Kvernhusa Jord-arealet på Ingeleiv-garden på Ulla. Nedskirve av Sevrin
G. Ulla i 1980:
"På garden var det kring 35 da innmark og
nokre da natur-eng til ljåslått. Besteforeldra mine leigde
tenestegjente heile året, og elles ekstra hjelp i slåttonna.
Til vanleg hadde dei 6-7 kyr og hest, nokre hauer hadde dei og
ei tid. Kornavlen var årviss, bygg og havre. Eit kvernhus med
kvern og utstyr var i bra stand tike til kring 1920. Eg
minnest godt at eg var med far og bestefar når dei skulde opp
til kvernhuset og male korn. Kornet vart fyrst tørka på ein
stor komfyr i kjøkenet. Eit arbeid som kvinnfolka hadde å
stelle med. Det måtte vere god "kvennabør" når dei skulde
male. So dei laut passe på når det var mykje regn om hausten.
I 1918 var det tvangsdyrking, og etter måten eit stort areal
vart tilsådd med korn. Om sumaren og hausten var det sers
lagleg ver det året, og eg hugsar far sagde at det var den
finaste byggavling han nokon gong hadde hausta inn. Her på
Ulla hadde dei på den tid kjøpt inn eit nytt moderne
truskeverk som var teke i bruk. Der kom kornet direkte i
sekkane, i to eller tre sorteringer. Drivkrafta til
truskeverket var ein lagleg bensin-motor. Kornet vart lagra på
stabburet, i tunner eller kornbingar. Eg minnest ein dag denne
hausten (1918) etter at truskinga var ferdig, eg kom burt på
låven der far heldt på med noko arbeid. Han hadde sett tilside
nokre fulle kornsekker, og han fortalde at desse
korsekkane skulde sendast til Austerike der det var stor
hungersnaud den tid verdskrigen var slutt."