ULLA



 Ullahammaren 1882

Startside
Presentasjon
Diktsamling
Stadnamn
Fiskebåtar
Ullahammar
Ulla-garden
Ulla-nausta
Vålen
Ulla fyr
Ulla skule
Kulturliv
Næringsliv
Samferdsel
Losar på Ulla
Dialekt


 









Gamle Svendsen



Foto:  Knut Hallvard Ulla  -  1997



FOTOALBUM

Lenke til fotoalbum for Gamle Svendsen




SLEKTSBOK  SVENDSEN-SLEKTA

Webjørn Raunsgaard Svendsen (1753-1829)
Han var fødd i Ustedal i Hallingdal. Han kjøpte garden Ørstavik i 1805. Han døydde hos slekta på Mjelva i Rauma.

Gift med Kari Eriksdr. f. Rue (1757-1824) frå Hol i Hallingdal.

Barn:
1.
Svend Webjørnson Svendsen (1788-1858). Gift med Marte Nilsdt. f. Haugen (1786-1861) frå Vanylven. Svend kjøpte Borgarøya (Lille Hatløy) i 1829 av Claus Frantson Rotset. Det hadde då vore handelsverksemd der sidan 1771. Han og kona dreiv handelsstaden Borgarøya ved Ulsteinvik.
2.
Arne Webjørnson Svendsen (1789-1835). Han var fødd på garden Raunsgård i Ustedalen i Hallingdal. Gift med Guro Larsdt. f. Nore (1795- ) frå Numedal. Guro var søster til Ingeborg som var gift med Knut, bror til Arne. Sjå nedanfor. Lars Nore hadde kjøpt garden Djupvik i Borgund i 1810 av futen Ole Christian Bull. Arne Svendsen fekk skøyte på halve garde i 1827, og då Lars døydde, fekk Guro skøyte på den andre halvparten. Arne vart eigar av heile eigedommen Djupvik.
3.
Ole Webjørnson Svendsen (1795-1830). Ugift.
4.
Berte Webjørnsdt. Svendsen (1796-1821). Ugift
5.
Guro Webjørnsdt. Thingnæs f. Svendsen (1797- ). Gift med Erik Olson Thingnæs (1781- ) frå Sunnfjord.
6.
Erik Webjørnson Svendsen (1793- ). Gift med Margrete Sjursdt. f. Vinjevoll frå Ørsta i 1834. Dei tok over hovudbruket i Ørsta etter faren til Erik.
7.
Knut Webjørnson Svendsen (1799-1851). Gift med Ingeborg Larsdt. f. Nore (1802-1888) frå Numedal i 1826. Ingeborg var søster til Guro som var gift med bror til Knut, Arne. Sjå ovanfor. I 1827 kjøpte dei borgarsetet Gamlem.
8.
Agathe Webjørnsdt. Måkerud f. Svendsen (1802-1837)

Knut Webjørnson Svendsen (1799-1851)
Knut var fødd i Ustedalen. Han tok over handelsstaden Gamlem i  1830 og dreiv den saman med kona.

Gift med Ingeborg Larsdt. f. Nore (1802-1888) frå Numedal.
 
Barn:
1.
Laurits Kristoffer Knutson Svendsen (1827- ). Han vart fødd på garden Djupvik i Borgund. Gift med Trine Nilsen frå Arendal. I 1856 tok Laurits over hovudbruket på Gamlem. Men då var det nesten slutt på handelen på Gamlem og Laurits flytta til Ålesund der han vart handelsbetent. Sonen til Laurits, Tomas, flytta det store handelshuset på to etasjar til Ålesund, Det var den såkalte Brusdalsgarden på Røysa der det vart forretning i underetasjen. Huset gjekk med i bybrannen i 1904.
2.
Webjørn Knutson Svendsen (1828-1874) flytta til Ullahammaren og dreiv handel der.
3.
Ole Bretanus Knutson Svendsen (1830- )
4.
Philip Wilhelm Knutson Svendsen (1832- )
5.
Charel Johan Knutson Svendsen (1833- )
6.
Knut Johan Knutson Svendsen (1834-1920) flytta til Ullahammaren og dreiv handel der.
7.
Arne Severin Knutson Svendsen (1835- )
8.
Tommesine Johanne Knutsdt. Svendsen (1842-1842)
9.
Thomas Knutson Svendsen (1844- )
10.
Kristoffer Knutson Svendsen (1846- )
11.
Karen Ingeborg Knutsdt. Svendsen (1848- )

Webjørn Knutson Svendsen (1828-1874)
Webjørn var fødd på Gamlem. Han dreiv handel på Ullahammaren frå 1865 saman med Johan Herman Løeg.

Gift 12.9.1869 i Haram kyrkje, Austnes med Pauline Lassesdt. f. Eide (1849-1935) frå Eidsbygda i Romsdal. Ho flytta tilbake til Eidsbygda saman med dei to småjentene sine etter at Webjørn døydde.

Barn:
1.
Klara Johanne Webjørnsdt. Rødven f. Svendsen (1870-1935) gift med Knut S. Rødven (1854-1929)
2.
Laura Kristine Webjørnsdt. Eide (1872-1936) gift med Roy Eide (1863-1957)

Knut Johan Knutson Svendsen (1834-1920)
Knut var fødd på Gamlem. Han vart døypt i den gamle stavkyrkja på Haram. Han dreiv handel på Ullahammaren frå 1865 saman med Johan Herman Løeg. Han bygde Gamle Svendsen-huset i 1865.

Gift 31.7.1864 i Haram kyrkje, Austnes med Karen Larsdt. f. Rotenes (1835-1897) frå Borgund.

Barn:
1.
Ingeborg Anna Knutsdt. Svendsen (1862-1862)
2.
Filip Johan Knutson Svendsen (1864-1953) gift med Marie Svendsen f. Tvedt (1878-1966) frå Bergen. Dei tok over Gamle Svendsen.
3.
Hans Ludvig Knutson Svendsen (1866- )
4.
Josefine Karoline Knutsdt. Svendsen 1868- ) ho døydde ung.
5.
Petra Knutsdt. Gundersen f. Svendsen (1870-1904) gift med Karl Gustav Gundersen (1861-1937) frå Gamlem. Dei budde på Gamlem.
6.
Gustav Kristoffer Knutson Svendsen (1871-1956) gift 1923 med Marie Honningdal (1891- ) frå Ålesund. Gustav var seglmakar på Ulla. Han og Marie reiste til Amerika der han mellom anna gjorde teneste i marinen under krigen. Då han døydde, flytta Marie tilbake til Noreg. Ho døydde i Bergen.
7.
Anna Dorthea Knutsdt. Westvik f. Svendsen (1873- ) gift med Leonard Westvik (  -1940) frå Ålesund. Dei budde i Ålesund. Dei hadde tre barn: Karen (1899- ), Oskar (1900- ) og Wilhelm (1904- ). Wilhelm vart gift med Werna Westvik f. Aandal (1906- ) i 1934. Dei har to barn: Elfrid (1936) og Astrid (1939). Elfrid var gift med Arne Kleive (1929-2015). Dei har to barn: Marianne (1958) og Tore (1960). Elfrid og Arne Kleive tok over Nye Svendsen etter at Karen og Karl Svendsen døydde.
8.
Vilhelmine Knutsdt. Verpeide f. Svendsen (1875-1904)
9. Laurits Andreas Knutson Svendsen (1878-1957) gift i 1909 med Tomasine Svendsen f. Krogsæter (1879-1963) frå Vatne. Dei bygde nytt hus på tomta, Nye Svendsen

Filip Johan Knutson Svendsen (1864-1953)
Filip var fødd på Ulla. Han var styrmann mellom anna på "Hafnia" av Bergen og på rutebåten "Ternen". Seinare vart han fiskar saman med broren Laurits. Dei hadde fiskebåten "Neptun" i lag.

Gift med Marie Svendsen f. Tvedt (1878-1966) frå Bergen.

Barn:
1.
Anna Filipsdt. Mikkelsen f. Svendsen (1901-1970). Gift med Emanuel Mikkelsen (1886-1961). Dei budde i Bergen.
2.
Klara Filipsdt. Solheim f. Svendsen (1902-1960). Gift med Per Solheim (1894-1958). Dei budde i Hornindal.
3.
Knut Filipson Svendsen (1905-1911).
4.
Olav Harald Filipson Svendsen (1906-1951). Gift med Agnes Svendsen f. Hamre frå Davik i Nordfjord. Dei tok over Gamle Svendsen, men Olav fekk kreft og døydde berre 45 år gammal. Agnes flytta tilbake til Davik.
5.
Marie Filipsdt. Bøen f. Svendsen (1909-2008). Gift med Ingvald Bøen (1905-1942) frå Davik i Nordfjord. Marie tok over Gamle Svendsen då broren Olav døydde.
6.
Hildur Filipsdt. Lunde f. Svendsen (1913-1988). Gift med Lars Matiasson Lunde (1904-  ) frå Hornindal. Dei budde i Bergen der Lars var yrkesmilitær. Lars var farbror til Matias Lunde som er gift med Palma f. Dahl på Haramsøy.
7.
Petra Filipsdt. Mikkelsen f. Svendsen (1917-2008). Gift med Håkon Mikkelsen (1912-  ) frå Danmark. Dei budde i Oslo. Dei hadde ikkje barn.

Marie Filipsdt. Bøen f. Svendsen (1909-2008)

Marie var ei tid saman med søstra Klara på Svalbard. Dette var på slutten av 1920-talet. Ho blei kjend med Ingvald Bøen som var proviantforvaltar på Svalbard.

Gift 16.6.1934 i Davik i Nordfjord med Ingvald Bøen (1905-1942) frå Davik i Nordfjord. Ingvald var tilsett som proviantforvaltar i Store Norske Kullkompani på Svalbard. I 1941 vart dei evakuert til England, men vart sendt nordover til Svalbard att våren 1942. Den 14. mai 1942 vart båten senka av tyske bombefly og Ingvald omkom.

Barn:
1.
Kåre Bøen (1935-2000).

Kåre Bøen (1935-2000)
Kåre var disponent på Spilkevig i Ålesund. Han og Else budde i Ålesund og brukte Gamle Svendsen som fritidsbustad.

Gift 9.10.1965 med Else Bøen f. Gjerde (1940-2004).

Barn:
1.
Inge Bøen (1966). Gift med Karen Bøen (1968) frå USA. Dei bur i Ålesund og har to barn: Ingrid Maria (2002) og Erik Kåre (2004).
2.
Anne Bøen (1970). Ho bur i Oslo.



Gå til toppen