ULLA



 Ullahammaren 1882

Startside
Presentasjon
Diktsamling
Stadnamn
Fiskebåtar
Ullahammar
Ulla-garden
Ulla-nausta
Vålen
Ulla fyr
Ulla skule
Kulturliv
Næringsliv
Samferdsel
Losar på Ulla
Dialekt


 









Negard



Bumerke
Negard




Bruksnr. 5




Foto:  Knut Hallvard Ulla - 1997


BYGNINGAR

Sjur-garden vart skild frå Negard om lag 1650.  Negard har namnet sitt etter Nerigard fordi denne garden låg lengst nede i husklyngja i det gamle Ulla-tunet.  I samband med utskiftinga rundt 1880, sette Negard opp nybygg lengst oppe av gardane.

 I det gamle klyngjetunet på Ulla hadde Negard seks bygningar:  Stove, kårstove, løe, stabbur, torvsjå og grisehus.  Det var berre Negard og Sjur-garden som hadde kårstove.  Etter utskiftinga i 1880 var Negard første garden som flytta ut frå klyngjetunet, det var i 1892.  Skilnaden på Negard-stova og dei andre stovene som vart bygde på slutten av 1800-talet, var at Negard-stova ikkje hadde ark.  I tillegg til ny stove vart det bygd løe og torvsjå. .  I 2000 måtte gamlehuset rivast då Kirsti og Erik Ingelsrud hadde sett seg opp nytt våningshus like ovanfor gamlehuset som då hadde gjort tenesta si.

Negard har det naustet som ligg lengst nord i naustrekkja.  Saltebuda låg på berget rett aust for Ingeleiv-naustet og stod heilt til storstormen i 1972.

FOTOGRAFI



Peder Hansson Ulla  og  Petra Pettersdt. Ulla
Foto:  J. Sponland
Petra Pettersdt. Ulla (1900-1989)
Foto: J. Sponland



Peder Hansson  Ulla (1895-1952)
Foto: J. Sponland
Hans H. Ulla (1860-1926)
Anna P. Ulla (1871-!915)

Foto utlånt av Grete Åkre



Berte B. Ulla f. Flem (1842-1916)
Foto utlånt av Per Ulla
Peder Aagneson Ulla  (Gamle-Pei) (1840-1926)
Foto utlånt av Per Ulla


SLEKTSTRE

Slektstre for Peder Bernhard Hansson Ulla  (1895-1952) Slektstre for Petra Pettersdt. Ulla  (1900-1989)


SLEKTSBOK

Rasmus Pederson Ulla (1734-1788)

Gift første gong i 1752 med Brite Torsdt. f. Austnes  (1718-1753)
Ingen barn i ekteskapet.

Gift andre gong i 1755 med Siri Olsdt. f. Flem  (1730-1807) frå Flem.

Barn:
1.
Brite Rasmusdt. Ulla (1755-  )
2.
Eli Rasmusdt. Ulla  (1757-1824) gift med Lars Olson Ulla (1747-1789).
3.
Peder Rasmusson Ulla (1760-1831) som tok over Negard.
4.
Ingeleiv Rasmusdt. Ulla  (1762-1774) som døydde 12 år gammal.
5.
Ole Rasmusson Ulla  (1764-1803)  gift i 1796 med Anna Hansdt. f. Roaldsand frå Roald på Vigra.  Dei hadde fire barn.  Ole var los på Ulla.  Han omkom på sjøen i 1803.
6.
Guri Rasmusdt. Blindheim f. Ulla  (1768-1845) gift i 1801 med Paul Paulson Blindheim f. Stige i Engesetdalen.  Dei tok over Gura-garden på Blindheim ,Vigra.  Dei fekk fire barn.

Peder Rasmusson Ulla  (1760-1831)
Peder var gardbrukar i Negard til 1825 og los frå 1788.

Gift i 1790 med Brite Sjursdt. Ulla  (1758-1831) frå Sjur-garden på Ulla.

Barn:
1.
Ragnhild Pedersdt. Godø f. Ulla  (1791-  )  gift i 1816 med Lars Pederson Godø  (1793-  ) på Godøy.
2.
Aagne Pederson Ulla  (1793-1867) som tok over Negard.
3.
Siri Pedersdt. Fjørtoft f. Ulla  (1795-  )  gift første gong i 1815 med Lars Ivarson Fjørtoft  (1786-1833) på Fjørtoft.  Gift andre gong i 1835 med Ole Edvard Olson Fjørtoft f. Aarvig (1813-  ) frå Skodje.
4.
Rasmus Pederson Ulla  (1798-1807) som døydde knapt 9 år gammal.
5.
Karl Pederson Longva f. Ulla  (1802-1875)  gift i 1824 med Kristi Gurine Hansdt. f. Mydske  (1796-1874)  busette på Longva.  Dei var foreldre til Kristi Karlsdt. Ulla  (1825-1889) som var gift med Hans Sivert Pederson Ulla  (1821-1902) i Lars-garden på Ulla.

Aagne Pederson Ulla  (1793-1867)
Aagne var gardbrukar i Negard frå 1825 til 1865 og los ved Ulla losstasjon frå 1814.

Gift første gong med Dorthe Gurine Pedersdt. Ulla  (1797-1827)

Barn:
1.
Berthe Anne Aagnesdt. Ulla  (1821-1821) som døydde 3 månader gammal.
2.
Petrine Aagnesdt. Longva f. Ulla  (1823-  )  gift i 1846 med Mads Johanson Longva  (1823-  )  på Longva.
3.
Berthe Aagnesdt. Rønstad f. Ulla  (1826-  ) gift i 1851 med Ole Rafaelson Rønstad  (1818-  )  i Erik-garden, Rønstad på Lepsøy.

Gift andre gong i 1828 med Oline Marte Hansdt. Ulla  (1808-  ) frå Kari-garden på Ulla.

Barn:
1.
Dorthe Johanne Aagnesdt. Haram f. Ulla  (1829-1871) gift i 1860 med Sivert Peterson Haram  (1833-  ) i Tore-garden på Haram.
2.
Petter Karl Aagneson Ulla  (1831-1833) døydde knapt 2 år gammal.
3.
Ingeborg Petrine Aagnesdt. Farstad f. Ulla  (1833-  )  gift i 1859 med Ole Elias Johanson Farstad  (1830-  )  i Johan-garden, Farstad på Lepsøy.
4.
Anne Aagnesdt. Haram f. Ulla  (1837-1934)  gift i 1861 med Hans Knutson Haram  (1839-1934)  i Framgard på Haram.  Dei vart gravlagde på same dag.
5.
Peder Andreas Aagneson Ulla  (1840-1926)  som tok over Negard.

Peder Andreas Aagneson Ulla  (1840-1926)

Gift i 1870 med Berte Berntsdt. f. Flem  (1842-1916) frå Remme-garden på Flem.

Barn:
1.
Anna Dorthea Pedersdt. Ulla  (1871-1915) som tok over Negard.
2.
Aagne Britanus Pederson Ulla  (1875-1876) som døydde 9 månader gammal.
3.
Josefine Antonette Pedersdt. Ulla  (1877-1963) gift med Nils Johanson Ulla (1875-1959).  Dei tok over Kari-garden på Ulla.

Anna Dorthea Pedersdt. Ulla  (1871-1915)

Gift i 1888 med Hans Andreas Hansson Ulla  (1860-1926) frå Lars-garden på Ulla.

Barn:
1.
Kristine Anna Hansdt. Ulla  (1889-1933)  ugift.
2.
Anna Hansdt. Ulla  (1894-1980)  ugift.  "Anna-moste" budde i Petter-stova og Jo-stova i Ullahammaren.
3.
Peder Bernhard Hansson Ulla  (1895-1952) som tok over Negard.
4.
Helga Hansdt. Tomren f. Ulla  (1900-1962) gift med Petter Andreasson Tomren  (1897-1968) frå Tomren i Ullahammaren.  Dei har sju barn:  Arne (1923-2007), Hans (1926-2002), Magnus (1928), Asbjørn (1930), Herdis (1932-2013), Anne Kari (1939-1946) og Bjørg (1942).
5.
Borghild Hansdt. Tomren f. Ulla  (1902-1992) gift med Wilhelm Andreasson Tomren (1905-1967) frå Tomren i Ullahammaren.  Dei har fem barn:  Andreas (1935), Anna (1938), Hilda (1941), Helga 1943) og Peder Magnus (1952).
6.
Hans Hansson Ulla  (1906-1982) gift med Kristi f. Verpeide (1910-1988) frå Ullahammaren.  Dei bygde "Bergly" i Ullahammaren.  Dei hadde to barn:  Helge (1933-1949) og Kari (1942-1976).
7.
Astrid Hansdt. Dale f. Ulla (1909-2005) gift med Ludolf Dale (1909-1990) Dei budde i Norddal på Sunnmøre.  Dei har tre barn:  Bergljot (1935),  Annbjørg (1940) og Inger Marie (1946).

Peder Bernhard Hansson Ulla  (1895-1952)

Gift med Petra Pettersdt. Ulla  (1900-1989) frå Sjur-garden på Ulla.

Barn:
1.
Ågne Pederson Ulla (1921-2005) som tok over Negard.
2.
Harald Pederson Ulla (1924-2012) sambuar med Selma Ulla (1927-2012) frå Lars-garden på Ulla.  Busette i Ullahammaren.  Harald har ikkje barn.  Selma hadde ei dotter:  Synnøve (1952-2004).
3.
Petter Olaus Pederson Ulla  (1927-2010) gift med Oddrunn f. Stokke (1930) busette på Ellingsøy.  Dei har to barn:  Randi (1954) og Synnøve (1958).  Oddrun er søster til Signe Åkre, gift med Karl Ingvald Åkre frå Ullahammaren.
4.
Petra Lund f. Ulla  (1929) gift med Karl Lund (1930) og busette i Trondheim.  Dei har eitt barn:  Marit (1963).
5.
Anna Farstad f. Ulla  (1935) gift med Eldar Farstad (1931) busette i Ålesund.  Dei har to barn:  Pål (1959) og Brit Solveig (1961).  Eldar er frå Lepsøy.  Dei bur i Ålesund og har feriebustad i Ullahammaren.
6.
Kari Rodt f. Ulla (1939) gift med Jørgen Rodt (1929-1994) busette på Ellingsøy.  Dei har eitt barn:  Ragnhild (1969).
 
Ågne Pederson Ulla  (1921-2005)
Etter at han overlet garden til Erik og Kirsti Ingelsrud, bygde Ågne og Klara seg nytt hus i Ullahammaren.

Gift med Klara Oline Ulla (1922-2013) frå Lars-garden på Ulla.

Barn:
1.
Kirsti Ingelsrud f. Ulla (1950) som tok over Negard.
2.
Peder Ulla  (1952) gift i 1975 med Hildegunn f. Aarseth (1954) frå Volda.  Dei er busette i Grebstadlia i Sykkylven.  Dei har tre barn:  Ingvild (1976), Sigrid (1986) og Hogne (1990).
3.
Åsmund Kåre Ulla  (1959) gift med Grethe f. Flem  (1965) frå Flemsøy.  Dei har bygt seg hus i Ullahammaren og har to barn: Guro (1991) og Åge (1992).

Kirsti Ingelsrud f. Ulla  (1950)

Gift med Erik Ingelsrud (1945) frå Oslo.

Barn:
1.
Helle Ulla Ingelsrud  (1970) gift med Elfinn Kobbevik (1956) og bygde seg hus i Ullahammaren.  Dei har tre barn:  Christine (1992), Hans Erik (1994) og Sara (1999).
2.
Lene Ulla Ingelsrud  (1973).  Ho er sjukepleiar og budde i Oslo.  Ho er no sjukepleiar på Ålesund sjukehus.


Gå til toppen