| Mette-stova hadde ein særmerkt byggjestil. Det var såkalla skeivtekt tak, det vil seie at taket på eine sida gjekk lenger ned enn på andre sida. På den måten fekk dei plass til mellom anna reiskap og verkty på denne delen av huset. Dette vart kalla ei gong. Det same finn vi også på Jo-stova. Dette ser vi klart i neste bilde som var teke før 1930. Merk også at vestre hjørne på Jo-stova er knekt. Det nye Mette-huset som vart bygt i 1930, står i dag om lag der stabburet i Lars-garden låg i klyngtunet. |
| 1. Ingeleiv løe |
2. Ingeleiv mjølkehus |
3. Ingeleiv torvsjå |
4. Kari stove |
5. Ingeleiv stabbur |
6. Ingeleiv stove |
| 7. Jo stove |
8. Mette stabbur |
9. Mette stove |
10. Mette Løe |
11. Mette torvsjå |
12.Ulla Skulehus |
| 1. Ingeleiv torvsjå |
2. Kari stove |
3. Ingeleiv stabbur |
4. Ingleiv stove |
5. Jo stove |
6. Mette stove |
| 7. Mette løe |
8. Mette torvsjå |
9. Ulla Skulehus |
10. Klæberget |
11. Utedo |
| Foto av Mette-familien om lag år 1900 Bak: Johanne, Johan, Berte, Petrine. Framme: Anna og Andreas Aagneson Ulla I familien var det til saman 7 barn. Det var to barn som ikkje vaks opp: Berte Anna som døydde 5 år gammal i 1875 Andreas Peder som døydde 1 år gammal i 1874 Johanne døydde av
tuberkulose i mars 1910, 29 år gammal. Ho var gift med
Gustav i Ingeleiv-garden.
Johan var odelsgut i Mette-garden. Han døydde av tuberkulose i desember 1910 berre 10 månader etter søstra Johanne døydde. Johan vart 35 år gammal. Han var gift med Oline Gjøsund frå Vigra. Berte Anna var ugift. Ho bygde hytta som vart kalla Bertebu i Ullahammaren i 1932. Berte døydde 60 år gammal i 1939. Petrine døydde i barsel i 1914, 28 år gammal. Ho var gift med Petter-Bernt på Haram. Anna Oline døydde i 1911, 39 år gammal. Ho var gift med lensmann Nils Nilsson Aakre i Framgard på Åkre Andreas Aagneson Ulla Etterslekt Andreas var odelsgut i Mette-garden. Han var gift med Vilhelmine frå Terøy. Ho døydde 51 år gammal i 1897. |
| Johanne |
Johan |
|
Johanne (1880-1910) var frå Mette-garden og gift
med Gustav S. Ulla (1882-1958) i 1907. Gustav var frå
Ingeleiv-garden. Dei hadde ein son, Sevrin G. Ulla
(1909-1989). Han tok over Ingeleiv-garden og var den
siste brukaren av Ingeleiv-garden. Han var ikkje gift.
Johanne døydde berre 29 år gammal av tuberkulose i
mars 1910. Sevrin G. Ulla var berre eitt år da Johanne
døydde. I desember 1910 døydde broren Johan som var
odelsgut i Mette-garden. I 1913 gifte Gustav seg med
enka Oline Ulla f. Gjøsund i Mette-garden. Gustav og
Oline dreiv Mette-garden vidare.
|
Johan (1875-1910) frå Mette-garden
var gift i 1904 med Oline f. Gjøsund frå
Eirik-garden på Vigra (1876-1955). Dei dreiv
Mette-garden. Dei hadde tre døtre: Vilhelmine
(1905-1923) som døydde 18 år gammal av tuberkulose,
Antonette (1907-1998) gift i 1932 med Ole Ullahamar
(1904-2001). Dei tok over Mette-garden. Helene
(1909-1927) som døydde av tuberkulose 18 år gammal.
Johan døydde av tuberkulose 35 år gammal same året som
søstra Johanne. Oline gifte seg med Gustav i
Ingeleiv-garden. Dei dreiv Mette-garden vidare.
|
Berte vaks opp i Mette-garden på
Ulla. Ho var ikkje gift. Ho tok ut arven sin og kjøpte
den vesle hytta på Ullahammaren i 1932. Tomta var ein
del av Mette-garden. Berte budde på Ulla i sin
oppvekst, og hjelpte til på garden slik mange einslege
damer gjorde. Seinare budde ho i Ålesund ei tid der ho
var ei dyktig linsaumsyerske. Berte fekk dårleg helse
til liks med søskena sine. Ho døydde 60 år gammal,
berre 7 år etter at ho flytta inn i Hytta som seinare
fekk namnet "Bertebu".
|
Petrine Agnete (1885-2014) frå
Mette-garden på Ulla var gift med Bernt Pederson Haram
(1883-1969) i 1912. Han var odelsgut i Petter-Framgard
på Haram. Petrine døydde av barselfeber i 1914. Ho og
Bernt hadde to gutar, Ingvald på to år og Petter som
var nyfødd. Bernt gifte seg oppatt med Oluffa
Follestad (1892-1987) frå Ørsta. Dei fekk to gutar i
dette ekteskapet, Harald og Arne.
|
| Anna Oline
(1871-1911) var den eldste av borna i Mette-garden. Ho
gifte seg med Nils Nilsson Aakre (1866-1934) i 1893. Han
var lensmann og budde i Framgard på Åkre. Anna Oline
døydde 16. juni 1911, 39 år gammal av hjertelammelse i
samband med fødsel av barnet Anna Vilhelmine. Ho døydde
same år berre 5 månader gammal. Anna Oline og Nils hadde
fem born: Kanute (1894-1931) død 36 år, Vilhelmine
(1897-1908) død 10 år, Marie Kristine (1900-1902) død
ett år, Marie Klara (1904-1923) død 19 år og Anna
Vilhelmine (1911-1911) død 5 månader. Nils Nilsson Aakre gifte seg opp att med Anna Larsdt. f. Røsvik (1871-1954) frå Ola-garden i Røsvika på Vigra. Dei fekk ikkje barn, og det var ingen som tok over garden etter Nils og Anna Oline. Så vart det slik at Karl Olav Karlson Haram (1897-1987) og kona Agnes frå Norddal tok over Framgard på Åkre. KOK som Karl vart kalla, var frå Åmund-garden på Haram. Han var i slekt med Nils og Anna Oline Aakre. KOK hadde fem barn: Nils, Kjell, Magne, Bjørn, Geir og Kari. Nils tok over Framgard på Åkre. |
||
|
Foreldre |
|
Alder |
Bustad |
|
Andreas |
1841-1926 |
84 |
Mette-garden
|
|
Vilhelmine |
1846-1897 |
51 |
Frå
Terøya |
|
Barn |
|
|
|
|
Berte
Anna |
1870-1875 |
5 |
Mette-garden |
|
Anna
Oline |
1871-1911 |
39 |
Gift
med Nils Åkre i Framgard på Åkre |
|
Andreas |
1873-1874 |
1 |
Mette-garden |
|
Johan |
1875-1910 |
35 |
Mette-garden.
Gift med Oline Gjøsund |
|
Berte
Anna |
1878-1939 |
60 |
Mette-garden.
Ugift. Bygde Bertebu, Ullahammaren |
|
Johanne
|
1880-1910 |
29 |
Gift
med Gustav i Ingeleiv-garden |
|
Petrine |
1885-1914 |
28 |
Gift
med Bernt i Petter-Framgard på Haram |
|
Foreldre |
|
Alder |
Bustad |
|
Johan |
1875-1910 |
35 |
Mette-garden
|
|
Oline |
1876-1955 |
78 |
Frå
Eirik-garden, Gjøsund Vigra |
|
Barn |
|
|
|
|
Vilhelmine |
1905-1923 |
18 |
Mette-garden |
|
Antonette |
1907-1998 |
91 |
Mette-garden |
|
Helene |
1909-1927 |
18 |
Mette-garden |
|
Foreldre |
|
Alder |
Bustad |
|
Gustav |
1882-1958 |
77 |
Mette-garden |
|
Oline |
1876-1955 |
78 |
Frå
Eirik-garden på Gjøsund, Vigra |
|
Barn |
|
|
|
|
Vilhelmine |
1905-1923 |
18 |
Mette-garden.
Halvsøsken, far Johan |
|
Antonette |
1907-1998 |
91 |
Mette-garden.
Halvsøsken, far Johan |
|
Helene |
1909-1927 |
18 |
Mette-garden.
Halvsøsken, far Johan |
|
Johanne |
1916-1994 |
78 |
Mette-garden |
|
Johan
Bernt |
1917-1961 |
43 |
Mette-garden |
|
Foreldre |
|
Alder |
Bustad |
|
Nils |
1866-1924 |
67 |
Framgard
på Åkre |
|
Anna
Oline |
1871-1911 |
39 |
Frå
Mette-garden på Ulla |
|
Barn |
|
|
|
|
Kanute |
1894-1931 |
36 |
Framgard
Åkre |
|
Vilhelmine |
1897-1908 |
10 |
Framgard
Åkre |
|
Marie |
1900-1902 |
1 |
Framgard
Åkre |
|
Marie
Klara |
1904-1923 |
19 |
Framgard
Åkre |
|
Anna |
1911-1911 |
1 |
Framgard
Åkre |