Her er eit fotografi av
tollrorskar Severin Johan Andreasson
Løeg (1842-1902). Han var fødd på
Valderøya og var bror til den kjende handelsmannen og
fyrvaktaren Johan Herman Andreasson Løeg (1839-1927) som budde
store delar av livet i Ullahammaren. Dei var av ei kjend
handelsslekt som opphavleg stamma frå Østfold, men
forfedrane deira slo seg ned på Valderøya i eit hus i
nærleiken av det gamle ferjeleiet på øya.
Johan Herman Løeg kom
til Ullahammaren og starta med handel
saman med Webjørn Svendsen om lag 1860. Dei budde i
Gamlestova og hadde gode tider i den perioden fiskeriet var på
det beste i området utanfor Ulla. Då var Ullahammaren
eit viktig sentrum for levering av fisk og handel med fisk og
daglegvarer. Mot slutten av århundret gjekk det til atters
med handelen, og Johan Herman Løeg fekk seg stilling som
fyrvaktar ved Ullahammer fyr inne i Vålen. Han budde i det
vesle fyrhuset som vart kalla Løeg-fyret eller fyret hans
Løeg.
I den tida Johan Herman Løeg budde på Ulla, fekk han ofte besøk av broren sin. Det måtte vere på eit slikt besøk at Severin laga denne teikninga av Ullahammaren. Det er truleg gjort om lag i 1880. Teikninga er uvanleg nøyaktig og detaljert laga. Den er derfor brukt som grunnlag for den modellen av Ullahammaren som Per Ulla laga i 1975. Hatlehols trykkeri laga ein kopi av teikninga. Den finst i dei fleste hus på Ulla. Originalen er ikkje å oppdrive nokon stad, men kopien er av bra kvalitet. |