ULLA



 Ullahammaren 1882

Startside
Presentasjon
Diktsamling
Stadnamn
Fiskebåtar
Ullahammar
Ulla-garden
Ulla-nausta
Vålen
Ulla fyr
Ulla skule
Kulturliv
Næringsliv
Samferdsel
Losar på Ulla
Dialekt


 









Mali-garden



Bumerke
Mali-garden




Bruksnr. 4




Foto:  Knut Hallvard Ulla - 2003


BYGNINGAR

Mali-garden har namnet sitt etter Mali Jespersdt. Ulla  (1752-1811) som vart gift i Elling-garden på Åkre.  Mali-garden hadde fem bygningar i det gamle Ulla-tunet:  Stove, løe, stabbur, torvsjå og eldhus.  Mali-stova låg midt i tunet.  Mali-garden var fjerde og siste garden som flytta ut av tunet på 1800-talet.  Den nye Mali-stova vart bygd i 1898.  I tillegg kom løe nord for bygdevegen og torvsjå sør-vest for stova.  Mali-stova er bygd i same stil som Lars- og Sjur-stova.  Husa er dobbeltbreidda med høge kjellarmurar og parvise vindauge på begge sider av inngangsdøra.  Ei flott steintrapp leier opp til inngangspartiet.  Mali-stova er likevel spesiell med ein kraftig steinmur som vervegg mot vest.  Rundt tunet er det bygd ein steingard.

Mali har naust om lag midt i naustrekkja.   Saltebuda låg lengst ute på berget mot Ullasundet.


FOTOGRAFI



Ole Olson Ulla  og  Anna  Hansdt. Ulla f. Roald
Foto utlånt av Ole Ullahamar
Sevrin Olson Ulla,  Magnhild  Ulla f. Morsund
Foto utlånt av Ole Ullahamar


SLEKTSTRE

Slektstre for Ole Kristoffer Olson Ulla  (1871-1935) Slektstre for Anna Hansdt. Ulla f. Roald  (1878-1938)


SLEKTSBOK

Knut Jonson Ulla  (1691-1758)

Gift i 1717 med Mali Pedersdt. f. Fjørtoft  (1698-1768) frå Fjørtoft.

Barn:
1. Anne Knutsdt. Ulla  (1728-1778) som tok over Mali-garden.

Anne Knutsdt. Ulla  (1728-1778). Gift i 1742 med Jesper Jesperson Ulla f. Drønnen  (1726-1780)
Jesper var frå Dryna.  Han var gardbrukar på Ulla frå 1740 til 1780.  Han kjøpte garden av Giskegodset  i 1767.  Han kom bort på sjøen i 1780 saman med Aagne Erikson Ulla, Rasmus Pederson Ulla og Hans Olson Ulla.

Barn:
1.
Ingeborg Jespersdt. Synnaland f. Ulla  (1743-1823)  gift i 1769 med Ole Jetmundson Synnaland  (1745-1798).
2.
Anne Jespersdt. Ulla  (1745- )
3.
Erik Jesperson Ulla  (1747-1748)
4.
Johanne Jespersdt. Ulla  (1749-1773) gift i 1770 med Guttorm Pederson Ulla  (1742-1810) i Ingeleiv-garden på Ulla.
5.
Mali Jespersdt. Aakre f. Ulla  (1752-1811) gift i 1781 med Elling Ellingson Aakre (1753-1810) i Elling-garden på Åkre.
6.
Knut Jesperson Ulla  (1754-1822) som tok over Mali-garden.
7.
Jesper Jesperson Ulla  (1757-  )
8.
Tyri Jespersdt. Ulla  (1760-1761)
9.
Knut Jesperson Ulla d.y. (1762-1842)  som vart gift første gong i 1787 med enkje Kari Torsdt. Ulla  (1745-1801) i Kari-garden på Ulla.  Dei hadde ein son som heitte Anders Knutson Longva f. Ulla  (1788-1867).  Knut Jesperson Ulla vart gift andre gong med enkje Guri Guttormsdt. Longva på Longvabakken og vart busett der.

Knut Jesperson Ulla  (1754-1822)
Knut brukte Mali-garden frå 1774 til 1822 då han kom bort på sjøen.

Gift første gong i 1774 med Synnøve Knutsdt. f. Longva  (1754-1796) frå Longva.

Barn:
1.
Knut Knutson Ulla  (1775-1775)  døydde nyfødd.
2.
Gjertrud Knutsdt. Fjørtoft f. Ulla  (1776-  )  gift i 1796 med Lars Guttormson Fjørtoft  frå Guttorm-garden på Fjørtoft.
3.
Jesper Knutson Ulla  (1778-1828)  ugift skulelærar.
4.
Anne Knutsdt. Ulla  (1780-1781)  døydde eitt og eit halvt år gamal.
5.
Anne Knutsdt. Ulla  (1783-1788).
6.
Inger Knutsdt. Ulla  (1786-1801).
7.
Knut Knutson Ulla  (1788-1789) døydde to månader gamal.
8.
Knut Knutson Ulla  (1791-  )
9.
Anne Marie Knutsdt. Ulla  (1793-1807).

Gift andre gong i 1799 med Ingeborg Larsdt. f. Nogva  (1766-1831)

Barn:
1.
Johanne Knutsdt. Ulla  (1799-1799) døydde ei veke gamal.
2.
Guttorm Knutson Longvastøl f. Ulla  (1801-  ) gift i 1831 med Dorthe Larsdt. Longvastøl  (1805-  ).
3.
Lars Knutson Ulla  (1803-1803)  døydde ein månad gamal.
4.
Marte Kristine Knutsdt. Aakre f. Ulla  (1804-1859) gift i 1839 med Kornelius Klausson Aakre f. Store Kalvø  (1811-  ) frå Store Kalvø i Borgund.  Dei tok over og dreiv Martin-garden på Åkre frå om lag 1845.
5.
Kristiane Marie Knutsdt. Ulla  (1807-1826).

Ingeborg Larsdt. Ulla f. Nogva (1766-1831).

Gift andre gong med Peder Aagneson Ulla (1758-1841) frå Lars-garden på Ulla.
Barnlaust ekteskap.

Her er det brot i arvefølgja.  Eg har ikkje noka forklaring på brotet.

Kristen Kristenson Ulla f. Langset  (1787-1873)  frå Vatne.

Gift første gong med Johanne Jørgensdt. f. Store Nørve  (1792-1834)

Barn:
1.
Severine Kristensdt. Ulla  (1821-1896)  gift i 1851 med Lars Pederson Rogne f. Ulla  (1824-  ) frå Lars-garden på Ulla.  Busette på Lars-garden på Rogne.
2.
Kristen Kristenson Ulla  (1825-1864)  som tok over Mali-garden.

Gift andre gong i 1835 med Marte Johanne Monsdt. Ulla  (1811-  )  frå Jo-garden på Ulla.

Barn:
1.
Johannes Kristenson Ulla  (1836-1858)  ugift, omkom på sjøen.
2.
Jørgen Kristenson Longva f. Ulla  (1838-  )  gift i 1860 med Oline Guttormsdt. Longva  (1841-  )  Dei busette seg på Longva.
3.
Marie Kristensdt. Ulla  (1847-  )
4.
Kristian Kristenson Ulla  (1849-1849)

Kristen Kristenson Ulla  (1825-1864)

Fekk eitt barn utanfor ekteskap med Brite Knutsdt. Ulla

Barn:
1. Anna Kristensdt. Ulla  (1850-1850)

Gift første gong i 1851 med Jakobine Pedersdt. f. Lausund  (1829-1861)

Barn:
1.
Kristian Kristenson Ulla  (1852-1852) som døydde 4 månader gammal.
2.
Kristine Kristensdt. Longva f. Ulla  (1853-1893)  gift i 1881 med Kristoffer Jonson Longva  (1849-  ) frå Longva.  Busette på Longva, seinare på Hildremyr og etterpå i Gamlestova i Ullahammaren.
3.
Peter Kristenson Ulla  (1856-1856)
4.
Peter Johannes Kristenson Ulla  (1858-1859)

Gift andre gong i 1862 med Helvig Iversdt. f. Hurlen  (1834-1910)

Barn:
1.
Johan Kristenson Flem f. Ulla  (1862-  )  gift i 1887 med enkje Severine Johansdt. Flem f. Longvastøl (1847-  ).  Dei tok over Haug-garden på Flem.
2.
Karoline Kristensdt. Fanneløp f. Ulla  (1863-1899)  gift i 1892 med Sivert Kristenson Fanneløp (1864- ) murar frå Vatne.  Dotter deira, Helga (1894-1899), døydde same året som mora, berre fem år gamal.  Dei budde på Austnes.

Helvig Iversdt. Ulla f. Hurlen  (1834-1910)

Gift andre gong i 1865 med Ole Olson f. Haram  (1836-1913) frå Nystad-garden på Haram.

Barn:
1.
Oline Olsdt. Haram f. Ulla  (1865-1939) gift med Andreas Erikson Haram  (1865-1945)  i Aakje-garden på Haram.
2.
Sevrin Olson Ulla  (1868-1886)
3.
Ole Kristoffer Olson Ulla  (1871-1935) som tok over Mali-garden.
4.
Hansine Olsdt. Ulla  (1875-1921) ugift på garden.

Ole Kristoffer Olson Ulla  (1871-1935)

Gift med Anna Hansdt. Ulla  f. Roald  (1878-1938) frå Aglas-garden, Roald på Vigra.

Barn:
1.
Ole Olson Ulla  (1906-1959) ugift.
2.
Hans Olson Ulla  (1910-1956)  busett i Sverige.
3.
Sevrin Olson Ulla (1912-1972) som tok over Mali-garden.
4.
Olav Olson Ulla (1913-1989) gift med Inger Anna Hansdt. Ulla (1923) frå Sjur-garden på Ulla.  Busette i Ålesund.  Olav var skipskaptein i utanriksfart.  Dei hadde tre barn:  Ottar Arne (1954-1980), Hilde (1959) og Anne (1962).
5.
Håkon Olson Ulla (1916-1943)  England.

Sevrin Olson Ulla  (1913-1972)
Sevrin var siste brukar av Mali-garden.

Gift med Magnhild Ulla f. Morsund  (1916-2005) 
Ho er frå Harøya, og er søster til Kaspara Ulla  (1918) i Lars-garden på Ulla.

Barn:
1.
Oddvar Ulla  (1941-1986) ugift.  Oddvar var fiskar.
2.
Annbjørg Ulla  (1943)
3.
Norvald Jan Ulla  (1946) gift med Liv Mo Ulla (1946) og busett i Ørsta.  Dei har to barn:  May Britt (1971) og  Stig Rune (1975).
4.
Jorunn Ulla  (1948) busett i Ålesund. Ho er ugift og har ei dotter som heiter Lisbet.
5.
Svein Ulla  (1959-2015)  ugift.
 

Gå til toppen