ULLA



 Ullahammaren 1882

Startside
Presentasjon
Diktsamling
Stadnamn
Fiskebåtar
Ullahammar
Ulla-garden
Ulla-nausta
Vålen
Ulla fyr
Ulla skule
Kulturliv
Næringsliv
Samferdsel
Losar på Ulla
Dialekt


 









Mette-garden



Bumerke
Mette-garden




Bruksnr. 1




Foto:  Knut Hallvard Ulla - 1997


BYGNINGAR

Den første som brukte dette bumerket i Mette-garden, var Peder Hogneson Ulla (1702-1785).   I det gamle Ulla-tunet hadde Mette-garden fire bygningar:  Stove, løe, stabbur og torvsjå.  Etter utskiftinga i 1880 vart ikkje Mette-garden flytta.  Den gamle Mette-stova var særmerkt på den måten at den var skeiv-tekt.  Det vil seie at taket var lengre på eine sida av mønet enn på andre sida.  Det var berre Mette-stova og Jo-stova som hadde denne byggjestilen i Ulla-tunet.  Mette-garden har naust midt i naustrekkja på Naustneset, og hadde i si tid saltebud vegg i vegg med Negards-naustet.




Den gamle Mette-stova stod på sin gamle plass midt i Ulla-tunet heilt til det nye Mette-huset vart bygt rett ved sida av i 1930.  Det var Gustav S. Ulla som bygde huset.  Det var ein generasjonsbustad der Gustav og Oline budde i den enden som vende opp mot Ingeleiv-stabburet, og Antonette og Ole Ullahammer budde i den enden som vende mot sjøen. Det innvikla slektskapstilhøvet mellom Mette-garden og Ingeleiv-garden gjorde at Antonette og Ole Ullahammar bygde seg nytt hus og flytta ut frå tunet i 1957.  Den gamle Mette-løa var i bruk heilt til 1962 då ny løe stod ferdig vest for Mali-løa.  Den gamle Mette-torvsjåen stod på det gamle tunet fram til midt på 1970-talet.  Sjå fotografi nedanfor.





Mette-huset som vart bygt i 1930 i det gamle Ulla-tunet, vart overteke av Sevrin G. Ulla og såleis knytt til Ingeleiv-garden.  Etter at Sevrin G. Ulla døydde i 1989, tok Guttorm og Ottar Ulla over huset etter farbroren sin.  Foto:  Knut Hallvard Ulla - 1976.



FOTOGRAFI



Bak f.v. Johanne, Johan, Berte, Petrine
Framme f.v. Anna og Andreas Aagneson Ulla
Foto utlånt av Ole Ullahamar
Bak f.v. Johanna og Antonette
Framme f.v. Gustav, Johan Bernt og Oline Ulla
Foto utlånt av Ole Ullahamar



SLEKTSTRE


Slektstre for Johan Andreasson Ulla  (1875-1910) Slektstre for Oline Halvarsdt. f. Gjøsund  (1876-1955)
Slektstre for Gustav Sevrinson Ulla  (1882-1958)



SLEKTSBOK

Peder Aagneson Ulla f. Uksnøy  (1701-1785)
Peder var frå Uksnøy og var bror til Brite Aagnesdt. Ulla f. Uksnøy  (1703-1784) som var gift først i Lars-garden og etterpå i Kari-garden på Ulla.

Gift første gong i 1731 med Mette Knutsdt. Ulla

Gift andre gong  i 1743 med Brite Rasmusdt. f. Haram  (1716-1788) frå Haram.

Barn:
1.
Rafael Pederson Ulla  (1743-1777)  ugift.
2.
Eli Pedersdt. Rønstad f. Ulla  (1745-  ) gift med enkjemann Jon Erikson Rønstad (1726-  ) i Erik-garden, Rønstad på Lepsøy.
3.
Johanne Pedersdt. Ulla  (1747-1748) døydde 7,5 månader gamal.
4.
Mette Pedersdt. Ulla  (1749-1788) gift med enkjemann Lars Pederson Ulla  (1747-1821) i Lars-garden på Ulla.
5.
Johannes Pederson Ulla  (1752-1752) døydde 4 månader gamal.
6.
Rasmus Pederson Ulla  (1753-1780)  gift i 1775 med Kanute Larsdt. f. Longva frå Longva.  Rasmus omkom på havet vinteren 1780.
7.
Aagne Pederson Ulla  (1756-1834)  som tok over Mette-garden.
8.
Johannes Pederson Ulla (1760-  ).

Aagne Pederson Ulla  (1756-1834)

Gift første gong med Siri Nilsdt. f. Lausund  (1752-1783) frå Lepsøy. 
Siri døydde på barselseng.

Barn:
1. Rasmus Aagneson Ulla (1783-1783) som døydde berre 14 dagar gamal.

Gift andre gong i 1785 med Anne Kanute Larsdt. f. Longva  (1765-1844) frå Longva.

Barn:
1. Anne Aagnesdt. Ulla  (1786-1823) som tok over Mette-garden.

Anne Aagnesdt. Ulla  (1786-1823)

Gift med Anders Ingebrigtson Ulla f. Fjørtoft  (1771-1850) frå Fjørtoft.

Barn:
1.
Aagne Andersson Ulla  (1806-1877) som tok over Mette-garden.
2.
Ingebrigt Andersson Ulla  (1809-1825) som døydde knapt 16 år gamal.
3.
Peder Andersson Ulla  (1816- )  gift på Røsok, Harøy.  Peder kom bort på sjøen.
4.
Hedvig Andersdt. Ulla  (1819-1819) som døydde eit halvt år gamal.

Anders Ingebrigtson Ulla  (1771-1850)

Gift andre gong i 1826 med Andrine Nilsdt. f. Lausund  (1797-1883) frå Knut-garden, Lausund på Lepsøy
   
Barn:
1.
Anne Andersdt. Røsvik f. Ulla  (1828-1921)  gift med Lars Salamon Erikson Røsvik  (1831-1899)  i Ola-gard, Røsvik, Vigra.
2.
Nils Andersson Ulla  (1833-1916)  gift i 1861 med enkje Berte Hansdt. Ulla  (1818-1897)  i Kari-garden på Ulla.  Ingen barn i ekteskapet.

Aagne Andersson Ulla  (1806-1877)

Gift i 1836  med Berte Jetmundsdt. f. Synnaland  (1813-1852) frå Arne-garden på Synnaland.

Barn:
1.
Anna Aagnesdt. Lausund f. Ulla  (1838-1913) gift i 1872 med Anders Andersson Lausund  (1842-  ).  Brukar av Nystøv-garden på Lepsøy.
2.
Andreas Aagneson Ulla  (1841-1926)  tok over Mette-garden
3.
Johanne Aagnesdt. Longva f. Ulla  (1845-  )  gift med Peder Ingebrigtson Longva (1846-1924).  Brukar av Bers-garden på Longva.
4.
Ingeborg Aagnesdt. Lausund f. Ulla  (1851-1925) gift i 1879 med Johan Nilsson Lausund f. Roald  (1850-1918)  frå Haug-garden på Vigra. Johan var bror til Gunder Nilsson Roald (1842-1886), første ektemannen til Laurentse Guttormsdt. Ulla frå Ingeleiv-garden på Ulla.  Ingeborg og Johan tufta Haugtun på Lausund og slo seg ned der.  Dei fekk ta over det gamle våningshuset Kråkhaugen på Roald og førde det over Vigrafjorden til Lausund.  Ingeborg og Johan hadde ikkje born.

Andreas Aagneson Ulla  (1841-1926)

Gift i 1869 med Vilhelmine Anfinsdt. f. Terøy  (1846-1897)  frå Terøya.

Barn:
1.
Berte Anna Andreasdt. Ulla  (1870-1875)
2.
Anna Andreasdt. Aakre f. Ulla (1871-1911)  gift i 1893 med Nils Nilsson Aakre  (1866-1934), lensmann og bonde på Framgard, Åkre.
3.
Andreas Andreasson Ulla  (1873-1874)
4.
Johan Andreasson Ulla  (1875-1910) som tok over Mette-garden.
5.
Berte Anna Andreasdt. Ulla  (1878-1939).  Ugift.  Sette opp "Hytta" i Ullahammaren og budde der.
6.
Johanne Andreasdt. Ulla  (1880-1910) gift med Gustav Sevrinson Ulla  (1882-1958) i Ingeleiv-garden på Ulla.
7.
Petrine Andreasdt. Haram f. Ulla  (1885-1914)  gift med Bernt Pederson Haram (1883-1969) i Petter-garden på Haram.

Johan Andreasson Ulla  (1875-1910)

Gift i 1904 med Oline Halvarsdt. f. Gjøsund  (1876-1955)
Oline var frå Eirik-garden på Gjøsund, Vigra.

Barn:
1.
Vilhelmine Johansdt. Ulla  (1905-1923)  døydde av tuberkulose.
2.
Antonette Johansdt. Ullahammer  (1907-1998) som tok over Mette-garden.
3.
Helene Johansdt. Ulla  (1909-1927) døydde av tuberkulose.

Oline Halvarsdt. Ulla (1876-1955)

Gift andre gong i 1913 med enkjemann Gustav Sevrinson Ulla  (1882-1958) frå Ingeleiv-garden på Ulla.

Barn:
1.
Johanne Petrine Åkre f. Ulla  (1916-1994) gift med Jørgen Åkre (1916-1996) frå Ullahammaren.  Dei har fire born:  Herbjørg (1943), Grete (1946), Jarle (1948) og Steinar (1959).
2.
Johan Bernt Ulla  (1917-1961)  gift i 1948 med Helga Klara f. Åkre (1918-2010) frå Ullahammaren.  Dei har tre barn:  Guttorm (1951), Knut Hallvard (1952) og Ottar Helge (1955).

Antonette Ullahammer f. Ulla (1907-1998)

Gift i 1932 med Ole Ullahammer (1904-2001) frå Gamlestova i Ullahammaren.

Barn:
1.
Jostein Ullahammer  (1933-2013)  gift med Herdis f. Brekke (1937-2015) frå Ålesund.  Dei er busette på Slinningen i Ålesund og hadde tre barn:  Terje (1961), Beate (1964-2006) og Anne Mette (1967).
2.
Kirsti Ullahamar (1935) ugift, sjukepleiar busett i Ålesund.
3.
Ottar Arne Ullahamar  (1937-2014)  gift med Karin f. Breivik (1937).  Dei er busette på Ellingsøy og har to barn:  Harald Jan (1963) og Anne Olaug (1964).
4.
Oddbjørg Brox f. Ullahammer (1940-1983) gift med Martin Brox (1935)  i Sjur-garden på Haram.  Dei har to barn:  Marit Kristin (1962) og Ola Arne (1964).
5.
Astrid Ullahamar (1949) gift med Tor Pettersen (1948-1978)  busett på Nerlandsøy.  Tor omkom på ringnotfiske i Barentshavet i februar 1978.  Dei har to barn:  Øystein (1976) og Aleksander (1977).

Familien Marianne og Kent Gran
kjøpte Mette-garden i 2003.

Sabine og Ansgar Tasler frå Tyskland
kjøpte Mette-garden i 2013.


Gå til toppen