Gå til:  Kari-garden.  Sjå meir informasjon om fotografiet nedanfor


1.
Hans Hansson Ulla (1906-1982) frå Negard på Ulla
2.
Peder Hansson Ulla (1895-1952) frå Negard på Ulla. Bror til Hans ovanfor.
3.
Ørsta-dame ukjend
4.
Ørsta-dame ukjend
5.
Ørsta-dame ukjend
6.
Ørsta-dame ukjend
7.
Ørsta-dame ukjend
8.
Karl Martinusson Ulla (1895-1956) frå Jo-garden på Ulla. Bygde seinare hus på Nordstranda på Haramsøy. Bror til Jo-Petter.
9.
Johan Andreasson Sønderland (1895-1960).  Son til Andreas og Regine Sønderland på Vigra.  Regine var eldste søster til bruda.
10.
Iver Gamlem.  Gift med Marie, sjå nedanfor. Iver var fiskeskipper og busett på Gamlem.
11.
Marie Johansdt. Gamlem f. Ulla (1879-  ) frå Kari-garden.
12.
Petter Hansson Ulla (1853-1937).  Gamle Sjur-Petter. Gardbrukar og los.
13.
Sevrin Berntson Haram (1877-1951).  Frå Nystøv-garden på Haram. Bror til Inga Eidskrem.  Søskenbarn til bruda.
14.
Nils Berntson Haram (1879-1944).  Bror til Sevrin ovanfor.
15.
Johan Petterson Ulla (1895-1967).  Frå Sjur-garden på Ulla, son til gamle Sjur-Petter.  Flytta til Ålesund og starta med olje-levering til fiskebåtar under firmanamnet Joh. P. Ulla.
16.
Johan Andreasson Ulla (1875-1910).  Frå Mette-garden på Ulla.  Far til Antonette Ullahammer.
17.
Severin Kristianson Ullahammer (1880-1934).  Los frå Jub-stova i Ullahammaren.  Gift med Laura Ulla, søster til bruda.  Dei bygde seinare Hånes-kyrkja og flytta dit i 1925.
18.
Hans Berntson Haram (1874-1922) frå Nystøv-garden på Haram.  Søskenbarn til bruda.
19.
Johan Herman Løeg (1839-1927).  Kjøkemester i bryllaupet.  Fyrvaktar på Ullahammer fyr.  Tidlegare handelsmann i Ullahammaren.
20.
Ukjend
21.
Sevrin Guttormson Ulla (1857-1935) frå Ingeleiv-garden.  Morbror til bruda.
22.
Ukjend, Strømme.
23.
Petrine Strømme, brudgommen si mor.
24.
Ola Normann Strømme (1878-1961), brudgom.
25.
Jenny Johansdt. Strømme f. Ulla (1888-1968), brud.
26.
Johan Rasmusson Ulla (1848-1928), bruda sin far.
27.
Gustav Vebjørn Johanson Ulla (1881-1959), bror til bruda.  Kalla GV, seinare handelsmann i Ullahammare, gift med Emman f. Hovden.
28.
Laura Johansdt. Ullahammer f. Ulla (1892-1983), søster til bruda.  Seinare gift med Sevrin K. Ullahammer frå Jub-stova i Ullahammaren.  Flytta til Hånes-kyrkja i 1925.
29.
Klara Johansdt. Ratvik f. Ulla (1895-1952), søster til bruda.  Seinare gift med Hans Ratvik og busett i Ratvika i Ålesund.
30.
Kristi Karlsdt. Aakre f. Ulla (1882-1959), søskenbarn til bruda.  Frå Lars-garden på Ulla.  Seinare gift med Elias R. Aakre i Elling-garden på Åkre.
31.
Emma Ulla f. Hovden (1889-1990).  Frå Ørsta,  gift med Gustav V. Ulla i 1918.  Busett i Kari-stova i Ullahammaren.
32.
Petra Knutsdt. Ulla f. Aakre (1886-1942) frå Knut-garden på Åkre.  Ho var søster til Karl Knutson Åkre, los i Ullahammaren.  Petra vart gift med Johan  Johanson Ulla, som var bror til bruda.  Petra og Johan var busette i Sarpsborg.
33.
Marie Guttormsdt. Longva f. Ulla (1850-1923), tante til bruda. Ho var frå Ingeleiv-garden på Ulla, og gift med Gunder Longva og busett i Gunna-garden på Longva.
34.
Kristian Andreasson Sønderland (1899-1930).  Son til Andreas og Regine Sønderland på Vigra.  Regine var eldste søster til bruda.
35.
Frida Andreasdt. Rørvik f. Sønderland (1897-  ).  Ho var søster til Kristian. Sjå ovanfor.
36.
Ole Vatne (1883-1969), svoger til bruda.  Han var gift med Berte Johansdt. Vatne, f. Ulla.  Dei budde i Bud i Romsdal.
37.
Berte Johansdt. Vatne f. Ulla (1886-1946).  Søster til bruda.  Gift med Ole Vatne frå Vatne, sjå ovanfor.
38.
Filipine (Pia) Olsdt. Vatne (1907-1975).  Datter til Ole og Berte Vatne.
39.
Regine Sønderland f. Ulla (1874-1926), søster til bruda. Gift med Andreas Sønderland (1864-1921). Dei budde på Vigra. Andreas var lærar.  Andreas og Regine var besteforeldra til skodespelar Per Sønderland som er gift med Lise Fjeldstad.
40.
Nils Johanson Ulla (1875-1959), bror til bruda.  Han tok over Kari-garden.
41.
Josefine Pedersdt. Ulla (1877-1963), frå Negard på Ulla. Gift med Nils J. Ulla ovanfor.
42.
Petra Pettersdt. Ulla (1900-1989) frå Sjur-garden på Ulla. Seinare gift med Peder H. Ulla i Negard.
43.
Helga Hansdt. Ulla (1900-1968) frå Negard.  Seinare gift med Petter A. Tomren.  Busette seg i nytt hus innom Håneset.
44.
Anna Filipsdt. Mikkelsen f. Svendsen (1901-1970) frå Gamle Svendsen i Ullahammaren.  Seinare gift med  Emanuel Mikkelsen. Dei budde i Bergen.
45.
Fridthjof  Nilsson Ulla (1900-1961).  Ungkar, son til Nils og Josefine Ulla i Kari-garden.  Han tok over Kari-garden, og var siste brukar der.
46.
Vilhelmine Johansdt. Ulla (1905-1923), eldste datter til Johan A. Ulla i Mette-garden.
47.
Antonette Johansdt. Ulla (1907-1998), søster til Vilhelmine ovanfor.
48.
Ukjend
49.
E. M. Torgersen (1858- ), fyrvaktar på Ulla fyr.  Han var frå Bergen.
50.
Elias Hansson Flem (1871-  ), frå Remma på Flem.  Gift med Hansine f. Verpeide.  Dei budde i Elias-stova i Ullahammaren. Han var fiskar.
51.
Elida Mathiasdt. Ulla f. Langseth (1904-1997). Fosterdotter til Elias og Hansine.  Elias var eigentleg onkel til Elida.  Mor til Elida heitte Lina og var søster til Elias frå Remma på Flem.  Ho var fødd i Vestrefjorden. Faren heitte Matias Langseth.
52.
Hansine Flem f. Verpeide (1871-1931) frå Davik i Nordfjord.  Søster til Edvard Verpeide i Ingebrigt-stova i Ullahammaren.
53.
Elisa Torgersen (1894-  ) datter til fyrmester E. M. Torgersen på Ulla fyr.
54.
Gina Torgersen (1865-  )  kona til fyrvaktar E. M. Torgersen.
55.
Karoline Barstad f. Farstad (1885-1985).  Gift med Bernt Barstad og busett i Ola-stova i Ullahammaren.
56.
Inga Berntsdt. Eidskrem f. Haram (1893-1977), søskenbarn til bruda frå Nystøv-garden på Haram.  Mor til Inga heitte Ingeborg og var søster til Johan R. Ulla i Kari-garden.  Inga vart gift med Ivar S. Eidskrem frå Julsundet i Romsdal.
57.
Tea Kristofferdt. Welde f. Ullahammer (1889-1986) datter til Kristoffer Longva i Gamlestova i Ullahammaren.  Tea flytta til Amerika og var gift med Welde frå Rogaland.  Dei budde i USA.
58.
Helga Olsdt. Ullahammer (1892-1965). Krogs-Helga.  Søster til Ole Ullahammar.  Budde i Gamlestova og seinare i Hytta i Ullahammaren.  Ho var telefondame og sydame.  Ugift.
59.
Marie Sevrinsdt. Aakre f. Ulla (1884-1926) frå Ingeleiv-garden på Ulla.  Gift med Hans P. Aakre i Eirik-garden på Åkre. Søskenbarn til bruda.
60.
Anna Andreasdt. Aakre f. Ulla (1871-1911) frå Mette-garden på Ulla.  Gift med lensmann Nils Aakre i Framgard på Åkre.
61.
Petrine Andreasdt. Haram f. Ulla (1885-1915) søster til Anna ovanfor.  Petrine vart gift med Bernt P. Haram i Petter-garden på Haram.
62.
Berte Andreasdt. Ulla (1878-1939) søster til Anna og Petrine ovanfor. Ugift.  Bygde Hytta i Ullahammaren og budde der til ho døydde.
63.
Petrine Karlsdt. Ulla (1885-1974), søskenbarn til bruda.  Frå Lars-garden på Ulla. Gift med Hans P. Ulla i Sjur-garden.
64.
Karl Hatlehol (1876-  ) frå Vatne.  Tenestegut i Mette-garden på Ulla.
65.
Ingeborg Grøthaug, husholderske i Kari fordi kona til Johan R. Ulla døydde så tidleg.
66.
Petter Martinusson Ulla (1884-1968) frå Jo-garden på Ulla. Ugift fiskar i Ullahammaren.
67.
Hans Petterson Ulla (1883-1967) frå Sjur-garden på Ulla.  Gift med Petrine K. Ulla frå Lars-garden på Ulla.
68.
Ukjend, Strømme
69.
Ukjend
70.
Nils Andersson Ulla (1833-1916) i Kari-garden på Ulla. Eigentleg frå Mette-garden på Ulla. Gift med enkje Berte H. Ulla i Kari-garden på sine eldre dagar.
71.
Mathias Hovden
72.
Andreas Hovden
73.
Andreas Martinusson Ulla (1892-  ) frå Jo-garden på Ulla.
74.
Gustav Sevrinson Ulla (1882-1958) frå Ingeleiv-garden på Ulla.  Seinare gift i Mette-garden på Ulla. Søskenbarn til bruda.
75.
Bernt Sevrinson Ulla (1885-1909) bror til Gustav ovanfor.  Søskenbarn til bruda.
76.
Karl Karlson Ulla (1887-1944) frå Lars-garden på Ulla. Søskenbarn til bruda.
77.
Bernt Barstad (1874-1925) gift med Karoline Barstad, budde i Ola-stova i Ullahammaren.
78.
Elias Martinusson Ulla (1879-1944) ugift gardbrukar i Jo-garden på Ulla.