ULLA



 Ullahammaren 1882

Startside
Presentasjon
Diktsamling
Stadnamn
Fiskebåtar
Ullahammar
Ulla-garden
Ulla-nausta
Vålen
Ulla fyr
Ulla skule
Kulturliv
Næringsliv
Samferdsel
Losar på Ulla
Dialekt


 









Kari-garden



Bumerke
Kari-garden




Bruksnr. 8




Foto:  Knut Hallvard Ulla - 2007



BYGNINGAR

Kari-garden vart skilt ut frå Lars-garden om lag år 1770.  Kari-garden har namnet sitt etter Kari Torsdt. Ulla (1745-1801).

Kari-garden hadde fire bygningar i det gamle klyngjetunet:  Stove, løe, stabbur og torvsjå.  Den gamle Kari-stova skilde seg litt ut frå dei andre stovene ved at den var ein god del høgare.  I brannen i Ullatunet i april 1849 var det berre to bygningar som stod att, og det var Kari-stova og Kari-stabburet.  Ved utskiftinga i 1880 vart ikkje Kari-garden flytta ut.  Ny stove vart bygd om lag på same tomta, men denne gongen på høge murar.  Det nye huset er framleis eit praktbygg.  Kari-garden var den første garden som vart nedlagt på Ulla.  Det skjedde alt i 1960.

Kari-naustet ligg lengst sør i naustrekkja.  Kari-garden hadde to saltebuder, den eine står framleis på nedsida av naustet.  I tillegg har Kari-garden ihopenaust med Lars-garden ved sida av Jo-naustet.


BRYLLAUP I KARI-GARDEN - 1909



Den 25. april 1909 var det storbryllaup i Kari-garden på Ulla.  Sjå detaljar om kvar enkelt person på denne lenka.


FOTOGRAFI



Filipine Guttormsdt. Ulla (1854-1897)
Foto utlånt av  Per  Ulla
Johan Rasmusson Ulla (1848-1928)
Foto utlånt av Per Ulla


SLEKTSTRE

Slektstre for Nils Gustav Johanson Ulla  (1875-1959) Slektstre for Josefine Pedersdt. Ulla  (1877-1963)



SLEKTSBOK

Brite Aagnesdt. Ulla f. Uksnøy  (1703-1784).
Brite var frå Uksnøy og var søster til Peder Aagneson Ulla f. Uksnøy (1701-1785) i Mette-garden på Ulla.

Gift første gong med Erik Pederson Ulla  (1700-1743) i Lars-garden på Ulla.

Gift andre gong i 1745 med Tor Jonson Ulla f. Haram  (1718-1778) frå Haram.
Tor Jonson Ulla var første brukar av Kari-garden.

Barn:
1.
Kari Torsdt. Ulla  (1745-1801) som tok over Kari-garden.
2.
Erik Torson Ulla  (1749-1749)  døydde ei veke gamal.

Kari Torsdt. Ulla  (1745-1801)

Gift første gong i 1770 med Ole Pederson Ulla f. Longva  (1744-1774) frå Longva.

Barn:
1.
Nille Olsdt. Ulla  (1771-1839) gift i 1792 med Hans Sjurson Ulla  (1763-1838) i Sjur-garden på Ulla.

Gift andre gong i 1775 med Hans Olson Ulla f. Almaas  (1743-1780) frå Stordal.
Hans kom bort på sjøen i 1780.

Barn:
1.
Olave Hansdt. Longva f. Ulla  (1776-  ) gift med Ole Ingebrigtson Longva  (1782-  )  frå Longva.

Gift tredje gong  i 1781 med Anders Olson Ulla (1752-1785)

Barn:
1.
Hans Andersson Ulla  (1781-1851) som tok over Kari-garden.
2.
Ole Andersson Ulla  (1784-  )  Ole døydde ung.

Gift fjerde gong i 1787 med Knut Jesperson d.y.  (1762-  )
Knut var frå Mali-garden på Ulla.  Han dreiv Kari-garden til 1803.

Barn:
1.
Anders Knutson Longva f. Ulla  (1788-1867) gift med Karen Margrete Longva (1791-1866) i Pe-garden på Longva.

Hans Andersson Ulla  (1781-1851)

Gift i 1803 med Ingeborg Knutsdt. f. Austnes  (1770-1842)

Barn:
1.
Karen Marie Hansdt. Ulla  (1803-1804)
2.
Karl Andreas Hansson Ulla  (1805-1829)
3.
Oline Marte Hansdt. Ulla  (1808-  )  gift med enkjemann Aagne Pederson Ulla (1793-1867)  i Negard på Ulla.
4.
Knut Hansson Ulla  (1810-1893)  ugift i Kari-garden.
5.
Gurine Hansdt. Ulla  (1814-  ) som vart gift i 1841 med Kristian Erikson Ulla (1809-  ) som var dreng på Ulla.  Dei busette seg på Tennøy og hadde to jenter:  Nille (1839-  ) som vart gift med Johannes Pederson Ulla (1833-  ) og busette seg på Johannes-garden på Haram, og Berte Anna (1853-1948) som vart gift i Jo-garden på Ulla.
6.
Rasmus Hansson Ulla  (1817-1860) som tok over Kari-garden.

Rasmus Hansson Ulla  (1817-1860)

Gift med Berte Hansdt. f. Farstad  (1818-1897)  frå Hans-garden, Farstad, Lepsøy.

Barn:
1.
Ingeborg Anna Rasmusdt. Haram f. Ulla  (1845-1918) gift første gong i 1868 med Hans Sjurson Haram  (1841-1872)  i Nystad-garden på Haram.  Gift andre gong med broren til Hans,  Bernt Sjurson Haram  (1843-1916).  Ingeborg og Bernt var foreldra til Inga Eidskrem f. Haram.
2.
Johan Olaus Rasmusson Ulla  (1848-1928) som tok over Kari-garden.

Berte Hansdt. Ulla f. Farstad  (1818-1897).

Gift andre gong i 1861 med Nils Andersson Ulla  (1833-1916) frå Mette-garden på Ulla.
Berte og Nils hadde ikkje barn saman.

Johan Olaus Rasmusson Ulla  (1848-1928)

Gift i 1873 med Filipine Guttormsdt. Ulla  (1854-1897) frå Ingeleiv-garden på Ulla.

Barn:
1.
Regine Johansdt. Sønderland f. Ulla  (1874-1926)  gift i 1893 med Andreas Kristianson Sønderland  (1864-1921) frå Sønderland.  Dei var busette på Vigra.  Andreas var lærar.
2.
Nils Gustav Johanson Ulla  (1875-1959) som tok over Kari-garden.
3.
Karl Johanson Ulla  (1877-1938)  gift med Ella Sofie Hanevoll  (1874-1943).
4.
Marie Johansdt. Gamlem f. Ulla  (1879-  )  gift med Iver Gamlem.  Iver døydde tidleg i 1930-åra av eit slagtilfelle.  Han var reiar og fiskeskipper, mellom anna på båten "Barden".  Dei hadde eitt barn, Fridtjof, som døydde i krybbedød.  Marie og Iver budde på Gamlem og i Ålesund.
5.
Gustav Vebjørn Johanson Ulla  (1881-1959)  gift i 1918 i Molde med Emma f. Hovden  (1889-1990)  frå Hovdebygda.  Dei budde i Kari-stova i Ullahammaren der Gustav var handelsmann.
6.
Johan Filip Johanson Ulla  (1884-1885) som døydde 14 månader gammal.
7.
Berte Johansdt. Vatne f. Ulla  (1886-1946)  gift med Ole Vatne.  Busette i Bud i Romsdal.
8.
Jenny Johansdt. Strømme f. Ulla  (1888-1968)  gift i 1909 med Ola Normann Strømme (1878-1961) frå Ørsta.  Dei var busette i Hamar og Oslo, men vart seinare skilde.
9.
Johan Filip Johanson Ulla  (1891-1963) gift med Petra Knutsdt. f. Aakre (1886-1942)  frå Knut-garden på Åkre.  Petra var søster til los Karl Knutson Åkre i Ullahammaren.
10.
Laura Johansdt. Ullahammer f. Ulla  (1892-1983) gift i Molde i 1920 med  Sevrin Kristianson Ullahammer  (1880-1934) frå Ullahammaren.  Dei flytta inn i Hånes-kyrkja.
11.
Klara Johansdt. Ratvik f. Ulla  (1895-1952)  gift med Hans Ratvik  (1883-1966) busette i Ratvika i Ålesund.

Nils Johanson Ulla  (1875-1959)

Gift i 1898 med Josefine Pedersdt. Ulla  (1877-1963)  frå Negard på Ulla.

Barn:
1.
Fridthjof Nilsson Ulla  (1900-1961) som tok over Kari-garden.
2.
Peder Nilsson Ulla  (1905-1973)  gift med Marie Ulla f. Jørgensen (1911-2010) frå Brandal.  Peder dreiv butikk i Ratvika i Ålesund.  Dei hadde ein son:  Nils Jostein Ulla (1932-2009) gift med Ruth Helene Ulla f. Bergan (1930-2014).  Dei bur i Bergen.

Fridthjof Nilsson Ulla  (1900-1961)
Ugift og siste brukar av Kari-garden.

Nils Jostein Ulla (1932-2009)
har saman med kona Ruth teke over Kari-stova som no blir brukt som fritidsbustad.

Grete og Gunnar Sælensminde
tok over Kari-stova etter at Nils Jostein Ulla døydde. Grete er dotter til Nils og Ruth. Kari-stova blei brukt som fritidsbustad.

Mari Agathe Hatlestad og Victor Valdal
kjøpte Kari-stova, stabburet, naust og saltebud i 2016. Resten av garden vart seld til Andreas Ulla.




Gå til toppen