ULLA



 Ullahammaren 1882

Startside
Presentasjon
Diktsamling
Stadnamn
Fiskebåtar
Ullahammar
Ulla-garden
Ulla-nausta
Vålen
Ulla fyr
Ulla skule
Kulturliv
Næringsliv
Samferdsel
Losar på Ulla
Dialekt



 









På fjellet


    Søndag var kviledag, og i fint ver tok ungdommane seg ofte ein tur på fjellet i lag. Då hadde dei med seg mat og drikke, fyrte opp bål og kokte kaffi. Nedanfor har eg samla ein del fotografi for å skildre denne delen av kultur- og friluftslivet før i tida. Dei fleste bilda er tekne i 1930-åra. Først ein del bilde av utsikta frå fjellet. Vi ser tydelege endringar i kulturlandskap og bygningar.




Bjørnsonprofilen - her fotografi frå før 1930





Ulla-nausta.
Legg merke til Lars-naustet med saltebud lengst borte og Negard saltebud heilt til høgre ved støa.





Ulla-garden sett frå fjellet i 1930.
Det nye Mette-huset er kome opp, og det gamle står enno heilt inntil. Mette stabbur og løe til venstre for den gamle Mette-stova. Så har vi den gamle Jo-stova ved sida av Mette-stabburet. Alle bygningane i Kari-garden er der: Stove, stabbur, løe og torvsjå.






Store Korssteinen ligg i fjellsida mot Ulla-dalen. Kvernholmen med Ulla fyr til venstre.





Ullahammaren i 1930-åra.







To jenter på ei fjellhylle: Helga Trandal og Helga Åkre.





Karl Svendsen samlar kvist og tenner bål.
Til venstre: Signe Tomren, Karl Åkre og Ingebjørg Åkre. Til høgre bak: Helga Åkre og Helga Trandal





Kaffi-koking. Helga Åkre og Helga Trandal.





Åkre-søsken på fjelltur. Knut og Ottar, Helga og Ingebjørg.





Frå venstre: Knut, Petra, Ottar og Ingebjørg Åkre.





Bak frå venstre: Harald P. Ulla (Pittersen), Olaus Tomren, Karl Svendsen, Karl Åkre, Anna H. Ulla (Anna-moste), Oddmund Verpeide, Johan A. Ulla (Store-Johan), Harald Åkre.
I midten frå venstre: Petra Åkre, Signe Tomren, Ingebjørg Åkre.
Framme frå venstre: Ukjend, Helga Åkre, Janna Ulla, Frida Longvanes, ukjend





Bak f.v. Johan Bernt Ulla, ukjend, Karl Åkre, Johan A. Ulla, Karl Svendsen, Oddmund Verpeide.
I midten f.v. Harald Åkre, ukjend, Frida Longvanes, Janna Ulla, Helga Åkre, Johan H. Ulla, ukjend, ukjend, Jørgen Åkre.
Framme f.v. Signe Tomren, Harald P. Ulla (Pittersen), Helga Trandal,
Olaus Tomren med armen rundt Anna H. Ulla (Anna-moste)






Tre søstre Åkre på fjelltur: Petra, Ingebjørg og Helga.





Fire Ulla-jenter i graset: Ukjend, Magnhild Ulla, Janna Ulla, ukjend.







Bak sit Olaus Tomren med to flasker i hendene.
F.v. Ukjend, Anna-moste, Signe Tomren, Helga Åkre, Helga Trandal.
I midten f.v. Harald Åkre, Ingebjørg Åkre, Janna Ulla, Frida Longvanes.
Framme f.v. Harald P. Ulla (Pittersen), Karl Svendsen, Karl Åkre, Johan Bernt Ulla.


Gå til toppen