ULLA



 Ullahammaren 1882

Startside
Presentasjon
Diktsamling
Stadnamn
Fiskebåtar
Ullahammar
Ulla-garden
Ulla-nausta
Vålen
Ulla fyr
Ulla skule
Kulturliv
Næringsliv
Samferdsel
Losar på Ulla
Dialekt


 









Teikneserien: Jo-Elias "kaprar" ei skute





Elias M. Ulla - "Jo-Elias"

var odelsgut i Jo-garden på Ulla. Han var fødd i 1879 og døydde i 1944. Det var Jo-Elias som bygde ny Jo-stove ovanfor bygdevegen der den ligg no. Det var i 1926. Jo-Elias var ungkar til liks med sin yngre bror Jo-Petter. Han var på mange måtar ein særmerkt person på Ulla. Det gjekk mange underlege historier om Jo-Elias på bygda. Teikneserien nedanfor skildrar ei slik histore med nokre av dei særtrekka han hadde; mellom anna å liggje frampå, å kommandere, å få andre til å gjere jobben, å vere heldig, å ordne opp med rikeleg sjølvtillit, ta seg til rette og kome godt ut av situasjonen økonomisk.

    Teikneserien er laga av Johan Bernt Ulla og Per Ulla i fellesskap, truleg i 1930-åra. Den skildrar ein situasjon der Jo-Elias blir med og fører ei svensk sildeskute frå Ulla og til hamn i Ålesund. Det er ei skute som kjem inn Ullasundet, forbi Ångletaska (ei stong utanfor brua) og vidare innom Krogsholmane. Typisk for Jo-Elias var at han kommanderte andre til å ro. Det blir sagt at han alltid sat i bakskuten når dei rodde til Ullaholmen for å mjølke om sommaren. Det blir hevda at historia er sann. I alle fall er det tilfelle at Jo-Elias kjøpte seg ny oljekappe (regnkappe) i Ålesund. Legg også merke til språk og dialekt. Det vanleg brukte halvemålet kjem klart fram. Det vil seie at h-en i byrjinga av ordet fell vekk (an = han), og ord som tek til med vokal, får ein h framom (hutenlans = utanlandsk).


Elias: Va kje de henj båt so fløytte, kva. Tenestetausa: Æg veit ikkje æg farr.
(Elias: Var det ikkje ein båt som fløyta, kva. Tenestetausa: Eg veit ikkje eg farr.)


Elias: Piske de kjøm ikk'er hei skute
(Elias: Jammen kjem det ikkje ei skute hit)


Elias: Vent karra 'er kjøme hei me
(Elias: Vent kara, her kjem eg også)


Elias: Berre rå de så ska hei styre
(Elias: Berre ro de, så skal eg styre)


Elias: O he visst hutenlans skutå kva?
(Elias: Ho er visst utenlandsk skuta, kva?)


Elias: Ka slags båt e de.  Mannskap: Det er en svensk sildeskute som kommer fra Island.  Elias: Å e de de du.
(Elias: Kva slag båt er det?  Mannskap: Det er ei svensk sildeskute som kjem frå Island.  Elias: Å er det det du.)


Mannskap: Ska noen av dere ta jobben å før a te Aalesund?
(Mannskap: Skal nokon av dykk ta jobben med å føre henne til Ålesund?)


Elias: He ska ta jobbinj he ska ta nå
(Elias: Eg skal ta jobben, eg skal ta den)


Elias: He ska ta jobben før 25 kråne 10 øre
(Elias: Eg skal ta jobben for 25 kroner og 10 øre)


Rorskar: Nei, ka du tenkje på Elljass?  Elias: Å, bere ald kjeft dø!
(Rorskar: Nei kva tenkjer du på, Elias.  Elias: Å, berre hald kjeft du!)


Rorskar: Nei, an e tulen an Elljass - ja, de kjøme no an på kur de jenge ditta
(Rorskar: Nei, han er galen han Elias - ja, det kjem an på korleis det går dette.)


Elias: Dø kanj styre nårafør Hångletaskå. Alt ikkje lenger sø.  Styrmann: Hva menar de.
(Elias: Du kan styre nord for Ångletaska. Hald ikkje lenger sør.  Styrmann: Kva meiner du?)


Elias: Detta e Kroksølmanje.  Styrmann: Hvad sigär dokk.
(Elias: Dette er Krogholmane.  Styrmann: Kva seier du?)


Elias: O e go silda. Mannskap: Sålessen da, är mannen gälen?
(Elias: Ho er god silda.  Mannskap: Såleis då, er mannen galen?)


Elias: Dei ska bære lystre order, dei. So ska de nøk gå, de, de
(Elias: Dei skal berre lystre ordre dei, så skal det nok gå bra)


Elias til butikkdama i Ålesund: E de goe huljekappe, kva?
(Elias: Er det gode oljekapper (regnkapper) du har?)


Gå til toppen