ULLA
I
fjøra på Ulla kom det årvisst i land mykje tare etter
uversbolkar om hausten og vinteren. Taren la seg
ofte som store stål i Tangvika utanfor Naustneset og frå
nausta og innover mot Laugarberget. Gardbrukarane
på Ulla laga store kompostdungar av tare, mold og
husdyrgjødsel. Det
vart mykje køyring med hest og vogn etter vegen like ved
Skulehuset.
Tarefjøra
vart
bytt (delt) kvar haust.
Etter 14. oktober hadde ingen lov til å køyre
tare før ny byting var kome i orden. Ny byting
vil seie ny plassering av dei einskilde tarestykkja,
slik at til dømes dei som hadde sitt tarestykkje
lengst sør eitt år, han kom neste år lengst nord. Sjølve
bytinga gjekk føre seg etter ein gammal metode, det
gjekk lenger attende i tida enn nokon av gamlekarane
kunne minnast. På Ulla var i alt seks tareskifte som
skulde bytast slik at kvart bruk fekk sin lut i
tareskifta. Det
var to tareskifte aust for elva, to skifte frå elva
til båtstøene, eitt tareskifte i båtstøene og eitt
skifte i Tangvika.
For dei seks tareskifta var det faste merke. Dei åtte gardsbruka hadde ikkje same jordvidde. Til sjølve delinga hadde dei ei stong for kvart bruk med tilmåta lengde i samsvar med bruket si jordvidde. Så slo dei nabbar i marka slik at dei kunne sikte inn bytelinja mellom kvart tarestykkje. På nabbane var det innskore bumerke. Gamlekarane var påpasselege med tarebytinga, og den vart greit gjennomført. Plasseringa av tarestykkja skifte for kvart år, til dømes ein som hadde søre båtstø eitt år, kom neste år lengst nord, men rekkjefølgja var som vist ovanfor.
Kvart
tarestykkje
var målt ut med ei stong.
Lengda på stonga var i høve til skylda garden
hadde. Gamal
skyld på Ulla, g.nr 10 i Haram var 14 våg. Eldre skyld: Mellag. Oversikt over
gardane på Ulla etter storleik:
Her er foto av farbror min, Sevrin G. Ulla. Foto: Knut Hallvard Ulla - 1975 Han viser fram ei tarestong som vart brukt i Kari-garden på Ulla. Om våren vart taren lagt i
store dungar på berga til tørking. Når
taren var tørr, vart den brent. Oska
vart samla opp i sekkar og selt til medisinske
føremål. Dette
var ei viktig næring attåt gardsdrifta og
fiskeriet for Ulla-karane. Gustav
Vebjørn Johanson Ulla var handelsmann i
Ullahammaren, og han var agent for eit firma som
heitte Vest-Norges Chemiske Fabrikk på Ogna på
Jæren i Rogaland.
Han selde tareoska for Ulla-bøndene. Det blir
sagt at tareoska vart nytta til produksjon av jod. Før
tareoska vart levert frå Ulla, vart den lagra i
Storebuda (brenneriet) i Ullahammaren. Der stod
det til tider haugevis med sekker fulle av
tareoske i svalgangane.
Elles var taren ei god
tilsetjing til jorda, og nytta til gjødsel. Blanda
med jord til kompost vart den gode Ulla-jorda endå
meir næringsrik.
Siste tarebytinga på Ulla var i 1939. |
