ULLA



 Ullahammaren 1882

Startside
Presentasjon
Diktsamling
Stadnamn
Fiskebåtar
Ullahammar
Ulla-garden
Ulla-nausta
Vålen
Ulla fyr
Ulla skule
Kulturliv
Næringsliv
Samferdsel
Losar på Ulla
Dialekt


 









Lars-garden



Bumerke
Lars-garden




Bruksnr. 7




Foto:  Knut Hallvard Ulla - 2007



BYGNINGAR

    Kari-garden vart skilt ut frå Lars-garden i 1770.  Lars-garden har namnet sitt etter Lars Pederson Ulla (1747-1821). Lars-garden hadde seks bygningar i det gamle Ulla-tunet:  Stove, løe, stabbur, torvsjå, eldhus og mjølkehus.  Lars-stova låg ved sida av Mali-stova.  Lars-garden vart utflytta i 1895 til tomt nord for bygdevegen.  Det blir fortalt at Karl først tok til å byggje ny stove på høgde med Negard, men at kona Ingeborg såg seg redd på at det ville bli for utsett for ver og vind.  Dette førte til at Karl måtte rive murane der oppe.  Seinare vart stova bygd der ho no står og i ein annan stil enn Negard.  Lars-stova var i same stil som Sjur- og Mali-stovene.  Det var hus på høge murar i sveitsarstil med ark på.  Ny løe vart bygd i utkanten av det tidlegare klyngjetunet.
    Lars-naustet låg heilt mot nord med ei stø som vende den vegen i motsetnad til dei andre som vende mot aust.  I tillegg hadde Lars-garden eit naust saman med Kari-garden, såkalla ihopenaust, fordi dei hadde det i lag.  Dette skreiv seg frå tida før Kari-garden vart delt frå Lars-garden, om lag år 1770.  Ihopenaustet til Lars og Kari ligg ved sida av Jo-naustet.  Saltebuda til Lars-garden låg ved sida av Lars-naustet, heilt mot nord.

FOTOGRAFI



Karl  Hansson Ulla, Ingeborg Guttormsdt. Ulla
Foto utlånt av Helga Ulla
Karl Ingvald Karlson Ulla (1887-1944)
Foto utlånt av Ole Ullahamar


SLEKTSTRE

Slektstre for Karl Ingvald Karlson Ulla (1887-1944) Slektstre for Severine Olsdt. f. Haram  (1896-1981)


SLEKTSBOK

Peder Olson Ulla  (1658-1728)

Gift med enkje Brite Jonsdt. f. Austnes


Barn:
1. Erik Pederson Ulla  (1700-1743) som tok over Lars-garden.
2.
Mari Pedersdt. Skjelten f. Ulla  (1708-  ) gift med Rasmus I. Skjelten.

Erik Pederson Ulla  (1700-1743)

Gift i 1729 med Brite Aagnesdt. f. Uksnøy  (1703-1784)
Brite kom frå Uksnøy saman med broren Peder Aagneson Ulla f. Uksnøy  (1701-1785).  Brite vart gift andre gong i 1743 med Tor Jonson Ulla f. Haram (1718-1778) og tok over Kari-garden på Ulla.

Barn:
1.
Brit Eriksdt. Synnaland f. Ulla  (1730-  ) gift første gong i 1759 med Arne Jetmundson Synnaland.  Gift andre gong med Nils Olson Synnaland f. Drynasund  (1741-1813).
2.
Aagne Erikson Ulla  (1733-1780) som tok over Lars-garden.
3.
Hans Erikson Ulla  (1737-  )
4.
Marie Eriksdt. Flem f. Ulla  (1739-  ) gift i 1759 med Søren Kristenson Flem.
5.
Marte Eriksdt. Haram f. Ulla  (1741-1817)  gift i 1764 med Peder Ellingson Haram  (1744-1810)  i Negard på Haram.

Aagne Erikson Ulla  (1733-1780)
Aagne omkom på havet i 1780.

Gift første gong i 1757 med Ingeleiv Pedersdt. Ulla  (1734-1758) frå Ingeleiv-garden på Ulla.

Barn:
1. Peder Aagneson Ulla  (1758-1841) gift første gong i 1799 med Brite Knutsdt. Ulla (1756-1825) og gift andre gong i 1826 med enkje Ingeborg Larsdt. f. Nogva  (1766-1831) i Mali-garden på Ulla.

Gift andre gong i 1759 med Brite Saxesdt. f. Mydske  (1738-1783)

Barn:
1.
Ingeleiv Aagnesdt. Groven f. Ulla  (1763-1817) gift i 1794 med Nils Nilsson Groven (1762-1820) frå Langlo i Stranda.  Dei dreiv Grava-garden på Vigra.
2.
Johannes Aagneson Ulla  (1767-  )
3.
Hans Aagneson Ulla  (1772-1773)
4.
Agathe Aagnesdt. Ulla  (1776-1798).

Lars Pederson Ulla  (1747-1821)

Gift første gong i 1781 med enkje Brite Saxesdt. f. Mydske  (1738-1783)
Ingen barn i ekteskapet.

Gift andre gong i 1784 med Mette Pedersdt. Ulla  (1749-1788) frå Mette-garden på Ulla.

Barn:
1.
Peder Larsson Ulla  (1785-1850) tok over Lars-garden.
2.
Ole Larsson Haram f. Ulla  (1787-1837).  Ole var los.  Han vart så i 1820 gift første gong med enkje Brite Nilsdt. Haram f. Synnaland  (1775-1834) i Nystøv-garden på Haram.  Ole vart gift andre gong i 1835 med Synnøve Hansdt. Haram  (1811- ) frå Negard på Haram.
3.
Aagne Larsson Ulla  (1788-1788)  døydde to månader gamal.

Gift tredje gong i 1790 med Johanne Arnesdt. f. Synnaland  (1762-1839) frå Synnaland.

Barn:
1.
Gunnhild Larsdt. Rogne f. Ulla  (1791-  ) gift i 1817 med Hans Jensson Rogne  (1788-  )  i Gunna-garden på Rogne.
2.
Johanne Larsdt. Ulla  (1793-1794) døydde tre månader gamal.
3.
Mette Johanne Larsdt. Longva f. Ulla  (1795-  )  gift i 1817 med Ole Gunderson Longva  (1788-  ) frå Longva.
4.
Helene Olave Larsdt. Flem f. Ulla  (1804-1895)  gift i 1831 med Bernt Pederson Flem  (1810-  )  i Remme-garden på Flem.

Peder Larsson Ulla  (1785-1850)

Gift i 1820 med Marte Hansdt. f. Haram  (1797-1865)  frå Haram.

Barn:
1.
Hans Sivert Pederson Ulla  (1821-1902) som tok over Lars-garden.
2.
Lars Pederson Rogne f. Ulla  (1824-1907)  gift i 1851 med Severine Kristensdt. Ulla  (1821-1896)  frå Mali-garden på Ulla.  Dei busette seg i Lars-garden på Rogne.
3.
Mette Johanne Pedersdt. Lausund f. Ulla  (1827-  )  gift første gong i 1850 med Ole Kristofferson Flem  (1827-1858) frå Flem.  Gift andre gong i 1859 med Peder Andersson Lausund  (1837-  ) frå Pe-garden, Lausund på Lepsøy.
4.
Anne Pedersdt. Lauken f. Ulla  (1830-  ) gift i 1859 med Knut Knutson Lauken (1829-  )  frå Knut-garden på Lauka.
5.
Petter Olavius Pederson Flem f. Ulla  (1839- ) vart gift i 1861 med Ragnhild Pedersdt. Flem  (1842-  ).  Dei busette seg på Flem.  Då Ragnhild døydde, gifte Petter seg opp att med Helge Gurine Nilsdt f. Fjørtoft (1845-1918) og fekk sonen
Johan Rosenius Flem (1879-1961). Han var einaste barnet dei hadde saman.  Johan Rosenius var far til Johan Knut Flem (1916-1970) og Gudmund Sigurd Flem (1925-1985).  Johan Knut var gift med Inga f. Fjørtoft (1917-1988) og arbeidde på møbelfabrikk på Austnes.  Dei har tre barn:  Jarle Petter (1945), Liv Ingebjørg (1947) og Knut Ole (1950-2010).  Gudmund var gift med Kirsten (1929) frå Stranda.  Dei dreiv bensinstasjon og butikk på Austnes og har tre barn:  Gunnhild (1955), Jan Kåre (1957) og Guttorm Arild (1966). 

Hans Sivert Pederson Ulla  (1821-1902)

Gift i 1845 med Kristi Karlsdt. f. Longva  (1825-1889)  frå Pe-garden, Longva.

Barn:
1.
Petrine Marie Hansdt. Haram f. Ulla  (1845-1933)  gift i 1868 med Lars Olson Haram  (1841-1922)  i Sætsli-garden på Haram.
2.
Karl Johan Hansson Ulla  (1849-1927) som tok over Lars-garden.
3.
Kristine Hansdt. Ulla  (1853-1856)
4.
Kristine Petrine Hansdt. Ulla (1857-1863)
5.
Hans Andreas Hansson Ulla  (1860-1926) gift i 1888 med Anna Dorthea Pedersdt. Ulla  (1871-1915) frå Negard på Ulla.  Dei tok over Negard.
6.
Kristine Petrine Hansdt. Ulla  (1864-1876)

Karl Johan Hansson Ulla  (1849-1927)

Gift i 1873 med Ingeborg Guttormsdt. Ulla  (1846-1923)  frå Ingeleiv-garden på Ulla.

Barn:
1.
Kristine Petrine Karlsdt. Ulla  (1874-1877) som døydde knapt 3 år gammal.
2.
Gurine Karlsdt. Alme f. Ulla  (1876-1948) gift i 1896 med Olavius Johannes Alme (1865-1945) frå Hareid.  Olavius var lærar.  Han og Gurine busette seg i Ulsteinvik.
3.
Hans Kristoffer Karlson Ulla  (1878-1879) som døydde vel 1 år gammal.
4.
Hanna Karlsdt. Åkre f. Ulla  (1880-1959)  gift i 1905 med Karl Knutson Åkre (1878-1964) frå Knut-garden på Åkre.  Karl var los og fiskar i Ullahammaren.
5.
Kristi Karlsdt. Aakre f. Ulla  (1882-1959) gift med Elias Rasmusson Aakre (1878-1965)  i Elling-garden på Åkre.
6.
Petrine Karlsdt. Ulla  (1885-1974)  gift med Hans Petterson Ulla  (1883-1967)  i Sjur-garden på Ulla.
7.
Karl Ingvald Karlson Ulla (1887-1944) som tok over Lars-garden.

Karl Ingvald Karlson Ulla  (1887-1944)

Gift med Severine Olsdt. f. Haram  (1896-1981) frå Negard på Haram.

Barn:
1.
Ingebjørg Nerbøvik f. Ulla  (1916-1982) gift med Johan Nerbøvik  (1902-1978)  Johan var fotograf i Volda.  Dei hadde fire barn:  Jostein (1938-2004),  Lars (1940), Mildrid (1943) og Solbjørg (1947-2011)
2.
Kåre Hans Ulla  (1919-1987)  som tok over Lars-garden.
3.
Ola Ulla  (1920-1999)  gift med Halldis f. Tomren (1924-1999).  Dei tok over Tomren-huset i Ullahammaren og flytta seinare til Søvik.  Dei har to barn:  Kjetil (1947) og Karin (1950).
4.
Klara Ulla  (1922-2013)  gift med Ågne Pederson Ulla (1921-2005), gardbrukar i Negard på Ulla.  Dei har tre barn:  Kirsti (1949), Peder (1952) og Åsmund (1959).
5.
Hallvard Ulla  (1924-2008) gift med Kari f. Verpeide  (1924-1987) Dei bygde "Bergtun" og busette seg i Ullahammaren.  Dei har tre barn:  Karsten (1957),  Einar (1959) og Lars Hallvard (1960),
6.
Selma Ulla  (1927-2012)  sambuar med Harald Pederson Ulla  (1924-2012) busette i Ullahammaren.  Selma hadde ei dotter:  Synnøve (1952-2004).
7.
Kristi Haugs f. Ulla  (1929-2004) gift med Audun Haugs (1930)  busette i Bergen.  Dei har ikkje barn.
8.
Oddny Ulla  (1933-2012) ugift.  Oddny var hjelpepleiar og budde i Oslo.

Kåre Hans Ulla  (1919-1987)

Gift med Kaspara f. Morsund  (1918).
Kaspara er frå Harøya og er søster til Magnhild Ulla (1916-2005) gift i Mali-garden på Ulla.

Barn:
1.
Karl Ståle Ulla  (1945)  gift med Åse Marie Ulla  f. Vartdal (1947) busette på Nordre Vartdal.  Karl Ståle er fiskar.  Dei har to barn:  Kristin (1976) og Jens Kåre (1979).
2.
Jostein Normann Ulla  (1947)  som tok over Lars-garden.

Jostein Normann Ulla  (1947)

Gift med Eli Ulla f. Giske  (1947) frå Austnes.

Barn:
1.
Kenneth Ulla  (1971) gift med Solveig Dalhaug (1980) frå Brattvåg.  Dei bur på Austnes og har tre barn:  Emma (2004), Thea (2006) og Kasper (2008).
2.
Siv Hilde Ulla Otterlei  (1973) gift med Geir Olav Otterlei (1968) frå Fjørtoft.  Dei bur på Haramsøy og har tre barn:  Emilie (2001), Synne (2004) og Hedda (2008).
3.
Jan Egil Ulla  (1980)


Gå til toppen