ULLA
Haramsøy - heimbygd kjær, gamle gilde heimegrender, bygde opp av trugne hender, millom holmar, fall og skjer. Her dei levde våre fedrer, mot det ytste opne hav, etter gamle, gode seder dei oss gav. |
Havsens brus er ditt kvad, denne song som aldri tagnar, men som trutt di fortid fagnar, millom båar, berg og svad. Eg kan aldri, aldri gløyma denne tonen djup og varm. Alltid høyrer eg han strøyma frå din barm. |
Haramsøy - gjev du må i di framtid framgong vinna, so me alltid kan deg finna slik me helst deg vilde sjå. Gjev at alltid fast du standa på din post mot storm og hav, til eit vern om fedrelandet Gud oss gav. |
Johan Bernt Ulla Dette er fotografi av
far min, teke i 1947. Han har laga teksten til
Haramsøy-songen, som er rekna som "nasjonalsongen" for
Haramsøya. Det har i alle år vore ein tradisjon at
Haramsøy-songen er på programmet på 17. mai-festen på
samfunnshuset på Haramsøy. Songen er også med på
kunst og musikk prosjektet "Songen vår" for Haram
kommune frå 2000. Der er den i ei ny utgåve med
arrangement av Olga Aksnes og Arvid Steen.
|