ULLA



 Ullahammaren 1882

Startside
Presentasjon
Diktsamling
Stadnamn
Fiskebåtar
Ullahammar
Ulla-garden
Ulla-nausta
Vålen
Ulla fyr
Ulla skule
Kulturliv
Næringsliv
Samferdsel
Losar på Ulla
Dialekt


 









Gjenreising



Foto:  Knut Hallvard Ulla - 2006

Etter om lag 5 år med  provisorisk fyrlykt på Kvernholmen, vart det løyvd pengar til nytt fyr på Ulla.  Arbeidet tok til i 1949.  Sjølve fyrtårnet vart plassert på same plass som det gamle, medan det vart sett opp nytt bustadhus og uthus på flata mellom fjøsen og naustet.  Det vart bygt nytt naust til fyrvaktaren.  Det vart støypt ny trappegang frå bustadhuset og opp til fyrtårnet.



FOTOALBUM

Sjå fotografi frå Ulla fyr frå ulike vinklar og tidsperiodar på denne lenka.  Foto:  Knut Hallvard Ulla.



ARBEIDSLAGET  PÅ  KVERNHOLMEN I 1949

Også gjenreisinga av fyret på Kvernholmen i 1949-1950 vart ei oppgåve for arbeidarar mellom anna frå Dalsfjorden i Volda på same måten som då dei sette opp det opphavlege fyret i 1873.  Dette viser kor sterk tradisjon det var i desse bygdene når det gjeld fyr- og merkearbeid.  Gjennom kontakt med Oddmund Fløtre frå Dalsfjorden har eg fått ein del opplysningar om arbeidet.  Oddmund Fløtre er frå Innselset i Dalsfjorden, og han var med på å byggje opp att fyrtårnet og dei andre bygningane.  Nedanfor ser du eit fotografi av arbeidslaget på Kvernholmen sommaren 1949.



Foto utlånt av Kjell Viken

          
1. rekkje frå venstre: 2. rekkje frå venstre:

Johan Myklebust, Syvde
Sverre Tryggestad, Syvde
Jon K. Løndal, Lauvstad i Dalsfjorden
Guttorm Sørland, Nordfjordeid
O. Vingsnes, Kristiansund (eller omegn)
Leif Nilsen, Bjørkedalen
Peder (Per) Drabløs, Dravlaus i Dalsfjorden
Olav (Ollen) Oppsal, Syvde
Oddmund Fløtre, Innselset i Dalsfjorden
P.  Nerlandsrem, Hustad (eller omegn)
Sigvard Kvangarsnes, Lauvstad i Dalsfjorden
Johan Nykrem, Syvde
Kr. Schanche, Kristiansund (eller omegn)
S. Lade, Sykkylven
J. Pettersen, (Trøndelag)
J. Larsen, Kristiansund (eller omegn)
B. Barø, Vallersund (eller omegn)
K. Bruse, Nordli (Lierne) Nord-Trøndelag
Elling Ulvestad, Syvde (formann)
Bjarne Sagbakken, Vallersund, Sør-Trøndelag

Ikkje med på bilde: I tillegg var desse med i arbeidslaget i kortare periodar:
Harald Wiik, Innselset i Dalsfjorden
Hans Lyngnes, Lauvstad i Dalsfjorden          
Karl Svendsen, Ulla, Haramsøya
NN  Bjørndalen, Hordaland
NN  Bjørndalen,        ”         (brør)
O. Reksnes og A. Grov (begge frå Nordfjord?)
På føringsbåten ”Kjølnes”  Rasmus Bjørlykke, Sør-Brandal og A. J. Velle, Ørsta



DET NYE FYRTÅRNET




Foto utlånt av Oddmund Fløtre

Ulla fyr 1949.  Sterke karar. Transport av seksjon til lykta på fyret. 
Frå venstre:  NN Bjørndalen (Hordaland) (Sotra?),  smeden Bjarne Sagbakken, Vallersund,  Oddmund Fløtre, Innselset i Dalsfjorden,  NN Bjørndalen (Hordaland) (Sotra?).   Jenta bak er Tove, eldste dotter til vikarfyrmeister Olav Hammer-Olsen 

Medan det gamle fyrtårnet frå 1873 var bygt i tømmer med ståande bordkledning, vart det nye fyrtårnet bygt i betong.  Det vart plassert på same staden som det gamle fyrtårnet med vanntanken under.  På fotografiet ovanfor ser vi ein gjeng med arbeidsfolk som ber ein malmseksjon til sjølve fyrlykta.  Dei er på veg oppover den gamle trappegangen.  I bakgrunnen ser vi delar av dei midlertidige brakkeriggane som arbeidslaget budde i.  Det var tungvint arbeid sjølv om dei nytta moderne byggjemateriale.  Vi må hugse på at dette var lenge før brua vart bygt over Kvernholmsundet.  Det var ikkje tilgang til kai og dårleg tilflot i støa ved det gamle naustet når dei skulle få i land sand og sement.  Det var mange tunge tak.  Det første arbeidarane byrja med, var å skyte stein som dei fann i fjøra ved Kvernholmsundet.  Steinen skulle brukarst til grunnmur i det nye bustadhuset og uthuset.  Dessutan brukte dei skoten stein som armering i betongen på fyrtårnet.



NYTT  BUSTADHUS  OG  UTHUS

Det gamle bustadhuset og uthuset frå 1887 overlevde bombeåtaket i 1944, og i etterkrigsåra var det fyrvaktar Olav Hammer Olsen som budde der med familien sin frå 1946 til 1950.  Han hadde ein relativ lett jobb med å passe den provisoriske Aga-lanterna som stod på toppen av Kvernholmen.  I 1950 slutta Olav Hammer Olsen som fyrvaktar på Ulla fyr, og saman med far sin, Ragnvald Olsen, kjøpte han gamlehuset.  Dei reiv det ned, frakta det til Volda og busette seg der.  Huset vart bygt opp att på Rotset i Volda og vart kalla Hammer Olsen-huset.



Foto:  Knut Hallvard Ulla - 2005

Nytt bustadhus vart sett opp på Kvernholmen på flata nedanfor fjøsen.  På fotografiet ovanfor ser du fjøsen til venstre, det nye bustadhuset og uthuset heilt til høgre.  Mellom bustadhuset og uthuset er det ein støypt platting, og nesten to meter høge gjerde rundt. Bustadhuset er eit stort to etasjes hus med kjellar.  I samband med gjenreisinga av det nye fyret vart det bestemt at Ulla fyr skulle ha både fyrvaktar og assistent.  Såleis vart bustadhuset bygt med husvære til to familiar, ein i kvar ende.  Fyrvaktaren hadde leiligheita som vende ned mot Kvernholmsundet, og assistenten opp mot fyrtårnet.


VATN

I alle år har det gått greit å skaffe vatn ved å samle opp regnvatn i tankar og kummar.  Otto Kjerstad fortel at kvaliteten på vatnet ikkje var noko dårlegare enn elles på øyane i Haram.  Dette viste prøver som vart teke av offentlege tilsyn.  I det nye bustadhuset er det to store vanntankar under huset.  Vatnet blir samla opp frå taket gjennom to trakter ved takrennenedlaupa, sjå foto nedanfor til venstre.  Lufting skjer gjennom røyret som du ser rett under skiltet.  Når det er styggever, blir trakta snudd opp ned slik at det ikkje skal kome saltvatn ned i kummane frå sjøsprøyt på taket.  Sjå foto til høgre.





Foto:  Knut Hallvard Ulla - 2005


NYTT  NAUST  OG  LANDINGSKAR




Foto: Knut Hallvard Ulla - 1976

Det gamle naustet til fyrvaktaren ser vi til høgre på bildet.  Frå gammalt av var det rydda ei stø opp til naustet med ein vør på venstre sida.  Heilt framme i naustet var det ein vinsj som ein kunne dra opp båten med.  Dette naustet står der framleis og blir i dag kalla "Fyrbetjenten" og blir nytta til selskapslokale.  I 1950 vart det bygt nytt naust til fyrvaktaren, til venstre på fotografiet. 








Foto:  Knut Hallvard Ulla - 2006

Frå det nye naustet vart det støypt ein 30 meter lang betongplatting med skinnegang fram til eit landingskar med svingkran.  Det vart også støypt platting frå det nye naustet og bort til gamlenaustet.   På denne måten vart det lettare for fyrvaktar og assistent å sette ut og ta opp båten når dei skulle ut og fiske eller hadde andre ærend på Haramsøya.  Byggjemateriale i eternitt var typisk for tida rundt 1950.  Det var sagt at dette var eit materiale som "kunne vare evig".  Lite visste ein då om at asbestinnhaldet er kreftframkallande, og at det kanskje ikkje er så varig som ein trudde.  Ein ting er sikkert:  Det er det ikkje noko vakkert syn med bølgeeternitt på nausta slik vi ser ovanfor.  Då er det berre å samanlikne med Ulla-nausta som er bygde i tre og står der framleis, det eldste frå år 1650.



BRU  OVER  KVERNHOLMSUNDET




Foto: Knut Hallvard Ulla - 2006

Gjennom alle tider var det eit problem å kome seg over Kvernholmsundet i dårleg ver.  I fint ver var det greit å ta båten og ro over, og i fjøre sjø kunne ein gå tørrskodd over på steinane.  Etter mange år med planar om gangbru over sundet, vart draumen realisert i 1965.  Det vart ei bru i betong med jarnrekkverk.  Brua var teikna av Sam. Lorgen i Ålesund.  Han hadde snakka med lokale folk om vertilhøva, og fekk vite at i dårleg ver var det mest som bølgjene slo saman frå begge sider.  Derfor tenkte Sam. Lorgen som så at det viktigaste var å ta omsyn til trykket nedanfrå og ikkje ovanfrå som vanleg er når ein skal konstruere ei bru.  Derfor er berekonstruksjonen skråa inn frå kvar side slik du ser på fotografiet ovanfor.  Også denne gongen kom voldingane ut til Kvernholmen, og det var dei som sette opp brua.  Denne gongen var det betre kår for dei.  Otto Kjerstad som var assistent den tida, flytta saman med fyrvaktar Hans Austnes i husværet hans slik at bygningsarbeidarane frå Volda fekk leige leiligheita til Otto Kjerstad i byggjeperioden.  Det skal også nemnast at grunnen i sundet vart rydda i samband med brubygginga slik at det skulle bli lettare å gå med båt under brua i låg sjø.  Dette er forklaringa på at ein ikkje lenger kan gå tørrskodd over sundet under brua.

Det har vist seg å vere ei solid bru som har stått i all slags ver.  Det er ikkje tilfelle alle stader, veit vi.  På Bjørnsund i Romsdal vart brua over til fyret fullstendig øydelagt av orkanen 1. nyttårsdag 1992.  Gangbrua over Kverholmsundet stod like godt, så Sam. Lorgen hadde vel rett i teorien sin.  Det vi ser i dag er likevel mangel på vedlikehald på rekkverket, som  er i ferd med å ruste opp.  Det ber nok preg av av Ulla fyr ikkje er bemanna lenger .  Dermed blir ikkje vedlikehaldet ivareteke på same måten heile tida.


STADNAMN VED ULLA FYR



Foto:  Knut Hallvard Ulla - 2005

Rett utanfor Kvernholmen er det fleire farlege skjer og fall.  Det skal vere ganske smult før ein kan våge seg heilt inn til Kvernholmen innom skjera Skåkja, Løydefallet og Kverna.  Lengst til venstre ser vi Kverna, sjå kommentar nedanfor.  Vidare nordover har vi Løyndefallet.  Det er fall som ikkje visest når det er roleg sjø.  Det er farlege fall som kjem fram når båra bryt mot land.  Lengst nord finn vi den kjende Skåkja.  Det er ein av dei beste fiskeplassane etter småsei utanfor Ulla.  På sjølve Kvernholmen heiter den høgaste haugen vest for fyrtårnet, Arhaugen.  Det tyder:  Ørnehaugen.  Sundet mellom Kvernholmen og Haramsøya heiter Kvernholmsundet.  I 1965 vart det bygt gangbru over Kvernholmsundet.


   

KVERNA
Kvernholmen har namnet sitt etter Kverna.  Det er eit skjer som ligg like nord-aust for Ulla fyr.  Når det er fjøre sjø og smult, liknar skjeret på ein kvernstein med eit hol i.  Det kan også ha ei dobbelt forklaring ved at havet kvernar og mel rundt skjera ved Kvernholmen, og at dette kan forklare namnet Kvernholmen.

Foto:  Knut Hallvard Ulla - 2005
 


FREDING

I 1997 kom Riksantikvaren med framlegg om freding av 84 fyr og 5 tåkelurar i Noreg.  Dette var gjort for å sikre viktige kulturminne langs norskekysten for ettertida.  Etter ein høyringsrunde i fyrmiljø og kommunar vart desse fyra og tåkelurane freda i 2000 etter lov om kulturminne.  Av dei 84 fyra var det 9 som høyrer heime i Møre og Romsdal:

På Sunnmøre I Romsdal
På Nordmøre
Runde fyr i Herøy kommune
Grasøyane fyr i Ulstein kommune
Alnes fyr, Godøy i Giske kommune
Høgsteinen fyr, Godøy i Giske kommune
Ulla fyr i Haram kommune
Ona fyr i Sandøy kommune

Kvitholmen fyr i Eide kommune
Grip fyr i Kristainsund kommune
Haugjegla fyr i  Smøla kommune

Fredinga gjeld fyrtårnet og maskinhuset, bustaden, uthuset, fjøsen og dei to nausta.  Fredinga omfattar både interiør og eksteriør og heile Kvernholmen som område.  I dette området kan det ikkje setjast i verk tiltak eller bruksendring som kan endre karakteren eller funksjonen til anlegget eller på annan måte motverke føremålet med fredinga.  Men fredinga skal ikkje vere til hinder for drifta av fyrstasjonene, for ein må hugse på at Ulla fyr framleis har ein viktig funksjon med å tryggje båttrafikken i havområdet utanfor.


Gå til toppen