Oddmund Verpeide(1920-1993)

Foto:  Per Ulla  - 1976




Oddmund Verpeide (1920-1993), Hallvard Ulla (1924-2008), Øyvind Verpeide (1960) og Edvin Verpeide (1918-1997)
Foto:  Per Ulla  - 1967



Kari Verpeide (1924-1987). Ho var gift med Hallvard Ulla (1924-2008) og budde i Ullahammaren.
Foto utlånt av Lars Ulla



Helga Åkre (1918-2010), Alf Verpeide (1914-1991) og Signe Tomren (1907-1980)
Foto utlånt av Helga Ulla  - 1935



Olav Verpeide (Laffen) (1913-1969) og Judit Farstad (1914-1992).
Judit var frå Sevrin-garden på Farstad, Lepsøy og vart seinare gift med Olav Olden på Haram.

Foto utlånt av Helga Ulla   - 1937



Frå venstre: Sigrid Håvik (søster til Lovise Verpeide), Oddbjørg Ullahammer, Sigrun Longvanes,
Kari Ulla (Lisje-Kari) og Herbjørg Åkre. I barnevogna framme: Egil Verpeide.

Foto utlånt av Egil Verpeide   - 1947




Egil Verpeide og og mora Klara Verpeide f. Myskja. Oppe til venstre: Oddbjørg Ullahammer.
Foto utlånt av Egil Verpeide   - 1947


SLEKTSBOK

Petter Pederson Ullahammer (1813-1878)
Petter var fødd på Ona i Aukra kommune.  Han var fiskar.

Gift første gong i 1845 med Anne Iversdt. f. Rogne (1815-1857) frå Rogne.

Barn:
1.
Ole Petter Petterson Ullahammer (1845-1921), busett i Ola-stova, Ullahammer.  Han vart kalla Hammars-Ola.
2.
Petrine Johanne Pettersdt. Ullahammer (1847-1848).  Ho døydde 9 månader gammal.
3.
Kristianna Pettersdt. Ullahammer (1850-1944) som tok over Ingebrigt-stova.
4.
Petter Britanus Petterson Ullahammer (1854-  ), busett i Ålesund.

Gift andre gong i 1858 med Nille Arentsdt. f. Høeg (1813-1875) frå Ålesund. 
Ingen barn i ekteskapet.

Kristianna Pettersdt. Ullahammer (1850-1944)

Gift første gong i 1878 med Ingebrigt Ingebrigtson Ullahammer (1841-1884). 
Ingebrigt var fødd på Svinøy i Borgund.  Han kom til Ulla som tenestegut i Mette-garden.  Han var fiskar.  Ingebrigt-stova har namnet sitt etter han.

Barn:
1.
Petter Nikolai Ingebrigtson Ullahammer (1879-  )  Gift med Ragna f. Håvik.  Busett i Ålesund.  Petter var svært liten.  Derfor vart han kalla Lillehammer.
2.
Ingeborg Anna Ingebrigtsdt. Ullahammer (1881-1884) som døydde tre år gammal.
3.
Kristine Ingebrigtsdt. Verpeide f. Ullahammer (1884-1951) som tok over Ingebrigt-stova.

Gift andre gong i 1892 med Ole Elias Hansson Ullahammer f. Rogne (1861-1915) frå Rogne.

Fosterbarn:
1.
Anna Eline Hansdt. Bjørnevik f. Rogne (1895-1975) frå Rogne, gift og busett i Brattvåg. Ole var onkel til Anna.  Ole og Kristine tok åt seg Anna og fostra henne opp i Ullahammaren då far hennar, Hans Hansson Rogne, omkom på sjøen i 1898.

Kristine Ingebrigtsdt. Verpeide f. Ullahammer  (1884-1951)

Gift  med enkjemann  Edvard Ellingson Verpeide (1877-1964)
Edvard kom til Ullahammaren frå Davik i Nordfjord i 1896 saman med søstra si, Hansine Ellingsdt. Verpeide, sjå Elias-stova i Ullahammaren.  Edvard var først gift med Vilhelmine Knutsdt. f. Svendsen (1875-1904).  Vilhelmine døydde i barsel ei veke etter at dottera deira, Karen Edvardsdt. Verpeide var fødd.  Karen døydde berre ein dag gammal.  Sjå omtale under Gamle-Svendsen.

Barn:
1.
Vilhelmine Verpeide (1907-1937).  Ugift.
2.
Ingeborg Kristi Verpeide (1908-1908).  Ho var fødd 8. februar og døydde same dag.
3.
Emma Furset f. Verpeide (1908-1962).  Gift med Leiv Furset (1906-1975).  Busett på Stranda. Barn: Solbjørg Verpeide f. Furset (1934), Lars Viktor Furset (1936), Else Karin Austnes f. Furset (1939) og Per Furset.  Merk at Solbjørg er gift med Petter Verpeide som er bror til mora, Emma.
4.
Kristi Ulla f. Verpeide (1910-1988).  Gift med Hans Hansson Ulla (1906-1982) frå Negard på Ulla.  Dei bygde huset Bergly (Kitta-huset) i Ullahammaren og busette seg der. Barn: Helge Ulla (1933-1949) og Kari Elsa Haram f. Ulla (1942-1976).
5.
Olav Verpeide (1913-1969).  Ugift.  Han vart kalla "Laffen".  Han var fiskar med mange år mellom anna på "Skarvaag".  Han bygde Verpeide-huset i Ullahammaren etter at Ingebrigt-stova vart riven.  Olav døydde rett etter at huset var ferdig i 1969.
6.
Alf  Verpeide (1914-1991) gift med Klara f. Myskja (1924-2017).  I unge år var Alf fiskar på "Babben" saman med faren Edvard og broren Edvin. Alf og Klara tok over og dreiv Marka-garden på Myskja.  I tillegg var Alf  industriarbeidar på Austnes. Barn: Egil Arne Verpeide (1946), Arne Joar Verpeide (1948-2011), Helge Vebjørn Verpeide (1951), Kirsti Misund f. Verpeide (1955) og Dag Verpeide (1959).
7.
Ingebjørg  Jelle f. Verpeide (1916-2006).  Gift med Petter Jelle (1908-1999) som var gardbrukar på Stranda. Barn: Jens Petter Jelle (1945), Wenche Mari Lien f. Jelle (1949), Edel Kristina Lystad f. Jelle (1953) og Per Inge Jelle (1956).
8.
Edvin Verpeide (1918-1997).  Gift i 1950 med Lovise f. Håvik (1930) frå Brattvåg.  Edvin var fiskar mellom anna ombord i "Babben", "Odin" og mange år med "Skarvaag".  Edvin og Lovise var busett i Ullahammaren, først i Ola-stova, så i Jo-stova og til sist tok han over Verpeide-huset etter at broren Olav døydde i 1969. Barn: Kristin Eli Nogva f. Verpeide (1952), Vigdis Palma Bakke f. Verpeide (1954) og Øyvind Petter Verpeide (1960).
9.
Oddmund Verpeide (1920-1993).  Gift med Olga f. Åsen (1922-2005).  Busett på Stranda. Barn: Bjarne Verpeide (1948).
10.
Rolv Johan  Verpeide (1922-1997).  Gift med Brite Verpeide f. Faleide (1922-1984) og busett i Nesbru. Barn: Eili (1959-2016) og Rolv Vegard (1964).
11.
Kari Ulla f. Verpeide (1924-1987).  Gift med Hallvard Karlson Ulla (1924-2008) frå Lars-garden på Ulla.  Dei bygde huset Bergtun i Ullahammaren og busette seg der. Barn: Karsten Steinar Ulla (1957), Einar Kåre Ulla (1959) og Lars Hallvard Ulla (1960).
12.
Petter Ragnar Verpeide (1926-2016).  Gift med Solbjørg f. Furset (1934).  Solbjørg er dotter til Emma og Leiv Furset, sjå ovanfor.  Dei er busette på Stranda. Barn: Geir Erik Verpeide (1959), Leif Erik Verpeide (1964) og Frode Verpeide (1969).
13.
Einar Verpeide (1929).  Gift med Gerd Verpeide f. Martinsen (1931-1990) og busett på Jessheim.  Han hadde sitt yrke i militære. Dei har ikkje barn.


Gå til toppen