ULLA



 Ullahammaren 1882

Startside
Presentasjon
Diktsamling
Stadnamn
Fiskebåtar
Ullahammar
Ulla-garden
Ulla-nausta
Vålen
Ulla fyr
Ulla skule
Kulturliv
Næringsliv
Samferdsel
Losar på Ulla
Dialekt
Ulla Skulehus



 









Ulla Skulehus - Vedtekter

 

Vedtekter for Ulla Skulehus
 
Organisasjonsnummer 894 407 352

Godkjende på skipingsmøte 11.4.2009

§ 1. Namn og medlemskap

  1. Laget heiter Ulla Skulehus og skal vere ein frittståande, ideell organisasjon.
  2. Alle som vil, kan vere medlem.

§ 2. Føremål

  1. Å ta vare på, setje i stand og oppruste Ulla Skulehus som eit viktig kulturminne for bygda.
  2. Å gjere Ulla Skulehus til ein plass for variert kulturell aktivitet.
  3. Å bli ein felles samlingsstad for alle i bygda.

§ 3. Årsmøte

  1. Årsmøte skal haldast seinast innan utgangen av august kvart år.
  2. Kunngjering av årsmøte skal gjerast minst 3 veker før møtedato.
  3. Aktuelle saker skal meldast til styreleiar på førehand. Endeleg sakliste blir sett opp før årsmøtet tek til.
  4. Årsmøtet kan berre behandle saker som står på saklista.
  5. Årsmøtet skal leiast av styreleiaren eller den som årsmøtet vel til møteleiar.
  6. Årsmøtet er vedtaksført med dei medlemmene som møter.
  7. Ingen har meir enn ei stemme, og det kan ikkje brukast fullmakt ved avstemming.
  8. Årsmøtet skal minst behandle årsrekneskap og årsrapport.
  9. Årsmøtet skal godkjenne eventuell omdanning eller nedlegging av laget.
  10. Årsmøtet skal velje styre og valkomite.
  11. Eventuelle endringar av vedtektene skal vedtakast av årsmøtet.
  12. Årskontingenten skal fastsetjast av årsmøtet.
  13. Styret eller minst ein tredel av medlemmene kan kalle inn til ekstraordinært årsmøte.

§ 4. Styre

  1. Styret skal ha 3-5 medlemmer som skal veljast av årsmøtet.
  2. Medlemmene blir valt for to år, og dei kan attveljast.
  3. Ein styremedlem står på val anna kvart år for å sikre overlapping og fornying.
  4. Ved likt stemmetal har styreleiar dobbeltstemme.
  5. Styret skal konstituere seg sjølv med leiar, kasserar og sekretær.
  6. Styret skal velje revisor.

§ 5. Valkomite

  1. Valkomiteen skal ha to medlemmer.
  2. Valkomiteen skal veljast av årsmøtet for to år om gongen.
  3. Valkomiteen skal gje innstilling til årsmøtet om val av medlemmer som står på val.

 

 Vedtektene på tekstdokument finn du på denne lenka.



Gå til toppen